Havørn, snøre og tau

Det var gode forhold på sjøen i byrjinga av mars, med fleire fine og suksessfulle havørnturar. Den andre laurdagen i mars inviterte med sol og roleg sjø. Det måtte sjølvsagt nyttast, denne gong i lag med to gode fotovener i båten. Vi fiska først opp åtte paler. Med fleire snøre ute og ein kaptein som ikkje kommuniserer tydeleg nok når han bakker båten, så kan snøret fort kome i propellen. Det skjedde på denne turen, men det gjekk bra, denne gongen og… Trikset er å vri propellen i rett retning sånn at snøret vert frigjort. Seinare på dagen, i 22 knops fart, skar båten brått ut. Eit kraftig tau hadde kveila seg rundt motorstammen. Det gjekk heldigvis bra med motoren. To sånne “snørehendingar” er uvant kost, men eg tenker ofte på kva som kan liggje og flyte i sjøen som ein ikkje ser frå båten.

Tau som vikla seg rundt motorstammen, ikkje bra!

Vi var innom fleire reir denne dagen og. Ved det første reiret vart det to kast til hannen. Hoa viste seg, men ville ikkje hente. Det verkar på dette paret at det i hovudsak er hannen som hentar maten. Det har vi sett fleire gonger. Hannen observerer vi fleire gonger kikkar etter maken når han har landa ein fisk på land. Ved det andre reiret var det inga teikn til havørn. Båten sette difor kurs mot eit tredje reir, og her vart eit fiskemåltid helsa velkomen. Alt i alt ein ny flott tur på fjorden. Med våren i anmarsj er det god balsam for både fotoapparat og sjel å ha ein heil dag på sjøen i lag med våre fjørkledde vener.

Alle foto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 PRO. Takk for at du svinga innom, og legg gjerne inn ein kommentar nederst!

Klassisk innflyging. 1/3200s, f/4, ISO 500

Landing i furutopp, klar for neste kast. 1/1250s, f/4, ISO 500

Alltid litt jobbing med balansen, men like imponerande kontroll kvar gong. 1/1250s, f/4, ISO 500

Prøver ofte å få ørna rett imot. 1/4000s, f/4, ISO 640

1/4000s, f/4, ISO 640

Bremsar litt opp før den knekk ned. 1/4000s, f/4, ISO 640

Bremsar litt opp før den knekk ned. 1/4000s, f/4, ISO 640

Når ørna skiftar retning og akselerer, er det vanskeleg å følgje svevet. 1/4000s, f/4, ISO 640

Palemåltid på land. Denne ørna bryr seg lite om kor nær båten kjem. 1/800s, f/6,3, ISO 200, med telekonverter MC-14

Terningkast seks for imponerande kroppskontroll få cm over sjøen. 1/2500s, f/4, ISO 500

Denne ørna er 20 år gamal, og hentar palen fint opp med ein fot. 1/2500s, f/4, ISO 500

Begge klørne er festa i palen med retning mot land. 1/2500s, f/4, ISO 500

Forrige
Forrige

Havørn 5. august 2023 (forsinka post)

Neste
Neste

Fjorårsungen er framleis med foreldra