Jæren - for første gang

Underleg nok har eg aldri vore på tjukkaste Jæren. Som geograf er det nesten til å skjems av. På 90-talet budde vi tre år i Kristansand, og passerte titt og ofte skilta til Bryne, Klepp og Nærbø på veg til slekta på Stord og Sotra. Men, svinga aldri av for å sjå det typiske jærlandskapet og den danske kystlinja. Solastranden er besøkt fleire gonger, bl.a. for å sjå Norgescup`en i sandvolleyball. Men, den ligg lenger nord enn det eg definerer som “tjukkaste Jæren”. Det var difor med ei viss forventning det no klaffa at eg kunne tilbringe ein heil fotodag i midten av februar, og utforske denne spennande og fascinerande delen av Vestlandet.

Første stopp på turen var å svinge innom Stavanger foto i Hillevåg, også det for første gang. Det er ikkje mange slike fotobutikkar att i dette landet, og eg såg difor fram til å kunne slå av ein fotoprat og kanskje få nokre tips til gode lokalitetar på Jæren. Boka “Guide til Norges fugleliv” (2. utg av Bjørn Olav Tveit) inngår naturleg i førebuingane til slike turar, men det er likevel ein fordel å snakke med lokalkjente. I butikken fekk eg ein god og informativ prat om havørnfotografering med hyggeleg ekspeditør og dyktig naturfotograf Arnt Ove Jøsang. Havørna har eg som kjent hatt som prosjekt i eit par år no. Praten endte og opp med ei lita omvisning i lokalet, bl.a. av verkstaden med trykk og rammer, samt møtelokale. Her fekk eg og helst på ein kjent youtubar som jobbar hos Stavanger foto, Trond Westby, som i fleire år har bygd opp sin YouTube-kanal. Eg var blant dei første par hundre som følgde han, no har kanalen 44 000 følgjarar. Trond er ein god ambassadør for norsk naturfotografi, og legg hyppig ut videoar frå sine nære og fjerne turar.

Frå Stavanger foto satte Citroën`en kursen mot Sele hamn og Selestranda, der det ei tid har vist seg ei jordugle. Denne var nok vekke no, men likevel greitt å starte i nordre del av området eg hadde tenkt å dra gjennom. Vèrmessig var ikkje ein regn- og tåketung dag det beste utgangspunktet, men som naturfotograf gjeld det å utnytte det lyset ein får tildelt. Det tunge regnet som var meldt held seg heldigvis vekke, men yr og tettare tåkedis seig inn utover dagen.

Ved Selestranda var det inga jordugle å sjå, men derimot ein flokk på om lag 20 fjøreplyttar (kona lurer på om det heller var sølepyttar…). Dei var travelt opptekne med å finne føde i fjøra, og er elles ein fugl som ikkje bryr seg så veldig om det ligg ein fotograf bak neste stein. Sånn var det og med denne flokken, og eg fekk fleire individ på kort hald for min Olympus 300mm f/4 Pro. Med ein grå og lite lyssterk dag, vart det å gå rimeleg høgt opp i ISO for å få rask nok lukkertid til desse evig rastlause fuglane. Eg prøvde og å bruke Pro Capture-funksjonen for å fange fjøreplytten når den brukte vengene for å kome seg til neste stein i fjøra. Det lukkast sånn passe, men fint å få trent på denne geniale Olympus-funksjonen igjen.

Ved Selestranda var det og ein god del stokkender, og eg har lagt ved eit bilete av delar av ein flokk på fleire titals som landa i sjøen utafor standa. Eg hadde da så mykje regndråpar på brillene at eg nærast skaut i blinde, og såg ikkje før etterpå kva fugleart som landa der ute. På eit par jorde nord for Alvevatnet, som ein passerer frå Sele hamn, dukka det opp 10 grågjess og ein liten flokk med sangsvaner. Begge desse fekk eg såvidt fotografert frå bilen. Sangsvanar såg eg også ved Orre lenger sør.

Vidare på turen vart det meir av typen sightseeing i området, der eg var innom Orresanden, Refsnessanden, Varhaug og Hå gamle prestegard. Lunsjen på Hå gamle prestegard var ein solid opptur, svært god mat og høgst nødvendig for å få opp blodsukkeret da klokka forlengst hadde passert normal lunsjtid.

På tilbaketuren til Stavanger måtte eg for skams skuld køyre innom Varhaug, Nærbø og Bryne. No kan eg seie til utlendingane at eg har vore i byen der Haaland kjem frå!

Jæren, med kulturlandskapet og strendene, er eit eldorado for fugl. Det er ikkje tvil om at eg må tilbake ein gong når trekkfuglane er meir på plass. Dette ga meirsmak, og er jo ikkje lenger enn 2,5 t reise frå Stord.

For opptaksinfo, sjå exif under kvart bilde.

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro - 1/1000s, f/4, ISO 2000

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro - 1/1000s, f/4, ISO 2000

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro - 1/1000s, f/4, ISO 2000, Pro Capture

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro - 1/1000s, f/4, ISO 2000

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro - 1/1000s, f/4, ISO 2000

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro - 1/2000s, f/4, ISO 4000, Pro Capture

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro - 1/2000s, f/4, ISO 4000

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro - 1/1000s, f/4, ISO 2500

Gjennom bilvindauget: Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro - 1/1250s, f/4, ISO 1000

Forrige
Forrige

Sesongstart for havørn

Neste
Neste

Storskarv og gråhegre i Sævarhagsvikjo