Novembermøte med Gunda
Endeleg kom ein laurdag midt i november med godt vèr. Eit par minusgradar på morgonkvisten gjorde at det måtte brukast litt tid på å fjerne islag av båten. Blant anna må skyvedøra til styrehuset tinast opp. Medbrakt isfjernar på sprayboks og ein full termos med kokt vatn gjorde jobben. Erfaring frå tidlegare vintrar kjem godt med. Ei utfordring der båten ligg er at sjøen lett frys til. Heldigvis var det berre eit tynt isflak som hadde lagt seg, og det gjekk greitt ta båten ut.
Det vart ein solotur denne dagen, og planen var å svinge litt raskt innom tre av havørnpara. Eg hadde med fire tinte paler av ulik storleik. Først vart Gudrun og Ottar besøkt. Dessverre var ingen av dei heime. Det er jo og ein observasjon å notere og ta med seg. Det same gjentok seg hos Gyda og Tor. Kanskje meir forventa der. Eg måtte da setje fotokorta mine på Gunda og Otto. Da var det gått ein par timar av laurdagsformiddagen, og eg håpte det ikkje skulle bli ein bomtur. Bank i bordet, så er havørner blitt observert på alle turane som har vore fram til no.
Framme hos Gunda og Otto var først ingen av dei å sjå. Da eg runda eit nes litt tett på land så letta plutseleg Gunda rett over meg. Ho flaug vekk med ein gong. Eg følgde sakte etter, og la ein plan for kor eg skulle kaste ut fisken. Rekna med at ho ikkje likte at eg kom så brått på ho nær land.
Båten vart så lagt i posisjon der eg rekna med ho heldt seg. Eg kunne ikkje sjå ho, men rekna med at eg var observert. Den første litt større palen gjekk i sjøen, og det tok ikkje mange sekund før Gunda kom ut frå land. Ganske fort forstod eg på ho at palen hadde søkke. Ho returnerte difor til land og satte seg synleg i eit furutre, sjå første foto nedanfor. Eg heiv raskt uti ein mindre pale, og satsa på at den heldt seg flytande lenge nok. Ho venta lite grann, før ho letta og henta palen opp. Nedanfor er dette Gunda-treffet fortalt med fleire seriefoto før, under og etter fiskeopptaket.
Det var veldig artig å få dette treffet, etter ein og ein halv månad sidan sist tur. Det er lenge å vere vekke frå våre havørnvener.
Til sist er det eit par bonusfoto. Først ein storskarv som ikkje let seg affisere av den passerande båten. Det andre er frå da eg parkerte bilen utafor huset med stor aktivitet rundt fuglemataren. Eg kunne berre rulle ned vindauget og fotografere aktiviteten uforstyrra. Spettmeisen er ein favoritt, og herved presentert.
Med til dagen høyrer at eg observerte det som må ha vore minst 100 ærfugl på fjorden. Det har eg ikkje sett før.
Ein litt artig detalj kan du finne på eitt av bileta.
Alle foto er redigert i Lightroom og DxO PureRAW 5.
Gunda i ferd med å breie ut vengene og klart til å lette frå furutoppen. OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4. 1/2500 s, f/4, ISO 1000
Fotoserien nedanfor viser Gunda når ho lettar for å hente fisken i sjøen. Kameraet går med 25 b/s og fangar mange fine positurar i starten av flukta hennar.
Gunda har bikka ned frå fase 1 og siktar seg inn på palen i fase 2. Det er ikkje så ofte eg får havørna så rett imot.
OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4. 1/3200 s, f/4, ISO 1000
Framhald frå bildet over. OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4. 1/3200 s, f/4, ISO 1000
Det vart eit vellukka fiskeopptak av ein profesjonell fiskar. OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4. 1/3200 s, f/4, ISO 1000
Legg merke til høgre vingen og skyggen av hovudet til Gunda. Ein artig vri på eit elles standard havørnbilde.
OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4. 1/3200 s, f/4, ISO 1000
Gunda er ei stor havørn, og viser her kor stort vengespenn ho har.
OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4. 1/3200 s, f/4, ISO 1000
Vidare stilstudium av Gunda. OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4. 1/3200 s, f/4, ISO 1000
Bonusfoto
Ein storskarv poserte uforstyrra i novembermotlyset. OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4. 1/1600 s, f/4, ISO 1000
Eit par spettmeisar heldt det gåande i skytteltrafikk til fuglemataren. Så langt i år har eg talt ca 14 ulike fugleartar ved mataren. Det er ei glede å bidra til at småfuglane klarer seg gjennom vinteren. OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4. 1/800 s, f/4, ISO 2000
Takk for at du leste bloggen. Skriv gjerne ein kommentar nedanfor og velkomen tilbake til neste blogg.