Havørnunge II

På den andre havørnturen i august var vi innom eit par reir, og fekk god fotofangst på begge plassane. Ved det første reiret vart det “berre” eit kast, sjå dei to første bildene nedanfor. Ved det andre reiret vart det eit lengre treff som inkluderte ein havørnunge. Makrellen er like “plagsom”, men teknikken med å kaste makrell på land fungerte utmerka her. Ungen var under observasjon av begge foreldra. Så ivrig var den eine forelderen, sannsynleg faren, at han kom sporenstreks straks makrellen landa i fjøresteinane. Da var båten framleis berre nokre meter frå land, utan sjanse for å fange ørna med teleoptikken. Likevel ei ny og artig oppleving av eit åtferdsmønster vi ikkje har sett før.

Vi låg ein god stund ved desse tre havørnene, og fekk etterkvart ei positiv kjensle av at vi spelte på lag med foreldra i opplæringa av havørnungen til å fange fisk i sjøen. Vi fekk etter kvart annan fisk enn makrell, og heiv denne uti, godt synleg for dei vaksne og havørnungen. Dei vaksne gjorde inga teikn til å hente opp fisk, og vår tolking er at dei venta på at ungen skulle gjere eit forsøk. Den eine forelderen gjorde og ei slags overflyging utan å hente makrellen på land, litt seinare kom ungen og forsynte seg av den.

Havørnungen lagar mykje lyd, les skriking, når den vil ha mat. Den gjekk og nesten til angrep på foreldra når dei var i nærleiken.

På tampen vart ein relativt stor lyr henta opp og levert til ungen. Denne åt store stykke av fersk lyr, før den hoppa opp på ei grein nær bakken og renska/vaska nebbet sitt mot greina. Igjen fint å sjå og lære om korleis desse flotte fuglane lever og opptrer i naturen med sine gjeremål.

Alle foto: Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 PRO

Ein elegant og effektiv fiskar.

Ein av foreldra som landar ganske nært oss.

Tar av med makrell i sikte.

Tar av med makrell i sikte.

Vingespennet til havørna er imponerande.

Havørnungen i låg glideflukt over sjøen.

Ungen under landing, fascinerande mange fjør på denne fuglen.

Her var det berre å kome seg vekk frå ein masande og innpåsliten unge.

Etter ei god stund kom hoa og henta ein større lyr og serverte denne til ungen.

Her gjekk det ned store stykke av lyren.

Etter fleire fiskemåltid med makrell og lyr, var det tid for å rense nebbet mot greina.

Miljøfoto av ein fornøgd og ganske så mett havørnunge.

Forrige
Forrige

Perlemorskyer

Neste
Neste

Havørnunge og makrell 6. august