Beste foto 2023

Det er første nyttårsdag og tid for å sjå tilbake på fotoåret 2023. Det gjer eg med 12 utvalde foto, som på ulike måtar uthevar seg for meg. Kvar for seg er dei ein inngangsportal til unike opplevingar på land og til sjøs.

Nesten alle 12 foto er allereie publisert på fotobloggen min. Sånn sett er denne nyttårsbloggen eit utdrag av dei fotoeksemplara eg meiner fortener å trekkast fram ein gang til med ein ekstra kommentar knytt til kvart bilete. Bileta viser og eit tverrsnitt av det eg som naturfotograf har fått vore med på. Bilete blir presentert i rekkefølgje etter dato.

Godt nyttår og velkomen 2024! Måtte det bli eit fruktbart og givande fotoår!

Foto nr 1 - Vinterlandskap i Trysil

Første helga i januar var vi på familietur til Trysil. I godt vintervèr med snø og kulde fekk eg ein ettermiddag med berre kameraet og eg. Fann til slutt eit myrområde innhulla i tåke og minus 15 grader. Det var ideelt for å fange nokre vinterlandskapsfoto. Slike vèrforhold er ikkje vanlege på Stord, og det var ein lykkeleg fotograf som returnerte til vår leigde leiligheit i Trysilfjellet.

Fotoblogg her.


Foto nr 2 - Siggjo i snø og tåke

Litt seinare i januar, nærare bestemt den 19., vart snøkledde Siggjo innhylla i tåke, der berre toppen og masta viste att. Dette er eit kortreist foto frå hagen, der opptaket er gjort med 40-150mm, i tillegg til utsnitt. Fint å få eit vintermotiv her vestpå og.


Foto nr 3 - Havørn i februarlys

Havørn har vore hovudmenyen på fotofatet i 2023, som i 2022. Det syner og att på utvalet av denne fotokavalkaden. Dette biletet er tatt i halv ellevetida, med låg februarsol som skin gjennom ytterste del av vengene, samt lyser opp delar av nebbet. Ørna har ein fin kontrast til den snøkledde fjellsida i bakgrunnen. Det handlar om å fange lyset, i tillegg til havørna.


Foto nr 4 - Nordlys styrke sterk

Eit par dagar etter havørna ovafor, kom nordlyset til Stord og Vestlandet. 27. februar smalt det i fantastiske fargar på nattehimmelen, så sterk som eg ikkje kan hugse sidan gutedagane. Det var veldig kjekt og stimulerande å oppleve nordlyset på den måten igjen. Stadig like misunneleg på nordlendingane som har dette meir eller mindre som normalt gjennom vinteren.

Fotoblogg her.


Foto nr 5 - Svartbaken nappar fjøra av havørna

31. mars var eg med båten på veg til hytta på Bjoa på påskeferie, og la turen innom eit havørnreir på vegen. Ut av ei låg ettermiddagsol kom brått ein svartbak etter havørna og bora nebbet godt ned i ryggpartiet. I neste bilde har svartbaken dratt ei lang fjør ut av fjørdrakta til havørna. Eg såg ikkje før landgang kva eg hadde fått bilde av, og kjem neppe til å få denne serien igjen.

Fotoblogg her.


Foto nr 6 - Havørn rett imot

Med tusenvis av havørnfoto er det vanskeleg å få tatt noko som skil seg ut. Når vi hiv ut fisk prøver vi å berekne vindretninga slik at vi til ein viss grad kan styre kva for retning havørna kjem frå. Eit av fotomåla i år har vore å få eit bilete av ørna rett imot. Det lukkast ganske bra her, der havørna er posisjonert mot den opne sjøflata i bakgrunnen. Ideelt sett skulle ho sett rett mot kamera, men da har eg noko å strekke meg etter i 2024 og!


Foto nr 7 - Den grasiøse fiskaren

Dette er kansje det beste havørnbildet eg har tatt så langt. Datoen er 4. juni, litt sein føremiddag og med grønrik algesjø. Bildet er eit utsnitt, da havørna akkurat klarte å kome innafor bilderuta nede i høgre hjørne. Eg la ut dette på facebook-gruppa “Birds of Prey” med over 300.000 medlemar. Det endte til slutt med 4.800 likerklikk og 761 delingar. Innlegget finn du her med mange hyggelege kommentarar.

Fotoblogg her.


Foto nr 8 - Havørnfisking i motlys

Tilfeldigvis er dette bildet tatt same dag som foto nr 7. Det er tatt seinare på ettermiddagen ved eit anna reir som vi er innom nokså regelmessig. Motlysbilete er alltid vanskeleg, men veldig givande når det klaffar med lys og motiv. Det synes eg fungerte bra i dette tilfellet. Så vart det og eit bildesalg av nett dette motivet.


Foto nr 9 - Rådyrsnacks i bringebærbuskane

I sommarferien på hytta gjekk det ei rådyrgeit med to kje på bakkane like ved. Eg sat fleire kveldar på post, og fekk fleire fine opplevingar med denne fine rådyrfamilien. Bukken stakk og innom og prøvde seg på geita, men vart avvist. Dessverre for bukken heng hodeskallen og geviret no på veggen til nabohytta.

Fotoblogg her.


Foto nr 10 - Blikket

5. august var eg igjen innom havørnparet eg fekk kontakt med første gang i slutten av mai. Som nemnt over er det eit mål å få litt variasjon i havørnfotograferinga. Under landing viser havørna ekstremt gode balanseeigenskapar, samstundes som ho får fram kor dominant ho kan framstå som. Her er det blikket som gjer bildet, i lag med vengene som er i ferd med å samlast etter landing. Eit imponerande skue.


Foto nr 11 - Havørnungen

I 2023 fekk vi nærkontakt med to havørnungar ved to ulike reir. Å studere desse i lag med foreldra var eit skue og ei oppleving verdt kvar båttur. Her har denne ungen nett fått servert ein makrell (som vi hiv på land så den ikkje søkk), og Olympus`en med 25 b/s klarte å få med når makrellen er på veg ned i svelget. Flotte desse havørnungane, men for eit tøft liv dei står foran. Håper dei overlever det første året, og så dei neste.

Fotoblogg her.


Foto nr 12 - Perlemorskyar i desember

Til slutt passar det bra med ein landskapsbilde med fokus på himmelen og perlemorskyene som viste seg rett før jul og første juledag. Eit fantastisk fascinerande skue er desse skyene, og fint at dei kunne runde av 2023 på slikt vis. Det har vore relativt lite fotofokus på landskapsbilete i 2023, men det kan kome fort tilbake i 2024.

Fotoblogg her.

Forrige
Forrige

Storskarv og gråhegre i Sævarhagsvikjo

Neste
Neste

Perlemorskyer