Andre fuglar våren 2024
Sjølv om hovudfokuset mykje godt er på havørn for tida, så dukkar det med ujamne mellomrom opp andre fuglar. Anten dei er i nærleiken av båten, eller eg har med Olympus`en på fottur i skog og mark. Nedanfor er eit utdrag av dei artane eg har kome over frå januar fram til no. Det skulle gjerne vore fleire, men så har eg ikkje fått til så mange turar t.d. til Sævarhagsvikjo som tidlegare.
På tampen av mai kan det uansett passe å oppsummere det som ikkje handlar om havørn så langt i år. Meir utfyllande kommentarar kan du lese under kvart foto.
OPPDATERT 30. MAI. det vart ein ekstratur til Sævarhagsvikjo i dag. Nye foto av stare, låvesvale, gauk(!) og fiskemåse på reir er lagt til heilt nederst på denne sida.
Alle foto er tatt med Olympus OM-1 og 300mm f/4 Pro.
FOSSEKALL 7. januar på vestsida av Stord. Det var kaldt og snø, og brått dukka den opp. Eg har eit fossekallprosjekt i magen, når tida er inne.
GRÅHEGRE OG STORSKARV. Kamp om den største steinen i Sævarhagsvikjo, 2. februar. Sjå fleire foto i denne bloggen.
FJØREPLYTT fotografert på Jæren 16. februar. Sjå denne bloggen.
ÆRFUGL. 26. februar kom ein flokk på rundt 40 ærfugl i stor fart i ein stor boge rundt båten. Her er tre av dei.
SPETTMEISEN er ein favorittfugl, lett som den er å lokke fram. Her poserer den i skogen ved hytta på Bjoa 16. mars.
SILAND. Det er faktisk mange silender i Sunnhordland. Her kviler to hoer og ein hann i Sævarhagsvikjo 12. mars. Dei er generelt vanskelege å kome innpå, men her tok dei det med ro.
RAVN. 16. april svinga vi innom eit ravnereir for å sjekke status. Reiret såg ut til å vere blåst ned og denne einslege ravnen ga lyd frå seg.
Same ravn som over. Den flaug rett over båten med retning Kvinnherad. Ein flott, intelligent og myteomspunne fugl.
LOMVI. 1. april traff eg på dette lomviparet i Bjoafjorden. Dei tok livet med ro og brydde seg ikkje om AMT`en som seig sakte forbi.
Seinare 1. april kom eg over ein større flokk med lomvi. Her var det nok kurtise og kamp om hoer, da desse og brydde seg mindre om båten. Vi har observert fleire sånne grupper med lomvi i år, i motsetnad til tidlegare år med observasjonar av enkeltindivid.
KVITRYGGSPETT. På fotojakt etter fossekallen, så kom eg over ein høglytt kvitryggspett i furuskogen. Her har den funne eit gamalt tre den har hakka på før. Det vart mitt første møte med kvitryggspett.
HAVELLE ser eg ikkje så ofte. Denne dukka opp på eine havørnturen 16. april. Den poserte i fint lys, einsleg som den var.
FJØREPLYTT. 24. mars låg eg og fiska ved Svollandsneset fyr utafor Utbjoa. På skjeret der fyret står såg eg nokre gråaktige klumpar som eg måtte sjekke nærare. Det viste seg å vere ein flokk på rundt 20 fjøreplyttar. Det var fjøre sjø, og dei var i full aktivitet med å finne seg mat. Lite brydde dei seg om bølgjene som slo imot dei. Dei ber namnet sitt godt, fjøreplyttane.
Seinare fann eg flokken sovande medan dei venta på fjøre sjø, fjørplyttane.
GLUTTSNIPE. 28. mai svinga eg innom Sævarhagsvikjo med kameraet. Eg var der kvelden før, men da berre med kikkert. Da såg eg gluttsnipa, eit par sandlo og ei myrsnipe. I tillegg såg eg det som må vere ein raudstjert. Fugleekspert Tor Helge Heggland kunne etterpå melde at dette var det første funnet av raudstjert i dette området, og registrert fugleart nr 177 for Sævarhagsvikjo.
30. mai i Sævarhagsvikjo
Det vart ein ekstra tur til Sævarhagsvikjo 30. mai. Sidan det da framleis er i vårsesongen, så legg eg ved dei fuglane eg traff på i dag; stare, låvesvale, fiskemåse og gauk.
STAREN i Sævarhagsvikjo har travle dagar med å mate ungane som no sit rundt omkring i fleire tre. Det verkar som det er svært mange starefuglar i området. Her plasserte eg meg slik at eg kunne fange foreldra som flaug i skytteltrafikk over den inste vika. Det er travelt å vere foreldrefugl på denne tida.
GAUK. Sjølvaste gauken strauk uventa foran meg. Det var nokså lang avstand, men autofokusen på OM-1`en klarte likevel å fange den. Her er den i eit nokså kraftig utsnitt. Dette er faktisk første gang eg har sett ein gauk, og da ekstra kjekt å klare å fange den på minnebrikka.
LÅVESVALE. Tre-fire låvesvaler flaug i turbofart foran meg med ujamne mellomrom. Det er nesten umogleg å fange svaler med kamera, men med kjapp autofokus og 25 b/s kjem ein alltids heim med nokre i fokus. Denne stupte ned mot fjøra og fekk tak i det som ser ut som ei lita fjør. Kanskje låvesvale med skjegg kan vere ein bildetittel?
LÅVESVALE. Sjå tekst over.
FISKEMÅSE. Inst i Sævarhagsvikjo har fiskemåsen rigga seg til med reir på toppen av eit par av dei større steinane. Dei er veldig eksponert for forbipasserande, men denne held seg roleg så lenge eg var i nærleiken.