April starta bra

Del 1 - 1. april

Påska var tidleg i år, og heimturen med båten 2. påskedag fall saman med 1. april. Det vart ei god avslutning på påskeferien, både vèr- og fotomessig. Eg gjorde avtale med min gode fotoven Tore Idsøe om å plukke han opp på Leirvik. Da fekk vi ein god ettermiddagstur som også inkluderte ein rekognoseringstur for å sjå etter eit mogleg nytt havørnpar. Dette etter tips frå lokalt kjente. Vi fann ikkje noko ny havørnlokalitet, men fekk i alle fall fotonapp på eitt av dei andre reira, sjå nedanfor. På den andre “sikre” plassen vår sat havørnparet stabilt i ro i ein furutopp og synes det var heilt greitt å sitje der og sjå på oss. Inga interesse for gratismåltid. Dei ville kanskje sikre seg mot ein aprilsnarr frå dei to fotonarrane i båten?

Alle foto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro. Kommenter gjerne!

1/3200s, f/4, ISO 640

1/3200s, f/4, ISO 640

1/3200s, f/4, ISO 640

1/3200s, f/4, ISO 640

1/2500s, f/4, ISO 500

Del 2 - 2. april

Den andre dagen i april vart det nok ein tur på sjøen. Timar på sjøen går fort, og vi rakk innom tre reir. Den eine havørna fekk fleire innpåslitne, og sikkert svoltne, kråker etter seg der den satt på land og ville ete i fred, sjå foto nedanfor. Havørna måtte flytte seg langs land fleire gonger for å få fred.

Det var og ein observasjon av det som må vere ein fjorårsunge i lag med ei av foreldra. Den vaksne ville ikkje hente fisk, sannsynlegvis i påvente av at årsungen kunne øve seg på den. Det endte med at den vaksne flaug vekk, med ungen kanskje litt betutta tilbake i furutreet?

Ved det tredje reiret var det også liv i lufta. Det er framleis tidleg på året, og det blir difor ikkje så mange kast per tur. Det vil nok ta seg opp når det forhåpentlegvis blir klekking og svoltne ungar i reira. Det ser vi fram til! Over tid er det veldig interessant å sjå om dei enkelte havørnpara klarer å få fram ungar kvart år. Det er ikkje sjølvsagt, og ikkje uvanleg at det ikkje blir hekking kvart år.

Alle foto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro. Kommenter gjerne!

Det vart fiske- og ørnenapp igjen. 1/3200s, f/4, ISO 640

Kråkene var svært frimodige på jakt etter å få del i matfatet. Ørna flytta seg fleire gonger langs land. 1/2000s, f/6,3, ISO 640 (MC-14)

Artig når havørna kjem rett imot. 1/3200s, f/4, ISO 500

God fangst! 1/3200s, f/4, ISO 640

Det var ikkje heilt enkelt å balansere fisken på ei vertikalstilt trerot. 1/3200s, f/4, ISO 500

Havørnungen frå i fjor gjorde inga teikn til å fange fisk. Til slutt drog mamma Gunda vidare og ut av syne. Tydeleg at den vaksne dreiv opplæring. 1/1600s, f/5, ISO 400

Måtte eg hente fisken sjølv? 1/1600s, f/6,3, ISO 640 (MC-14)

Frå det tredje reiret. Her vart altfor mange bilete av sjølve opptaket uskarpe. Må prøve å finne ut av det, da det er blitt ein litt slitsom gjenganger. 1/2500s, f/4, ISO 640

Forrige
Forrige

Pinseørn, kveldssol og skytteltrafikk

Neste
Neste

Fotokatastrofe på fjorden og noko attåt