Otto rett imot
Søndag 24. august vart det igjen ein morgontur på sjøen med havørner og godt vèr i sikte. Vi kasta loss kl 08:00 og var tilbake to og ein halv time seinare. I mellomtida gjekk turen først til ein god fiskeplass den første timen. Der drog kapteinen opp den eine etter den andre fisken. Mest lyr, men òg nokre makrell. Mannskap Tore og Magne har sannsynlegvis kjøpt seg same sluken som kapteinen til neste tur!
Med god nok fangst i fiskekassa vart første havørnstopp hos Gyda og Tor med sine to ungar. I starten var det inga ørner å sjå. Men brått ga den eine ungen lyd frå seg, letta og landa eit stykke lenger borte under reiret. Den fekk servert ein makrell på land, men tok ikkje hintet og flaug ut av syne.
Da vart det å rette baugen i retning Gunda og Otto, som også har to ungar i år. Dei har vore bra aktive dei siste gongane dei har fått fisketilbod, så det var med forventning vi nærma oss. Vi vart ikkje skuffa, der dei henta opp 8-10 fiskar, inkludert makrell på land som Otto henta.
Det blir ofte mange like bilete, men denne gongen fekk eg ein fotoserie av Otto rett imot, jf tittelen på bloggen. Eg har ikkje fått havørner så rett imot, så det var moro å få det til denne gongen.








Fotoserie av Otto rett imot vist som karusell. Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/3200s, f/4, ISO 640, kl 10:02.
Gunda var raskt i svevet eit par minutt etter Otto, her i innflyginga i fase 2. Her klaffa det bra fotografisk med konturane av landskapet i bakgrunnen. Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/4000s, f/4, ISO 640, kl 10:04:07.
Gunda like før nedslag og opphenting av lyren som ligg i vasskorpa. Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/4000s, f/4, ISO 640, kl 10:04:08.
Sjøstøtt nedslag og vellukka fisking av Gunda. Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/4000s, f/4, ISO 640, kl 10:04:08.
Otto har levert frå seg fisk til ungane, og siktar seg inn på ei ventegrein. Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 500, kl 10:16.
Miljøfoto av Otto som kikkar ned på makrellen vi heiv på land. Der sat han fleire minutt før han letta og henta makrellen, sjå neste bilde. Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 640, kl 10:17.
Otto brukte god tid på å hente makrellen, og hoppa fleire gonger framover på bergen før han plukka den opp med eine foten. Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 320, kl 10:25.
Fiskar Gunda etter småhai? Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/3200s, f/4, ISO 500, kl 10:25.
Det var nok berre ein lyr. Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/3200s, f/4, ISO 500, kl 10:25.
Otto med eit siste stup for dagen der han knekk ned i fase 2. Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/3200s, f/4, ISO 500, kl 10:27.
Otto starta bloggen, og da passar det bra at han kan få avslutte denne bloggen med eit godt dobbeltgrep rundt lyren. Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/3200s, f/4, ISO 500, kl 10:27.
Takk for at du leste bloggen. Skriv gjerne ein kommentar nedanfor og velkomen tilbake til neste blogg.