Havørn i februar

Denne søndagen i februar var det meldt roleg sjø med 2-4 m/s frå sørvest. Bra forhold for å ta ut båten til ny havørnsafari med andre ord. Eit par småbyger på morgonen, overskya og såvidt ein solglytt. Det vart ein fin firetimarstur der det eine havørnparet ganske raskt viste seg nokre minutt etter at vi la oss til ro for å fiske. Veldig kjekt å sjå at det verkar som dei kjenner igjen båten, og plasserer seg synleg i næraste furutopp for å vise at dei er klar. Da var det berre å få opp fisk, noko som har vist seg denne vinteren ikkje alltid å vere så enkelt. Med stigande flo og sønnavind var det fisk å sjå på ekkoloddet, men utan at det beit så voldsomt mykje. Det landa likevel 7-8 stk i fiskebaljen, og havørnparet var sikra fulle magar denne dagen. Ein litt større taretorsk gjekk dei ikkje for, kan vere den sokk for fort for dei.

Nedanfor er eit utval foto frå denne turen, alle tatt med Olympus OM-1 og 300mm f/4 Pro. OM-1`en leverte nok ein gong med god treffprosent på autofokusen i kombinasjon med fuglegjenkjenning.

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro - 1/2000s, f/4, ISO 3200

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro - 1/2500s, f/4, ISO 3200

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro - 1/2000s, f/4, ISO 2500

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro - 1/2500s, f/4, ISO 3200

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro - 1/2500s, f/4, ISO 3200

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro - 1/2500s, f/4, ISO 3200

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro - 1/2500s, f/4, ISO 3200

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro - 1/2000s, f/4, ISO 4000

Forrige
Forrige

Nordlys styrke sterkt på Stord

Neste
Neste

Nordlyset er tilbake!