Storskarv og gråhegre i Sævarhagsvikjo

Tidleg i februar gjekk årets første fotoluftetur til Sævarhagsvikjo. Eg satte meg på ein av dei faste utkikkspostane ein god times tid for å sjå om noko skjedde i lufta foran meg. Det er enno for tidleg for trekkfuglane, så forventningane var kopla til stamgjester som storskarv og gråhegre. Det er mange steinar i Sævarhagsvikjo som skarv og hegre liker å kvile seg på. Den største steinen har eg rett i mot frå dagens observasjonspost. Der sat det tre storskarvar da eg satte meg ned, men som etter ei lita stund letta og forsvant. Av erfaring kjem dei ofte tilbake etter ei stund, så det gjeld å halde utkikk lågt utover i fjorden. Ein svart flekk som blir større om lag ein meter over sjøflata gjev bod om at her er det ein skarv på veg tilbake. Med skarven vekke, hadde ein gråhegre landa på den ledige steinen. Den fekk ikkje sitje der lenger enn tre minutt før den første skarven kom seglande bak den og gjorde krav på sitjeplassen. Gråhegren oppdaga vikeplikten i siste liten, ga frå seg plassen og landa på ein liten stein lenger inne i vikjo.

Etter kvart kom det eit par storskarvar til, der to tydelegvis var eit par. Dei var ikkje fornøgd da tredjemann prøvde å få plass på toppen av steinen. Det vart mykje lyd frå paret, der til slutt den eine fekk jagd vekk tredjemann. Denne landa i sjøen, men kom seg opp på nedste del av steinen. Der fekk den sitje i fred. Storskarven sit ofte i større grupper, men her er og tydelegvis sosiale grenser, kanskje fordi den vart oppfatta som ein rival?

Halvanna veke seinare var eg på nytt innom Sævarhagsvikjo, og gjekk da vidare til Hovaneset. På god avstand skremde eg opp ei ung havørn. Det er andre gong eg har gått på ei sitjande havørn på Hovaneset. Ein veit aldri kva som dukker opp rundt neste sving, eller tre.

Alle foto: Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 PRO, ISO 800-1250, f/4, 1/2000s

Her var det ledig plass.

Etter tre minutt i fred på steinen måtte gråhegren vike for innkommande storskarv.

Litt forsmådd (?) gråhegre fann seg ein mindre stein å kvile på.

Tredjemann vart jaga vekk med fysisk angrep og mykje lyd.

Å sitje nederst på steinen vart akseptert til slutt.

Forrige
Forrige

Jæren - for første gang

Neste
Neste

Beste foto 2023