Havørnmøte 24. juli - fem kast

Det er sommartid og ferietid, men likevel er det tid til å svinge innom eit havørnpar og sjekke om dei framleis vil ha servert fisk. Det gjorde havørna denne ettermiddagen og. Vi fekk til fem kast, og kunne sikkert kasta fleire om vi hadde fått fiska opp meir undervegs. Det lukkast ikkje, men det vart no nokre publiseringsverdige bilete frå denne turen og.

Det blir gjerne dei same type foto på desse havørnturane med båten. Havørna har stort sett same innflygingsprosedyre, så ein del av den fotografiske utfordringa er å finne nye motivariantar. Det klaffa denne gongen, ved at eg fekk tatt nokre bra bilete av havørna medan den et av fisken.

Åtferda til havørna er mykje den same, men det er likevel ikkje likt kvar gong. Kjem den på dette kastet? Kvifor plukker den ikkje opp den fine lyren? Kjem den tilbake for å hente neste fisk? Denne gongen vart ørna verande i reiret, som er nett ute av synet frå sjøen. Eg har gjort det til ein vane å kauke høgt rett før eg kastar fisken, for i tilfelle å venne den til at den lyden tyder at fisk blir kasta. Tidlegare har eg kauka høgt utan å kaste fisk, for å sjå om ørna viser seg. Det har ikkje vore ein suksess, før denne turen. Med ein fisk att i kassen, tok det lang tid før ørna kom tilbake. Denne ørna brukar å kome ganske så kjapt tilbake. Eg kauka difor høgt, og jammen kom ørna fykande. Veldig artig!

Alle foto: Olympus OM-1, m.Zuiko 40-150mm f/2,8 Pro (bilete i flukt), m.Zuiko 300mm f/4 Pro (ørna på land).

Forrige
Forrige

Rådyr på bakkane

Neste
Neste

Havørnmøte 18. juli - ein fisk og så venting