Havørn - hekking, eller ikkje hekking?
Havørnturar 24. og 31. mai
I skrivande stund har det fantastiske sommarvèret som prega mai tatt slutt. I starten av juni bles det opp til sønnavind med kuling i kasta. Om ikkje anna, så er det bra at skogbrannfaren blir redusert.
På tampen av mai vart det to turar til havørnene, og her følgjer ein samanslått blogg for turane 24. og 31. mai. Utfyllande tekst er under kvart foto.
Alle foto er tatt med Olympus OM-1 og m.Zuiko 300mm f/4 PRO. Nedst på sida er du velkomen til å leggje att ein kommentar.
Fredag 24. mai
Min gode fotokollega Tore Idsøe og eg tok ein kveldstur til to av reira vi følgjer med på. Det fine med årstida er at det er lyst til seine kvelden. Vi kasta loss kl 1800, og køyrde direkte til Gudrun og Ottar som ved sist møte ikkje viste teikn til hekking. Status såg dessverre ut til å vere det same denne dagen. Det vart eit par kast, men ingen av dei tok fisk med opp i reiret. Det vart å innta kveldsen i furutreet eller på bakken som sist. Det er alltid vanskeleg å tolke signala og åtferda vi ser. I forhold til mogleg hekking, er det å håpe at hekking her er noko seinare enn i fjor.
Havørna Ottar i ventemodus, men kom seg på vengene etter ei stund.
Her gjorde eg og ein fototabbe. Mi standardinnstilling i OM-1 for serieopptak er SH2. Det vil seie at kameraet tar 25 bilete per sekund og får da med det meste som skjer. I bildet over justerte eg til enkeltopptak, sidan ørna sat i ro. Rutinen før neste kast er da å sjekke at innstillingane er satt tilbake til standard. Det gløymde eg her. På første kastet trykte eg som vanleg på utløysaren, og trudde eg hadde tatt minimum 25 bilete. Eg forstod ingenting da det viste seg å berre vere fire bilete på minnebrikka, like mange som eg hadde pumpa autofokusen med, dvs restarte autofokus i ein bildeserie. Eg gjekk sannsynlegvis glipp av eit godt motlysmotiv. Trøysta er at Tore sin OM-1 ikkje svikta. Så har vi og mange like foto av havørn etter kvart.
Fiskehalen treff alltid ørnehalen i stigningsfasen etter opptak. Ottar i aksjon her.
Til Gunda og Otto
Med Gudrun og Ottar mette i magen gjekk kursen mot det andre havørnparet, som no har fått namna Gunda og Otto. Takk til Tore for godt namneforslag! Her var det som forventa vesentleg meir vind under havørnvengene, og det vart fem kast som dei henta opp til mating i reiret.
Måsen er meir aktiv rundt dette paret, og da kan andre situasjonar og motiv dukke opp for oss fotografar.
Otto er stort sett treffsikker, men det hender han ikkje treff på første forsøk. Her gjekk det likevel bra.
Otto kikkar ned for å sjekke fangsten og for å få feste med høgre kloa. I denne bildeserien har han begge føtene i sjøen, men berre venstre klo fekk feste med ein gong. Det ser ut til å vere ein tendens hos han.
Da Otto var godt forsynt med fisk, så sette han seg ute av syne rundt eit nes. Vi følgde forsiktig etter. Der sat han ei stund, før han letta og tok ein runde tilbake mot reirplassen.
Miljøfoto av Otto i flukt med blank fjord og kveldslyset som bakgrunn. Klokka er 21:13.
Fredag 31. mai - Hekking i begge reira!
Denne dagen hadde eg ein litt spontan solotur for å sjekke status hos Gudrun og Ottar, og ha med nok fisk til Gunda og Otto som er i full gang med mating i reiret. Det var med spenning eg nærma meg reiret til Gudrun og Ottar. Er det likevel hekking på gang, eller er status den same som sist? Gleda var difor stor da Ottar kom direkte frå reiret, henta opp den første palen og flaug rett tilbake i reiret med fisken. Eit godt teikn på at hekkinga er i gang og stor stemning i båten. Ottar strevde litt meir på det andre kastet, og måtte gi opp etter å ha gjennomført tre overflygingar. Meir utfyllande om dette nedanfor.
Gudrun sat elles i ro på ei furugrein litt nedanfor reiret og overlet mathentinga og matinga til Ottar.
Litt betutta uttrykk idet Ottar trekk seg. Han gjorde tre forsøk på same runden, så sannsynlegvis låg fisken lågt i vatnet, og etterkvart sank.
Forsøk nummer to på same runden, men fekk ikkje opp fisken.
Ottar bomma på første forsøk med heile tre overflygiingar, og satt litt snurt i furutoppen før han fekk ein ny sjanse med ein ny pale. Den tok han godt vare på.
Ottar på veg opp til reiret for andre gong.
Så til Gunda og Otto
Det har som tidlegare nemnt vore eit godt fiske i vår. Eg kan difor ha med halvtinte paler og lyr med til båten, og slepp å bruke tid på fisking før kontakt med havørnene. Kursen kunne difor gå rett til Gunda og Otto, som er i full gang med mating av sitt avkom. Med ein litt treig start, så vart det etter kvart heile åtte kast til dette paret. Ei god helgeforsyning med andre ord.
Gunda i fint driv. Litt tilfeldig vart det litt større avstand enn vanleg mellom oss, men komposisjonsmessig inviterte det til ein ny vri. Her er Gunda plassert nede i hjørnet, med det ein på fotospråket kallar negativt rom foran og over seg. Komposisjonen tar seg enno betre ut i 16:9 format.
Måsen gjer det den kan for å forstyrre havørna i innflygingsrutinen sin.
Stilstudium av Otto som har sikta seg perfekt inn.
Gunda er større enn Otto, som alle hoørner er i forhold til hannen. Det er ikkje alltid like enkelt å skilje kjønna når ein ser dei kvar for seg. Utanom det at Gunda ikkje er merka, i motsetnad til Otto, så synes eg dette bildet viser kor stor ho faktisk er.
Det er heilt greitt å ikkje vere mottakar av klørne til Gunda! Dette var eit ekstrakast da begge to kom på det same kastet. Eg heiv kjapt ut ein pale til, og da fekk eg ho så nærme at ho fylte heile skjermen i kameraet. Her er det i tillegg tatt eit lite utsnitt i venstre bildekant, samt justert til 16:9 format.
Sjøstøtt nedslag for Gunda.
Fangst nummer sju er på veg opp.
Takk for at du leste bloggen! Neste blogg er ikkje lenge unna.