Havørnmøte 18. juli - ein fisk og så venting

Det er veke to i sommarferien. På veg til hytta med båten svinga eg innom eitt av havørnpara. Fekk opp eit par større lyr, noko denne havørna nok fekk med seg på god avstand. Den sat i furutoppen og venta da båten nærma seg. Denne gongen letta ørna idet eg løfta opp den første lyren, altså lenge før eg kasta den. Det kom litt brått på, og difor låg den litt over båten før eg var klar til å kaste ut lyren. Det første bildet viser at ho ser rett ned i båten og ventar på at fisken skal kastast.

Ørna returnerte raskt etter å ha avlevert den første lyren i reiret. Eg heiv så uti ein litt større lyr, i grenseland for stor for ei ørn. Den letta igjen, men snudde tilbake til land utan fisk. Av ein eller annan grunn sokk denne lyren før ørna rakk å hente den opp. Eg var da tom for fisk, og med fjørande sjø vart det lite fiskelykke vidare. Eg fiske nært land, og ørna følgde etter båten. Den lar seg ikkje forstyrre så lett, så det vart eit fint høve for å fotografere den i eit landleg landskap og.

Alle foto med Olympus OM-1. m.Zuiko 40-150mm f/2,8 av fluktbileta på sjø, 300mm f/4 av ørna på land.

Klikk på foto for å forstørre. Kommenter gjerne bloggen!

Blikket rett imot, ventar på at fisken skal kastast.

Stålkontroll, som vanleg.

Sat lenge og venta på meir fisk.

Ka` glor du på?

Flyttar seg litt lenger opp i landskapet. Klarte å følgje den med kameraet. Kjekt med litt andre typar havørnfoto.

Forrige
Forrige

Havørnmøte 24. juli - fem kast

Neste
Neste

Ny havørn på fotobrikka