Havørn 5. august 2023 (forsinka post)

Her kjem ein forsinka blogg frå ein tur eg hadde 5. august i 2023. I skrivande stund er det 26. april 2024, og eg oppdaga nyleg at denne turen har gått i gløymeboka. Det er difor ikkje så mange detaljar å hugse lenger, men dette var i alle fall på båtturen på veg heim etter sommarferien. Da la eg turen innom eit av havørnpara, og fekk med meg god fotofangst denne laurdagen i august. Det var og denne dagen eg skimta vengene til havørnungen på bakken, innimellom trea eit stykke opp frå strandlinja. Det ga difor motivasjon til å kome tilbake neste dag, som du kan lese om i denne bloggen.

Alle foto med Olympus OM-1 og m.Zuiko 300mm f/4 Pro. Takk for at du stakk innom og kommenter gjerne nedanfor.

Klikk på foto for å forstørre.

Forrige
Forrige

Rådyr på bakkane

Neste
Neste

Havørnmøte 24. juli - fem kast