Bylandskap i Roma - den evige stad

Etter 37 år var det ei oppleving å kome tilbake til Roma, den evige stad. Midt i oktober gjekk turen sørover til 25 grader og mange historiske og kulturelle stader og stemningar å oppleve. I 1988 var eg innom Roma på InterRail med ein kamerat. Denne gongen var kone Brit med, hennar første tur til Roma.

Ein byferie av dette slaget innbyr ikkje til naturfotografering per se. Bylandskapet er likevel ein landskapsvariant, der ein landskapsmessig variant var innlagt busstur i paven sin hage som ligg bak Peterskyrkja. Dette var ein del av billetten til Vatikanmuseet. Eit solnedgangsmotiv baud seg også, litt tilfeldig, to av kveldane ved Vatikanet med Peterskyrkja som bakgrunn og elva Tiber i forgrunnen.

Av dei tradisjonelle attraksjonane kryssa vi av, i tilfeldig rekkefølgje: Peterskyrkja, Vatikanmuseet med det Sixtinske kapell, Colosseum, Forum Romanum og Palantinerhøgda, Pantheon (som eg ikkje var innom i 1988), Spansketrappa, Trevifontenen, Piazza Navona med Neptunfontenen og Santa Maria Maggiore-kyrkja der pave Frans ligg gravlagt i ei enkel granittkiste inne i kyrkja.

Eit tilleggselement for turen var at den katolske kyrkja har jubileumsår i 2025. Jubileumsår skjer kvart 25. år, og gjer at det kjem svært mange fleire turistar og pilegrimar til Roma for å besøke Vatikanet og dei fire pavekyrkjene i byen. Apropos paven, så fekk vi med oss generalaudiensen som paven har på Petersplassen kvar onsdag kl 1000. Vi observerte og høyrde talen på avstand, og kan krysse av å ha sett og høyre pave Leo med eigne auge og øyre. Det er jo noko å ta med seg.

Fotoutstyr er alltid med uansett type tur. Til denne byferien tok eg med Olympus OM-1, M.Zuiko 12-100mm f/4 og M.Zuiko 17mm f/1,8. Det vart berre til at eg brukte zoom-objektivet, som på mange måtar er eit optimalt reiseobjektiv med god vidvinkel og tele i eitt og same objektiv.

Klikk på foto for å forstørre, og på lenker for å finne fram i kartet kor eg stod med kamera.

Olympus OM-1, M.Zuiko 12-100mm f/4 IS PRO. 1/200s, f/4, ISO 200, kl 18:30. Fotografert frå denne brua over Tiber. Måseflokken som kom imot vart ein bonus og heva bildet eit hakk opp.

Olympus OM-1, M.Zuiko 12-100mm f/4 IS PRO. 1/250s, f/4, ISO 400, kl 18:29. Same fotostandpunkt som bildet over.

Olympus OM-1, M.Zuiko 12-100mm f/4 IS PRO. 1/30s, f/4, ISO 200, kl 18:41.

Olympus OM-1, M.Zuiko 12-100mm f/4 IS PRO. 1/1600s, f/5,6, ISO 400, kl 17:43. Bracketing med tre foto 1 stopp. Her stod eg på denne brua, nærare Vatikanet.

Glimt frå hagen til paven, bak Peterskyrkja. Foto av Fontana dell'Aquilone tatt frå bussen. Geolokalisert her.

Bonusfoto

Pave Leo sat verkeleg langt der framme!

Fleire foto frå dagane i Roma kan bli lagt ut her seinare.

Forrige
Forrige

Haustfoto

Neste
Neste

Ungen til Gudrun? Aldersbestemming med Alv Ottar Folkestad