Fotokatastrofe på fjorden og noko attåt

Å gå ut med båten ein tidleg aprildag under blå himmel og på stille sjø gir den ekstra gode kjensla. Målet for dagen var å få opp litt fisk og svinge innom hytta på Bjoa for å hente nokre attgløymde ting etter påska. Havørnene fekk mat dagen før, og var difor ikkje målet denne dagen. Det er hekketid, og difor greitt å ikkje frekventere for ofte i nærleiken av reirplassar. Fotoutstyret er alltid med, likeins kaffe på termosen og matpakke. Ei stor plate med Firkløver ligg fast i båten.

Del 1 - Før katastrofen: fisk, teist, måse, havørn og kobbe

Første fiskestopp var på Tittelsneset, ein plass eg pussig nok ikkje har brukt som fiskeplass på lenge. Passerer jo over fiskegrunna der kvar gong båten går til Bjoa. Det var tjukt med fisk på ekkoloddet, men først ved dorging får eg opp to paler. Dei kjem godt med seinare på dagen.

Neste stopp er Ilholmane for å sjekke om fleire teist er komen. Det har dei, og eg kunne telje i alle fall ni stk, eit stabilt tal dei siste åra. Etter 15. april må det haldast minimum 50 meter avstand til land da både Nore og Søre Ilholmen har status som naturreservat. Slikt skal ein respektere, og eg fekk difor ikkje nokre nærare foto av teisten. Dei heldt seg mest innafor 50-meterssona.

Neste stopp var Svollandsneset fyr utafor Bjoa og hytta. Målet var å få opp meir fisk, men da eg sakka ned farten ved fyret letta det ikkje mindre enn tre havørner. Den første eg ser flyg i retning Tittelsneset, og reagerer ikkje på palen eg hiv ut. Så ser eg brått to havørner til, og eg hiv den andre palen så fort eg kan. Heller ikkje dei viser interesse for det eksklusive mattilbodet. Paret sette seg samla i ein furutopp med god utsikt til båten. Palene henta eg opp att med håven, og kasta den eine ut att foran havørnparet. Igjen ingen reaksjon. Etter mange minutt med venting kom det til slutt ein måse og svelgde palen (foto 1). Palen var i grenseland stor og sporen hang ut av nebbet. Måsen flaug lågt og nærme båten, og eg fekk tatt nokre nærbilete av den. Fuglefokusen på Olympus`en jobba under høgtrykk. Om måsen ikkje visste at det var to havørner eit par hundre meter bak den, så tok det ikkje lang tid før den oppdaga det. På bildet kan det nesten sjå ut som den ser seg bakover og aner kva som er i ferd med å skje.

To havørner lettar samtidig (foto 2), og set full fart etter den no mindre manøvreringsdyktige måsen. Som vanleg nektar havørnene måsen eit fiskemåltid. Det har vi sett fleire gonger at måsane kan trigge ein reaksjon hos havørna. Nokre hundre meter ut i fjorden gulper måsen opp att palen, og eg ser plasket i sjøen. Den fremste havørna hentar elegant opp palen (foto 3) og set kursen mot land. Eg følgjer den lenge med kikkerten eit stykke innover Bjoalandet, og merkar meg kor den svinger inn til land. I mellomtida har maken til denne svinga av og satt seg i ein furutopp på Husøya, ikkje langt frå båten. Idet eg legg handa på gasshendelen for å sjå om den vil ha den andre palen, så dukkar det ein kobbe opp ved fyret. Kobbe har eg sett ved Ilholmane, men ikkje her. Det vert difor stopp igjen, og eg knipsar nokre foto av den (foto 4). Ein nyskjerrig type, denne kobben. Eg innser at det ikkje blir så mykje fisking på ei stund, med havørner og kobbe som dukkar opp utan forvarsel. Dette er noko av det som gjer det morsomt og givande å ha foto som hobby, ein veit aldri kva som skjer på tur.

Tilbake til havørna på Husøya. Eg køyrde nokre hundre meter etter den. Idet eg sakka av og ville hive ut palen, så letta ørna og snudde vekk frå meg og innover land, før den steig høgt opp. Den ville definitivt ikkje ha fisk.

Så skjer Den store fotokatastrofen, les meir i del 2 nedanfor.

Foto 1: Måse med hengande palespor. Ser at det kjem to havørner halsande bak den. Tungt lasta må den seinare gi opp byttet sitt.

Foto 2: Ei av to havørner som set inn turboen etter måsen. Den andre er rett bak.

Foto 3: Måsen har nett gulpa opp palen og sleppt den ned. Du ser mørke krusningar der den traff sjøen. Havørna har starta innflyginga, og henta den fint opp.

Foto 4: Kobben måtte og fotograferast. Mykje skjer på ein gong.

Del 2 - Den store fotokatastrofen

Idet eg snur meg for å gå inn i styrehuset på båten, så nappar det litt i høgrefoten og hjernen mottar ein faretruande dunkelyd frå akterdekket. Eg snur meg kjapt, og der på dørken ligg superobjektivet 300mm f/4 Pro og kamerahuset OM-1, kvar for seg. Dei låg nett i lag på ein klappstol. Innerste del av objektivet, det som ein skrur inn i bajonettfatninga på kamerahuset (den lause delen på bildet nedanfor), er knekt rett av. Eg skjønar med ein gong kva som har skjedd. Foten har hekta seg i kamerareima og dratt kameraet med objektivet rett i dørken. Proffobjektiva til Olympus/OM System er konstruert for å knekke lett av. Det er ein gjennomtenkt konstruksjon for å minske risikoen for skade på kameraet. Den innerste ringen hang igjen på kameraet, men gjekk fint å ta av på vanleg måte.

Det var berre å konstatere tabben, og innsjå at det var lite å gjere med anna enn å få sendt det til vurdering for reparasjon. Ein telefon og skademelding til forsikringsselskapet bidreg forhåpentlegvis til å redusere det økonomiske tapet. I skrivande stund er objektivet i OM System (tidl. Olympus) sin europeiske verkstad i Portugal.

Det var med mange ord ei hendingsrik dag på godt og vondt. Oppturen er likevel å vere på sjøen i sju timar i strålande vårsol. Det gir mykje god energi, og materielle ting kan alltids erstattast, eller reparerast. I mellomtida bruker eg 40-150mm f/2,8 Pro i lag med telekonverter MC-14. Det gir 210mm i MFT-standarden. Det har og gjort at eg på den neste turen prioriterte å filme havørna når den henta fisk. Kanskje kjem det ein video her på bloggen og.

Epilog: Når det gjeld å ta vare på kameratutstyret, så har eg aldri tunge objektiv montert på kamerahus i fotosekken, nettopp fordi det same kan skje om sekken får seg ein smell.

Foto 5: Slik ser eit knekt Olympus m.Zuiko 300mm f/4 IS PRO ut etter å ha gått i dørken frå ein klappstol på akterdekket.

Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar.

Forrige
Forrige

April starta bra

Neste
Neste

Havørn, snøre og tau