Rådyr på bakkane

På Bjoa vandrar det både hjort og rådyr. I sommar var det ei geit og to killingar, samt ein bukk, som held seg på bakkane rett ovafor hytta. Eg kunne difor sitje fleire kveldar i skjul bak eit vindu i ei løe med god oversikt der rådyra beita på kveldstid. Geita var såpass vant med folk at ho gjerne beita openlyst midt på dagen.

Dei første par kveldane var eg på plass etter at sola forsvann frå bakkane, noko som gjorde at eg måtte opp i ISO 12800 på det høgaste. Det har eg ikkje gjort før med mitt Olympus-utstyr, men med den nye sensoren i OM-1 var ikkje dette noko problem. Eg brukte 300mm med telekonverter 1,4 og blendar 6,3 på dei fleste bildene. I fullformat utgjer dette 840mm og ga svært god rekkevidde. Sjå elles exif-data under kvart bilde nedanfor.

Den første kvelden dukka det og opp ein sekstagga bukk. Den var tydelegvis i brunst, og jaga etter geita utan hell. Det gjentok seg to gonger seinare. Bukken vart skoten i jakta tre veker seinare. Kanskje rakk den å få nokre fleire etterkommarar etter seg før skotet falt?

Ved å følgje rådyra over fleire kveldar, så var det eit tydeleg mønster for kor geita gjekk. Ho beita sakte over bakkane i retning av utkanten i nord der ho åt dessert av buskane med villbringebær. Ein liten snack på kvelden før ho jumpa vidare mellom trea og ut av synet.

Geita hadde med seg to killingar. Dei viste seg innimellom, og ein kvelden låg den eine uforstyrra ganske nære vegen. Begge to var ute på bakkane ein annan kveld, og la seg etter kvart ned, heilt umogleg å sjå dei att i det høge graset. Graset vart slått nokre dagar seinare. Håper det gjekk bra med dei.

Nedanfor er nokre utvalde foto frå fire fine kveldar med rådyra.

Alle foto Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro + med og utan MC-14 telekonverter.

Første kvelden, 19. juli. Regntung dag med vått gras og våte rådyr.

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro + MC-14. 1/125s, f/6,3, ISO 12800

Første kvelden, 19. juli. Litt lang lukkertid med rådyr i fart ga ei litt anna stemning.

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro + MC-14. 1/160 s, f/6,3, ISO 12800

Første kvelden, 19. juli. Regntung dag med vått gras og våte rådyr. Denne sekstagga bukken fall i jakta tre veker seinare.

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro + MC-14. 1/125s, f/5,6, ISO 12800

Andre kvelden, 23. juli. Geita vart skremt av noko i bilvegen, og forsvann gjennom opninga på andre sida av jordet.

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro + MC-14. 1/500s, f/6,3, ISO 12800

Tredje kvelden, 26. juli. Den eine killingen la seg ned ikkje langt frå vegen, men ein fotograf som lurte seg fram rundt hjørnet på garasjen.

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro. 1/500s, f/4, ISO 4000

Tredje kvelden, 26. juli. Geita er på veg til bringebærdesserten i skogkanten.

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro. 1/320s, f/4, ISO 8000

Tredje kvelden, 26. juli. Geita er på veg til bringebærdesserten i skogkanten, og lurer på om det er ein fotograf som følgjer med på ho.

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro. 1/400, f/4,5, ISO 8000

Fjerde kvelden, 31. juli. Geita i lag med killingane sine. Dei la seg seinare ned i graset og ute av synet.

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro + MC-14. 1/400s, f/8, ISO 1250

Fjerde kvelden, 31. juli. Geita med god kveldsmat i kveldssola.

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro + MC-14. 1/500s, f/6,3, ISO 640

Fjerde kvelden, 31. juli. Geita i kveldssola.

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro + MC-14. 1/400s, f/6,3, ISO 640

Fjerde kvelden, 31. juli. Geita i kveldssola.

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro + MC-14. 1/320s, f/6,3, ISO 640

Fjerde kvelden, 31. juli. Geita i kveldssola.

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro + MC-14. 1/400s, f/6,3, ISO 640

Fjerde kvelden, 31. juli. Geita i kveldslys.

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro + MC-14. 1/320s, f/6,3, ISO 800

Fjerde kvelden, 31. juli. Geita med kveldsstell av pelsen.

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro + MC-14. 1/400s, f/6,3, ISO 1250

Fjerde kvelden, 31. juli. Geita i kveldslys på veg til bringebærbuskane.

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro + MC-14. 1/640s, f/6,3, ISO 640

Fjerde kvelden, 31. juli. Geita med dagens kveldsdessert.

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro + MC-14. 1/320s, f/6,3, ISO 1250

Fjerde kvelden, 31. juli. Geita med dagens kveldsdessert.

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro + MC-14. 1/250s, f/6,3, ISO 1600

Forrige
Forrige

Havørnunge og makrell 6. august

Neste
Neste

Havørnmøte 24. juli - fem kast