Kveldssjekk

13. juni vart det ein fin kveldstur for å sjekke stoda ved eit havørnepar det har vore usikkert om har fått til hekking i år. Dette paret var sist sjekka 20. mai (les blogg her), og eg observerte da ikkje teikn til hekking. Denne kvelden var det berre hannen som viste seg og henta ein pale. Han tok den ikkje med til reiret, men sette seg på bakken og åt kveldsmaten der. Hoa var ikkje å sjå, og reiret verka ganske så tomt. Igjen kan det vere at hekkinga er sein her, eller at ein eventuell unge i reiret ligg så lågt at den ikkje er synleg frå båten. Eg heller mest til at det ikkje er hekking.

Vi var og innom Gunda og Otto, men nett denne kvelden var ingen av dei å sjå.

Alle foto som alltid med Olympus OM-1 og m.Zuiko 300mm f/4 Pro.

Miljøfoto av hannen som etter kvart henta opp fisk til seg sjølv, men ikkje til reiret.

Luftakrobaten i aksjon, alltid eit like imponerande skue.

Sjøstøtt nedslag på første fiskeopptak.

Ein av fleire eteplassar i dette området. Fint å ta nokre miljøfoto av kor havørnene held til.

Litt plagsomt kan det vere med ein nærflygande måse.

Havørna har lagt måsen bak seg, med blikket festa på målet.

Hentar opp sin andre fisk for kvelden.

Svartbaken prøvde seg, men palen var akkurat for stor.

Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar nedanfor!

Velkomen tilbake!

Forrige
Forrige

Møte med det nye havørnparet Gyda og Tor

Neste
Neste

Kongleørna