Sesongstart for havørn

Det vart ein vinter med null havørnfotografering frå båten. Anten var det for dårleg vèr i helgene, eller Kong Vinter sørga for islagt båthamn. Båten, ein finskbygd AMT 215 PH, er ikkje bygd som isbrytar, og eventuell innebygd finsk sisu kunne heller ikkje bidra. Det vart difor å måke snø av båten, konstatere for tjukk is igjen og skue utover stille fjord med snøkledd landskap frå strandsona til høgaste fjelltoppen. Det hadde jo vore flott å fått eit slikt landskap som bakgrunn for havørna!

I andre halvdel av februar løsna det, med tre turar på fjorden. Nedanfor kan du lese om kvar av desse.

Alle foto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 PRO. I tillegg er telekonverter MC-14 brukt innimellom. Trykk på foto for å forstørre på skjermen. Som alltid, best på større skjerm.

Dag 1

Første dagen møttes to fotokarar med havørnabstinens og fotosekken full av kamerautstyr. Endeleg kunne vi fyre opp Yamaha`en og sige ut av båthamna i slappe tre knops fart. Det vart stor gjensynsglede med havørna, i alle fall frå vår side. Etter den obligatoriske fiskeøkta - ørna må jo ha mat, må vite - fekk vi napp hos to ørner. Først ei ny og ukjent havørn, sannsynlegvis ei toåring på streif i området. Så kom ei kjenning til syne og henta dagens fangst (tre siste foto). Denne fyller 10 år i år. Fint å få meir informasjon om ørnene som er merka, frå Norsk ringmerkingssentral ved Stavanger Museum.

Dag 2

Denne dagen vart ein solotur, med årets første møte med ei god ørnekjenning frå i fjor. Dette er ei tillitsfull ørn, som raskt hentar fisk og som i dette tilfellet sette seg til rette på næraste nes som spiseplass, utan å bry seg med meg i båten rett utafor. Eit par ungørner blanda seg inn i havørnkoret denne dagen, bl.a. lokka fram av ein sjark som fiska midt i fjorden. Eg følgde etter der den eine ungørna sette seg i ein furutopp. Heiv ut fisk til han, men litt urutinert klarte han ikkje å konkurrere med ein skokk med måser rundt båten.

Det var forresten ei artig oppleving med 40-50 måser som sirkla over båten etter at eg heiv uti pale nr to til den første ørna. Ørna sat då lågt i terrenget på ei furugrein. Dette visste måsane, og det tok lang tid før den første vågde seg ned og prøvde seg på palen. Palen vart forsøkt henta opp av måsane fleire gonger, sjå foto nedanfor. Til slutt kom havørna og tok palen sjølv, med ein skog av måser etter seg.

Dag 3

Denne dagen utvikla seg til den absolutt finaste godversdagen så langt i 2024. Det er sjeldan at alle fjordane rundt Stord er vindstille heile dagen. Vi var ute i båten i over sju timar, og fekk god havørnvaluta for fotograferinga. På føremiddagen måtte vi navigere litt i forhold til havtåka som kom og gjekk. Vi fekk likevel vore innom tre reirplassar, i tillegg til eit tilfeldig møte med to havørner i eit område vi ikkje har støtt på havørner før. Desse var meir enn villege til å hente opp fisk, og her vart det og ekstra liv med kråker som meldte seg som frivillege plageånder for havørna.

Ein artig sekvens var ørna som bomma på palen. Den hadde innflyginga med bakparten mot båten. Det vart da ein god bildeserie av ørneklør som bomma og fisken som spratt opp frå overflata. Ørna såg seg tilbake og fekk palen fint opp på neste forsøk.

Ein annan artig observasjon var når havørna rensa nebbet sitt etter fiskemåltidet. Først gjorde den det på ei furugrein, før den flaug opp på toppen av eit anna furutre og gnei nebbet mot furunålane for siste finpuss.

Lurer du på korleis ei havørntunge ser ut? Det finn du ut i galleriet nedanfor.

På turen observerte vi og lomvi og ein stor flokk med rundt 40 ærfugl i full fart lågt over sjøen.

Takk for at du svinga innom bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar nedanfor. Og velkomen tilbake!

Forrige
Forrige

Fjorårsungen er framleis med foreldra

Neste
Neste

Jæren - for første gang