Fjorårsungen er framleis med foreldra

På sjølvaste kvinnedagen vart det jammen meg ein havørntur til med båten. Fast rutine er først å finne dagens beste fiskeplass. Det lukkast vi ganske bra med. Blant anna drog mitt gode mannskap opp den så langt største lyren som har hamna i båten. Den var i alle fall fem kilo, dessverre for stor som havørnmat, men opptur for eit kjøkken på land.

Med nok fisk i fiskekassen køyrde vi bort til næraste havørnreir (må snart finne eit namn på dette paret). Det tok ikkje lang tid før fjorårsungen viste seg, den steig høgt opp og delvis vekk frå oss. Vi gjekk difor til aksjon og heiv uti den første palen. Da snudde ungdomen og nærma seg raskt. Men, før den fekk sett i gang innflyginga, kom ein av foreldra, mest sannsynleg faren, flygane ut frå land og meldte med høge skrik at denne palen kan du halde deg vekke frå. Den vaksne ørna plukka raskt opp palen og flaug inn på greina si i det som ser ut til å vere ein fast eteplass i eit furutre. Med den vaksne havørna opptatt med ein litt tidleg lunsj, såg vi vårt snitt til å hive ein ny pale til havørnungen. Denne tok hintet, og gjorde eit vellukka stup og opptak av palen. Godt jobba, ungdom! Det er mange havørnungar som døyr første leveår, gjerne på grunn av for lite mat. Det er difor fint å kunne gi eit lite bidrag.

Eg trur som nemnt at det er fjorårsungen til dette paret som er i aksjon her. Vi hadde det første treffet med den 6. august i fjor, som du kan lese om i denne bloggen.

Nedanfor er fotosamlinga frå denne fine soldagen i Sunnhordland.

Alle foto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 PRO. Takk for at du svinga innom, og legg gjerne inn ein kommentar nederst!

Havørnungen får klar melding om å halde seg unna. Høge skrik ljoma over fjorden!

Det er alltid eit mål å få havørna rett imot kamera, det lukkast bra her.

Tar som oftast ein sjekk på grepet rundt fisken.

Fjorårsungen i aksjon, siktar seg inn på målet. Allereie ein akrobat i lufta.

Innflygingsmodus med haleroret aktivert.

Godt gjennomført og vel fortent matbit.

Største lyren…

Forrige
Forrige

Havørn, snøre og tau

Neste
Neste

Sesongstart for havørn