Perlemorskyer

I slutten av desember viste perlemorskyer seg ved to høve. Første gongen var torsdag 21. desember. Da var eg på ei ferje mellom Arsvågen og Mortavika, på veg til Stavanger, og oppdaga etter kvart det eg meinte kunne vere perlemorskyer. På turen hadde eg berre mobiltelefonen med meg, så fekk ikkje optimale opptak. Likevel ei fin oppleving på veg sørover.

Neste gong var morgonen første juledag. Da dukka brått perlemorskyer opp innimellom andre meir gråaktige skyar. Eg fekk tatt fleire bilete frå huset og nabolaget. I tillegg køyrde eg ned på Kjøtteinen (Akerhus) og fekk eit større landskapsrom med fjord og fjell mellom sveiolandet og Borgundøy. Her fekk eg og med soloppgangen i lag med perlemorskyene. Igjen ei fin oppleving.

Kva er så perlemorskyer? Det kan du lese om på Wikipedia, blant anna at dei blir danna under -78 grader Celcius, 25-30 000 meter høgt opp i stratosfæren. Så reflekterer solstrålene seg i iskrystallane, mykje likt som med regnbogen.

Alle foto med Olympus OM-1 og m.Zuiko 12-100mm f/4 PRO, handhaldt.

Forrige
Forrige

Beste foto 2023

Neste
Neste

Havørnunge II