Åtte paler og to kast

Det vart ein liten ettermiddagstur på sjøen siste søndagen i juni, kanskje den siste med 23-24 grader på ei stund. På ein ny fiskeplass fekk vi, kona og eg, opp åtte paler og to lyr (ein altfor stor!). Vår tidlegare velvillige havørn kom igjen som skutt ut av skogen på første kast. Igjen var det umogeleg å sjå den før den lettar på vengene. Den kom i full fart, sidan eit par måser prøvde seg på palen som låg og duppa i sommarsola. Den kom og henta på eitt kast til, men denne gongen til seg sjølv. Det tok såpass lang tid at det vart retur til hamn og nedfrysting av seks paler til neste tur. Det er greitt å ha noko på lager og.

Alle foto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4. Trykk på foto for å forstørre.

Forrige
Forrige

Ny havørn på fotobrikka

Neste
Neste

Rekelunsj og havørn