Det har blitt mindre fotoaktivitet enn ønska denne hausten, både til lands og til vanns. Denne bloggen presenterer sju utvalde bilete frå dei turane eg har hatt med kameraet på slep - landskapsfoto, nærfoto og dyrefoto. Til kvart bilete er det utfyllande tekst om bakgrunnen for bildet og annan bildeinformasjon.

Nedlagt Porsche

20. september - OM System OM-1, M.Zuiko 8-25mm f/4, 1/60s, f/5, ISO 200

På min faste sykkelrunde har eg lenge passert denne avskilta Porsche`n. Ein haustdag i september låg det tett med felte haustblad oppå bilen. Eg returnerte derfor seinare med bilen for å prøve å få noko ut av dette motivet. I etterarbeidet endte eg opp med å fjerne alle fargane utanom haustblada opppå bilen. Da vart haustpreget forsterka og gjorde bildet litt meir interessant.

Blad i elv

21. september - OM System OM-1, M.Zuiko 12-100mm f/4. 1/30s, f/4, ISO 200

Ein fin gårunde på Stord er løypa som startar ved Sjoalemyra. Ein fin laurdag med ein del vind i tretoppane gjekk eg denne runden med kameraet. Grovaelva dukkar etter kvart opp, og i eit område langs traktorstien flater den ut og renn sakte. Her tok eg ein stopp for å sjå om det var interessante motiv med fokus på elvebotnen og det rennande vatnet. Dette bildet var det beste eg fekk til, der fokus er på haustbladet som elvestraumen pressar ned på ein stein og straumsvirvlane som oppstår etter steinen.

Raud flogesopp

21. september - OM System OM-1, M.Zuiko 12-100mm f/4. 1/20s, f/4, ISO 640

Raud flogesopp er ikkje vanskeleg å få auge på. Soppsesongen i slutten av september såg ut til å vere ganske så ferdig for fleire soppartar. Desse to stod likevel strake og friske ved foten av eit stort grantre som del av ein steril granskog elles. Det vart ein fin fargekontrast mellom den grøne skogbotnen og dei kvite og raude flogesoppane. Naturen er vakker på sitt vis.

Dronningstien og Oksen

27. september - OM System OM-1, M.Zuiko 12-100mm f/4. 1/500s, f/6,3, ISO 200

Siste helga i september var eg med jobben på sosial tur til Hardanger og Ullensvang. Blant mange aktivitetsalternativ var Dronningstien, eller H.K. Dronning Sonjas panoramatur som den og er kalt. Den har eg ikkje gått før, og dette var difor eit passande høve å kunne gå denne vidkjente ruta. Turen er 14,1 km lang og estimert til seks timar. Eg brukte litt meir enn seks timar, og var veldig glad for at eg tok med gåstavane mine. Det hjalp godt i motbakkane, og i nedstiginga mot Lofthus. Siste del var den som tok mest på beina.

Bildet er tatt etter den første stigninga på Kinsarvik-sida. Utsikten er fantastisk nordover med Oksen i midten. Den har eg vore på, i tjukk tåke! Tanken min med dagen var å la kameraet styre tempoet og prøve å finne gode komposisjonar undervegs. Den tanken blåste vekk i ein kraftig motvind, 10-12 m/s, på øvre del av Dronningstien, som er 1100 m.o.h på det høgste. I tillegg var det altfor blå himmel, som fotografmessig er heilt uinteressant. Bildet over er derfor tatt med meir som ein dokumentasjon, enn eit spesielt godt landskapsfoto.

Dronningstien - foss i sør

27. september - OM System OM-1, M.Zuiko 12-100mm f/4. 1/2500s, f/5,6, ISO 400

I den andre enden av Dronningstien, på sørsida, dukka det opp ein flott foss i området der ein startar nedturen med dei kjente Munketrappane. Fotolyset var ikkje her det beste denne dagen. Her er det vinden som bles fosseskummet opp att som gjer bildet litt meir interessant.

Regnboge mot Skorpo og Tysnes

30. september - OM System OM-1, M.Zuiko 12-100mm f/4. 1/800s, f/5,6, ISO 400

På ein av dei siste havørnturane i år dukka denne flotte regnbogen opp over fjorden. Skorpo og Tysnes kan sjåast i bakgrunnen. Eg har valgt eit smalt panoramautsnitt (65x24) for å snevre inn fokuset på regnbogen som møter fjord og bakgrunnsfjell. På denne turen vart det nesten meir regnboge enn havørner.

Rådyr på Stølen

8. oktober - OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4. 1/1600s, f/4, ISO 1600

I haustferien på hytta gjekk eg ein ettermiddagstur til Stølen. Her er det alltid sjanse for å sjå rådyr, sjølv om det kan gå lang tid mellom eg kvar gong eg treff på dei der. Like før dette bildet vart tatt sprang ein rådyrbukk tvers over stien 20-30 meter foran meg. Rett etterpå såg eg lenger inne i landskapet noko som rørte på seg. Det viste seg å vere ei geit som byksa oppover ein bratt bakke. Eg heiv opp kameraet med 300mm på, og klarte akkurat å få nokre bilete av den før ho forsvann ut av syne. Ei fin naturoppleving i ei heller regntung haustferieveke.

Takk for at du leste bloggen. Skriv gjerne ein kommentar nedanfor og velkomen tilbake til neste blogg.

Forrige
Forrige

Novembermøte med Gunda

Neste
Neste

Bylandskap i Roma - den evige stad