Ny havørn på fotobrikka

Første søndag i juli vart nok ein fin sommardag, og dagen eg fekk kontakt med ei ny havørn. Har sett etter den ein gong før, da dukka den opp utan at det vart tid til å hive ut fisk før den forsvant ut av syne. Denne gongen låg vi og fiska i nærleiken av der vi hadde tru på at den heldt til. Stor var difor gleda da den viste seg og sette seg på ei furugrein med tydeleg interesse for å hente fisk. Eg hadde fleire tinte paler i fiskekassen, pluss ein nesten tint litt større lyr. Til mi store overrasking sokk dei to første palene, og havørna viste inga teikn på å sjekke om det var mogleg å få tak i den. Lyren sjekka vi med håven om flaut før vi heiv den ut. Det gjorde den, og havørna heiv seg på vengene med ein gong lyren traff overflata. Den kom for nære for 300mm, men fekk likevel nokre brukbare bilete. Dei tre første bileta nedanfor er frå denne økta. Den frakta lyren til eit svaberg like ved, åt litt, før den fauk til det som sannsynlegvis er leirplassen. Sidan viste den seg ikkje, sjølv om vi låg lenge og fiska opp fleire paler like ved. Desse palene kom neste havørnpar tilgode, og her var det god aktivitet frå første stund. Ca fem kast vart resultatet før vi sette kursen heim att, etter fem timar oppbyggande havørnekspedisjon.

Alle foto Olympus OM-1. 300mm f/4 Pro på dei tre første bileta. 40-150mm f/2,8 + MC-14 på resten.

Klikk på foto for å forstørre.

Ha ein god sommar!

Ny havørn seglar inn mot ein større lyr.

Ny havørn seglar inn mot ein større lyr.

Ny havørn med ein større lyr tilbake til reiret.

Forrige
Forrige

Havørnmøte 18. juli - ein fisk og så venting

Neste
Neste

Åtte paler og to kast