Møte med det nye havørnparet Gyda og Tor

Og, kva skjer når ein vinkar til ei havørn?

Å finne eit nytt havørpar er ikkje enkelt. Det skjer heller ikkje ofte, men er desto meir gøy når det lukkast. Å finne reiret i tillegg er enda gøyare. Maksimalt gøy er det å oppdage at det er hekking i reiret. Alt dette gøye fekk eg oppleve 14. juni ein stad i Sunnhordland. Ein dag eg var åtte timar på båttur. Det var den dagen eg fann heimplassen til Gyda og Tor. Ein veldig bra dag.

Ved ein fiskeplass ikkje langt frå land la eg merke til to måsar som var aktive rundt nokre furutoppar. Intuitivt tenker eg det kan vere teikn på havørn i nærleiken. Det tok ikkje meir enn eit raskt blikk opp før eg såg havørna som sat på vent og håpte på fangst av eit eller anna slag. Litt fisk i fiskekassa var på plass. Havørnparet Gudrun og Ottar hadde tidlegare på turen og fått kvar sin pale.

Båten vart posisjonert med baugen mot vinden og ekstra sjekk av kamerainnstillingane - 2500s, f/4, ISO 640, SH2 25b/s og fugledeteksjon. Palen hadde knapt landa i sjøen før Gyda var i lufta. Med kritisk kort avstand mellom båt og fisk, så klarte eg såvidt å få ho innafor kamerasøkaren. Dette hadde ho tydelegvis gjort før, å følgje med båtar som fiskar. Ein litt svakare teori er at den hugsar oss frå det tilfeldige treffet vi hadde i slutten av februar. Meir om det lenger nede.

Eg følgde ørna der ho landa eit stykke opp på land. Der åt den litt, eller tok ein pause, før ho tok palen med seg vidare og flaug ut av syne. Det er eit godt teikn på at det er eit reir i nærleiken og at det er hekking der. Gyda kom tilbake etter ei lita stund, og sanneleg kom ikkje maken Tor og sette seg klar til å hente fisk han og. Eg hadde for lite fisk i kassen no, og måtte vidare i anna ærend. Planen var å stoppe på tilbaketuren på ettermiddagen

Seinare på dagen hadde eg fiska opp fleire palar og stoppa der eg såg havørnparet sist. Det sat ingen og venta da, men det gjekk ikkje mange minutt før Gyda kom glidande og sette seg klar. Den kjente tydelegvis att båten, og ga på alle vis uttrykk for at ho ville ha fisk. Denne gangen flaug ho tilbake med fisken i ei anna retning, og eg sette fart på båten for å sjå kor den landa og eventuelt lokalisere reiret. Den var likevel for rask for meg, og eg måtte vente til den kom tilbake. Det gjorde den ganske så snart, utan at eg såg nøyaktig kor den starta frå. Like etterpå kom den andre ørna, Tor. Eg hadde alt kasta uti ein fisk, som Gyda reagerte på, men ikkje henta opp. Eg trudde difor den hadde søkt og heiv difor ut ein til. Da kom Tor og tok den palen greitt opp. I det eg snur meg i fartsretninga til denne ørna, så ser eg Gyda har fisk i klørne og er på veg lågt langs land. Igjen sette eg fart på båten for å sjå kor dei ville frakte fisken. Her var eg heldig, for Tor som kom sist, flaug litt fram og tilbake før han landa i reiret. Det ga meg tid til å kome i posisjon med kikkerten, og stor var jubelen i båten da reiret var funne og dokumentert. Eg køyrde forsiktig i retning reiret, og tok nokre bilete på god avstand. Dei avslørte mating av ein ørneunge! Eller, var det berre ein unge? Det får du vite meir om i neste blogg!

Undertittelen til bloggen spør om kva som skjer om ein vinkar til ei havørn. Det får du svar på lenger nede i bloggen.

Det blir spennande å følgje Gyda og Tor vidare i havørnlivet. Ingen av desse er merka, så det er difor ikkje rett fram å fastslå alder. 

I slutten av februar møtte vi eit havørnpar i eit område vi ikkje har sett havørner før. Tanken slo meg difor at desse kanskje var Gyda og Tor. Ein gjennomgang av fotoarkivet stadfesta raskt at det stemte. Du kan finne dei att under kapittel «Dag 3» i denne bloggen.

Dei tre første bileta er av Gudrun og Ottar, som for siste gong har skifta namn. Deretter er det Gyda og Tor som blir presentert.

Alle foto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 PRO. Trykk på foto for å forstørre. Som alltid best på større skjerm.

Gudrun og Ottar hentar fisk, men inga teikn til hekking

Ottar flaug ut til båten med ein gong eg kom. Nett som ein gode kameratar som møtast igjen. Ottar hentar fisk i fint driv, men tar den berre til seg sjølv. Verken han eller Gudrun tok med fisk til reiret.

Gudrun viste seg rett etter eg heiv fisk til Ottar. Da var det berre å hive uti ein ny pale. Ho sette så kursen mot land i retning Ottar.

Ottar ville ikkje dele eteplassen med fru Gudrun. Han letta på vengene når ho kom med sin fangst og sette seg eit stykke vekke.

Gyda og Tor presenterer seg

Det var mest Gyda som var i sving, både på morgonen og ettermiddagen. Tor viser seg på slutten.

Gyda bommer på palen på første forsøk. Kan vere ein del bølgjer forstyrra opptaket. Ho kom tett på, dette er utsnittet i øvre bildekant.

Gyda er litt sjokkert over at fisken glapp.

Gyda gjer eit nytt forsøk på å hente opp palen.

Gyda lar seg ikkje forstyrre av måsen som gjer sitt beste for nettopp å forstyrre innflyginga til maten den vil ha for seg sjølv.

Gyda har fullført ein ny runde, og klarte på andre forsøk å få opp palen.

Gyda har full kontroll på og tolmod med om fotografen får opp meir fisk i båten sin.

Gyda kom tett på for å sjekke om det var fisk på gang. Litt ufint kanskje, å vise understellet til havørna på denne måten, men eit nytt perspektiv er det i alle fall.

Seinare på ettermiddagen hos Gyda og Tor

På heimvegen stoppa eg som planlagt ved mitt nyfunne havørnpar. Det tok ikkje lange tida før begge to var i sving med å hente fisk til reiret.

På ettermiddagen hentar Gyda opp ein ny pale. Det er travelt å vere havørnmamma.

Men så, på neste runde 14 minutt seinare, så bommer Gyda for andre gang denne dagen. Det er ikkje alltid like lett å vere profesjonell fiskar.

Gyda tar ein rask runde, og fokuserer på nytt på palen i sjøen. Ho kom så nærme at eg ikkje fekk gode bilete av sjølve opptaket. For eit ørneblikk å studere på nært hald!

Etter mange timar på tur vart det etter kvart å setje kursen heimover. På siste kastet ville eg posisjonere båten litt gunstigare for å unngå bølgjene som auka på utover ettermiddagen. Undervegs passerer eg Tor, som igjen har sett seg for å vente på meir fisk. Eg vinker til han i det eg passerer. Reaksjonen er kontant. Tor lettar med ein gong. Han misforstår teiknet mitt, og trur at det er klart for nytt kast. Det er ofte noko nytt å oppleve på desse turane, og dette var definitivt ein ny variant.

Tor som like etterpå lettar når eg vinkar til han.

Tor har straks henta opp den siste palen for dagen. Det vart god fangst for både fotografen og havørnene.

Kva synes du om denne havørnhistoria? Legg gjerne igjen ein kommentar nedanfor, og takk for at du leste bloggen. Neste blogg er ikkje langt unna. Da kjem det meir informasjon om status for reiret til Gyda og Tor.

Forrige
Forrige

Gyda og Tor har to ungar i reiret

Neste
Neste

Kveldssjekk