Kongleørna
Endeleg viste kongleørna seg!
Det har vore mykje nord- og austavind så langt i juni, i tillegg til mange regnvåte dråpar frå oven. Søndag 2. juni var ikkje noko unntak, men på føremiddagen var det eit lite vèrvindauge. Det vart difor kasta loss kl 0900 i lag med fotokollegaer Tore Idsøe og Magne Langåker. Vèret gjorde det berre aktuelt å ta turen innom Gunda og Otto. Når fjorden går skikkeleg kvit er det greit for båten, men fotografering i store bølgjer er bortkasta tid.
Det vart fleire kast som i hovudsak Otto henta opp. Han nølte litt i starten, men da kom Gunda frå reiret og viste at her må det handling til for å få mat til det vi no er ganske sikre på er unge i reiret.
Ved eitt tilfelle klarte ein måse å sluke ein pale. Det trigga Otto, som kopla inn turbofarten og pressa måsen til å gulpe palen opp att. Ingen av fotografane ombord klarte å få fokus på Otto som strauk forbi båten i full akselerasjon. Otto kunne hente opp byttet sitt nokre hundre meter unna. Vi har sett sånn akselerasjon og turbofart ein gong tidlegare. Artig å oppleve igjen.
Tittelen på bloggen er “Kongleørna”, inspirert av bildet nedanfor. Det hadde i grunnen vore kult med ein ny ørneart?
Alle foto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 IS PRO. Kommenter gjerne bloggen nederst på sida.
Endeleg viste kongleørna seg!
Gunda med første innflyging.
Otto lurer på om han verkeleg ser dobbelt!
“Den var sååå stor!”
Otto med ein ny vri på hodet?
Otto med god kontroll på fisketeknikken.
Godt fiska av Otto!
Ny vellukka fiskeøkt for Otto.
Otto med fiskedansen!
Kraftig sol og motlys kan likevel gi gode fotoforhold.
Otto tok den siste palen til seg sjølv og fann ei solid grein å ete den på.