Pinseørn, kveldssol og skytteltrafikk
Så langt i mai har det vore bra med fiske. Mykje betre enn sist haust og tidleg vår i år. I løpet av mai har frysaren aldri hatt så mange rundfiskar på lager. 2. pinsedag kunne eg derfor tilby både fryse- og ferskvare til havørnene.
Pinsen kom tidleg i år. Varm var den og, med solfaktor 30 og blank fjord. 2. pinsedag er ofte prega av mykje ferietrafikk etter langhelg, ikkje minst over Stord. Ville havørnene vere like travle? No når hekketida er i gang? Eller, kom pinsen litt for tidleg? Ein sekstimars båttur inkludert halvannan time med fisking ville gi svaret.
På heimveg frå hytta med båten svinga eg innom alle tre havørnpara. Det var tomt ved det første reiret. Tomt på det andre. Ikkje lovande. På det tredje hadde eg ikkje stoppa båten før hannen Ottar kom flygande frå land og tok runden rundt båten. Eit gledeleg gjensyn og oppløftande at han tok kontakt med ein gong. Sannsynleg svært svolten, eller var det ein unge i reiret som skulle fôrast? På runden over båten fekk den i alle fall med seg ein fiskekasse med rikelege mengder lyr og pale. Eg kunne difor ganske raskt hive uti den første fisken, og han snudde da tvert og tok runden tilbake. Med superobjektivet 300mm f/4 PRO igjen på plass (les kva som skjedde med den i april i denne bloggen), så kom ørna såpass raskt og nært at fotofangsten ikkje vart den mest minnerike. Kor tok så ørna vegen? Den landa på bakken ved eit furutre den tidlegare har rasta ved. Ville den ete litt sjølv, og så ta fiskeresten med opp i reiret? Nei, den sat lenge med ryggen til meg og åt heile fisken sjølv. Eg heiv uti ein fisk til, men ingen reaksjon på land. Den var tydelegvis mett, men kanskje den berre ville la maten sige?
Før historia går vidare, kan eg informere om at dette ørneparet no har fått namn - Gudrun og Ottar - etter ganske nøyaktig eitt år i kamerasøkaren. Med namn på ørnene blir det litt enklare å halde styr på dei ulike para. Namna på dette paret og Gunda og Otto blir difor oppdatert i tidlegare fotobloggar.
I mellomtida mista eg fokus på fisken eg heiv uti, og rekna med at den hadde sokke. Eg heiv difor uti ein til, i tilfelle Ottar likevel ville ha meir og kanskje ta den med opp til reiret. Ein svartbak tok etter kvart sjansen på å lande og prøve å ete av den. Framleis ingen reaksjon på land. I det eg startar Yamaha`en for å hente den opp, dessverre for seint da den sokk før eg kom fram, så ser eg den andre havørna, Gudrun, plukke opp den første fisken eg heiv ut. Den hadde likevel ikkje sokke, men følgd straumen ut frå land, forvirrande nok i ei anna retning enn båten rek. Gudrun bomma på første forsøk, men fekk den opp på andre med fleire måser på halen. Vi har sett fleire gonger at Gudrun har bomma på fisken. Kanskje ho ser dårleg og slit med koordineringa? Med fisken i klørne flaug ho rundt eit nes og ut av syne. Der åt ho kveldsmåltidet i fred og ro, før ho brått kom tilbake. Eg hadde håpt at ho tok maten med seg i reiret, men dessverre ikkje. I mellomtida hadde Ottar flytta seg eit stykke lenger vekk, men likevel synleg i eit høgt furutre. Så der satt dei, begge to, utan å hente meir fisk verken til seg sjølv, eller opp i reiret. Det kan tyde på at dei ikkje har klart å få fram unge i år. Det er i tilfelle ein solid nedtur frå fotografen sitt perspektiv, men ikkje så uvanleg at havørnene ikkje får fram ungar kvart år.
Skytteltrafikk
Kvelden var i ferd med å sige på, og tanken slo meg at eg kunne returnere til reir nummer to, til reiret med havørnparet som no er døypt Gunda og Otto. Da var klokka blitt rundt kl 1900, og eg tenkte at dei kanskje var tilbake etter å ha brukt dagen andre stader. Det er ikkje uvanleg at i alle fall den eine er på tur mellom morgon og ettermiddag. Det stemte ganske så godt denne dagen. Da eg nærma meg reirplassen, så var det inga ørn å sjå med ein gong. Men, litt bak eit nes var det ei kråke som stupbomba, eit sikkert teikn på at ei havørn sit i ein furutopp. Eg kom i posisjon med båten så vi begge kunne sjå kvarandre, eg og ørna. Den kjente tydelegvis att båten, og flytta seg nærare med ein gong. Så starta skytteltrafikken. Først ein pale, som vart frakta rett opp i reiret. Så ein fisk til, så ein tredje, ein fjerde, og jammen meg ein femte. På den femte tok den seg ein pause på ei furugrein før vidare ferd opp til reiret. Den kom tilbake på same venteplassen med ein gong, tilsynelatande klar for ein sjette fangst. Om det var fordi den var utsleten av fem henterundar, eller at hoa hadde gitt melding om at det er meir enn nok med fem fiskar i reiret, er usikkert. Den ville uansett ikkje hente den sjette fisken. Etter ei god stund viste hoa ved reiret seg med ein lufterunde, men ikkje i retning av båten og fisken. Uansett var både ørna og eg godt fornøgd med økta. Det er tydeleg at det er unge i reiret som treng mykje mat, og det er svært gledeleg å kunne konstatere hekking for dette paret. Det blir spennande å følgje dei vidare utover sommaren og hausten. Forhåpentlegvis blir det synleg kontakt med ungen når den er flygedyktig ein gong i august.
Tidlegare i mai har det vore eit par andre turar, men da med fokus på video ettersom teleobjektivet 300mm var på reparasjonsferie hos OM System i Portugal. Video har vore ein varierande suksess. Blant anna gjorde eg alle moglege tenkelege feil 16. mai med det videotekniske med påfølgjande laber stemning i båten. Der kunne det blitt nokre fine havørnopptak.
Litt om redigering i Lightroom og Photoshop
Når det gjeld redigering av bileta denne gongen, så har eg endra litt på fargepaletten. Det var blant anna inspirert av ein youtube-video av Matt Shannon, som viste ein releativt enkel teknikk i Photoshop, sjå her. Eg bruker helst Lightroom for redigeringa, og er normalt berre innom Photoshop for siste finpuss av oppskarping (Smart Sharpen). Fargeteknikken til Shannon kan likevel simulerast i Lightroom via Color Grading, og det er i hovudsak det eg har brukt av teknikk i Lightroom her. Kommenter gjerne nederst om du har synspunkt på fargeredigeringa.
Alle foto: Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro.
Takk for at du svinga innom. Legg gjerne igjen ein kommentar.
Ottar som inspiserer båten og fiskekassen. Originalt utsnitt.
Skytteltrafikken i gang med tilsaman fem kast. Det er Otto som er i aksjon her og i bileta nedanfor.
Otto
Otto
Reine oppstandelsen her. Ikkje så ofte eg får havørna rett imot, men denne kvelden spelte vinden og Otto på lag.
Otto
Havørna tar alltid ein kikk ned for å sjekke fangsten. Her prøver Otto i tillegg å feste venstre klør i fisken etter opptaket.
Ein ny variant at vasspruten står ut av fisken.
Å fotografere i kveldssol blir aldri feil. Her har eg i tillegg mørkna bakgrunnen for å framheve Otto enno meir.
Otto i fint kveldslys.
Det er mykje kraft i ei havørn. Her med opptaket i ein litt annan vinkel frå båten. Otto er ei staseleg havørn.
Otto med ny sjekk av fangsten, no med begge klørne festa i fisken frå opptaket.
Igjen så viser Otto kor majestetisk ei havørn er. Ein fantastisk fugl å kome på nært hald av.
Takk for at du kom innom denne bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar, eller spørsmål, nedanfor.