Nordlys styrke sterkt på Stord

Februar avslutta med ein eksplosjon av nordlys tre kveldar på rad. Eg gjekk såvidt glipp av det sterkaste nordlyset på søndagen, men fekk ei god økt mandagskvelden. Vi stilte oss opp på ein ny lokasjon på Rommetveit. Der fekk vi ein bonus ved at nordlyset spegla seg i Langenuen. Det var og veldig flott og spesielt å sjå korleis nordlyset blafra kraftig rett over hovuda våre. Det er det mange år sidan eg har opplevd på Vestlandet.

Fototeknisk brukte eg Olympus/OM System OM-1 og 8-25mm f/4 Pro. Valgte dette objektivet pga den ekstra vidvinkelen det gir. Ulempen er at det er relativt lyssvakt med største blendar 4. Prøvde likevel å kompensere med å gå opp i ISO, og varierte denne mellom 3200 og 5000. Opptakslengde mellom 5 og 15 sekund.

Ifølgje meteorologane kan det ventas meir nordlysaktivitet i perioden foran oss, så det er berre å følgje med på nordlysappen og nattehimmelen.

Forrige
Forrige

Havørn i februar II

Neste
Neste

Havørn i februar