Havørnunge og makrell 6. august

Det vart eit par turar til havørnene i august og. Her er bildereportasjen frå turen 6. august. Det vart nok ein fototur med ny vri, dvs fekk eit nærmøte med ungen som vi har mata med fisk tidlegare i sommar. Kjekt å få sjå at ungen har vakse til og er klar for å kome vidare i livet.

Makrellen er komen, og i havørnsamanheng er den mest ein sann plage. Utan svømmeblære søkk makrellen før nokon fugl klarer å få tak i den. Løysinga vart å hive den på land, eit godt tips frå fotokollega Magne Langåker, som var med i båten denne turen. Makrell på land fall i god smak hos ørnene, og vi fekk fleire gode fotosituasjonar med henting av makrell på svaberget og mating av ungen.

Alle foto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4

Følgjer med på ungen.

Litt fjørpuss.

Følgjer godt med på oss.

Plukker opp makrellen vi heiv på land.

Første gang eg ser ei havørn flyg med fisk i nebbet.

Matservering til ungen, som skrik høge matlydar.

Overlevering av makrellen.

Litt blod på nebbet frå makrellen, har nok tatt seg ein smakebit før ungen fekk resten.

Først innmaten…

…så resten av makrellen!

Og så skal det ut igjen…

Litt vingetesting på land.

Prøv å telje alle fjøra!

Inn for landing i furutoppen.

Må nesten ha med eit hente-opp-fisken-bilde.

Forrige
Forrige

Havørnunge II

Neste
Neste

Rådyr på bakkane