Ser du flyet? Soloppgang i september
Det er ikkje så dumt å kikke ut av kjøkkenvindauget for å sjekke soloppgangen. På sjølvaste valdagen 8. september vart det ein svært så fargerik septembermorgon. Det var berre å utsetje frukosten, finne fram kameraet, montere telezoomen 40-150mm, og stille seg opp på altanen for å plukke ut motiv i skyane. Det vart nokre vel brukte minutt for å nyte og fange fargespelet som fylte morgonhimmelen.
Nedanfor er eit par panoramabilete, samt tre innzooma utsnitt. Det er ikkje alltid like enkelt å få fram dei rette fargane i redigeringa, dvs at det er samsvar med det augene såg. Eg trur det har treft rimeleg bra. Brukte her igjen DxO PureRAW 5 som RAW-konverter.
Slik såg himmelen ut ved hjelp av fem samanstilte foto. Olympus OM-1, M.Zuiko 40-150mm f/2,8 PRO. 1/100s, f/4, ISO 400, kl 06:37.
Dette er eit utsnitt av det første bildet. Det var fascinerande flotte skyformasjonar og eit usedvanleg vakkert lys.
I nedre venstre bildekant av biletet over, fann eg denne nesten UFO-aktige skyformasjonen. Dette er ein kandidat til eit større veggfoto. Olympus OM-1, M.Zuiko 40-150mm f/2,8 PRO. 1/160s, f/4, ISO 400, kl 06:36.
Meir sentrert i midten plukka eg ut desse skyformasjonane. Synes det er fint å kvile augene på denne type motiv. Olympus OM-1, M.Zuiko 40-150mm f/2,8 PRO. 1/100s, f/4, ISO 400, kl 06:35.
Ser du flyet? Som bloggtittelen peikar på, dukka det plutseleg opp eit fly i akkurat den skyformasjonen eg fokuserte på. Det var først berre som “noko svart” på himmelen, men så såg eg at det var eit fly. Da var det berre å ta fleire bilete, med dette utvalde til bloggen. Dette er også kandidat til eit veggfoto. Olympus OM-1, M.Zuiko 40-150mm f/2,8 PRO. 1/160s, f/4, ISO 400, kl 06:34.
Takk for at du leste bloggen. Skriv gjerne ein kommentar nedanfor og velkomen tilbake til neste blogg.