Otto og Gunda leverer varene

Den eine årsungen til Gunda og Otto skrikande i svevet.

Det var 20 dagar sidan sist havørnsafari da eit lovande vèrvindauge omsider opna seg søndag 17. august. Denne første turen i august starta kl 0900 og varte i seks og ein halv time. Med sol over knallblå himmel, var det berre nordvesten som ga minuspoeng. Vinden frå nord var likevel godt handterleg, sjølv om det vart ein rimeleg frisk overfart til Ottar sitt havørnrike. Han viste seg etter ei stund, og fekk henta seg ein opptint matbit. Så gjekk kursen vidare mot Gyda og Tor, med forventning om aktivitet av dei to ungane. Sist i juli sat den eine ungen ved reiret, medan den andre heldt lenger inne på land, ute av syne frå sjøen. Dessverre var det verken vaksne eller årsunge havørner å sjå, så det vart ein bomtur.

Da var det å setje kurs mot Gunda og Otto. Det første vi såg der var ein av ungane i svevet. Ikkje lenge etter dukka begge foreldra opp. Begge to var ivrige etter å hente fisk, og kom gjerne samstundes. Da var det gjerne Gunda som var dominerande i fiskeopptaket. Det gjekk med 10-12 fiskar til dei to ungane dei har fostra opp i år. Vi har ikkje sett begge ungane samstundes, men etter denne økta er vi heilt sikre på at det er to ungar.

Ein variant hos Gunda og Otto var å kaste eit par makrellar på land. Otto sat nyskjerrig og tolmodig rett over oss da eg la båten heilt oppunder land og kasta makrellen på land. Etter å ha kikka ned ei stund, så letta han og landa ved makrellen. Der tok han den i nebbet, letta og i svevet satte høgre klo i makrellen for vidare transport. Det vart ein ny og fin fotoserie som er vist nedanfor.

Kristian Nicholls var ny medfotograf i båten denne søndagen. Sjølv om han er Canon-mann, så fekk han audiens hos Olympus-duoen Tore Idsøe og meg, men med 10% påslag på bensinspleisinga. Det siste berre tull, sjølvsagt.

Ottar og Gunda leverte varene i dobbel forstand. Først og fremst fiskevarene til sine to svoltne og skrikande ungar. Så fotovarer til oss naturfotografar som kom heim med mange og varierte fotomotiv. Det siste gir mange fine kveldar med vurdering og redigering foran Mac`en. Denne gongen fekk eg prøvd ut ein ny rutine i bilderedigeringa. Etter ein prøveperiode med DxO PureRAW 5, kjøpte eg til slutt full lisens. I utgangspunktet var tanken å teste eigenskapane for støyreduksjon, men eg forstod etter kvart at programmet kanskje først og fremst er ein glimrande RAW-konverter. Det er nesten som bildet er ferdigredigert når det kjem tilbake til Lightroom. Bruker det da som plug-in til LR, men det kan også brukast som sjølvstendig program.

I august står sola lågare på himmelen, og det vart eit ekstra sterkt motlys med havørna seglande inn frå sør mot nordavinden. Det ga fine og varierte motiv. I tillegg vart det viktig å treffe på eksponeringa.

Kort visitt hos Ottar

Ottar viste seg til slutt og henta opp ein fisk i nordavinden. Gudrun var ikkje å sjå. Ser du fisken i sjøen?

Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2000s, f/4, ISO 400, kl 09:40.

Ottar set kursen mot land.

Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2000s, f/4, ISO 400, kl 09:40.

Det løner seg å halde fokus ei stund i fase 3. Her såg eg etter kvart at det vart ein fin skugge på det skrå berget, der Ottar er på veg tilbake til reirområdet sitt.

Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2000s, f/4, ISO 400, kl 09:40.

Hos Otto og Gunda

Den eige ungen til Gunda og Otto landa i dette treet, etter å ha vist seg i lufta da vi kom fram til plassen.

Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/1000s, f/4, ISO 400, kl 12:01.

Otto med ein sjeldan bom på fiskeopptaket.

Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 400, kl 12:02.

Motlyset gir fin lysvariasjon i havørnalbumet. Her Ottar med eit nytt og vellukka forsøk på å hente ny fisk.

Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/3200s, f/4, ISO 400, kl 12:09.

Sjøstøtt nedslag av Otto igjen.

Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/3200s, f/4, ISO 400, kl 12:09.

Otto med eit solid fiskegrep i fase 3.

Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/3200s, f/4, ISO 400, kl 12:09.

Gunda ville og vere med på matauket til reiret. Her i kraftig motlys, og ein kan sjå kor stor ho er.

Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/3200s, f/4, ISO 400, kl 12:16.

Gunda i aksjon igjen, tre minutt etter sist fiskeopptak.

Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 400, kl 12:19.

Fiskehentinga gjekk i eit høgt tempo. Her er Otto i aksjon eitt minutt etter at Gunda var i aksjon. Han kom så tett på at han nesten fylte heile søkarbildet.

Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 200, kl 12:21.

Gunda hentar opp sin n`te fisk, i flott motlys. Ho er ei fantastisk flott havørn!

Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 320, kl 12:25.

Med etter kvart mange motlysbilder, prøvde vi å finne ein annan vinkel vekk frå sola. Det lukkast ganske så bra her med Gunda i aksjon igjen. Det neste bildet er frå same opptaket.

Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 320, kl 12:31.

Gunda er flott!

Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 320, kl 12:31.

Otto hentar makrell på land

Otto plukkar opp makrellen med nebbet.

Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 320, kl 13:45.

Han letta med makrellen i nebbet, og fekk ganske raskt overført den til høgre klo. Makrellen har som kjent ikkje symjeblære, og vil søkke med ein gong den treff sjøen. Løysinga blir å prøve å kaste den på land. Veldig gøy å få eit sånt unike bilde.

Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 320, kl 13:47.

Makrelloverføringa frå nebb til klo er nesten fullført.

Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 320, kl 13:47.

Gunda og Otto set seg raskt i grantrea for å vente på neste fiskekast frå båten. Her følgjer Gunda med når Otto stryk forbi etter raskt å ha levert frå seg makrellen i reiret. Han sette seg like bortanfor.

Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 320, kl 13:49.

Det er ca midten av august og framleis bra temperatur i lufta, i alle fall i direkte sollys. Her luftar Otto vengene og held nebbet ope for å kjøle seg ned. Trur ikkje eg har sett denne posituren før.

Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 320, kl 13:55.

Gunda “pustar” og med nebbet i den varme solsteiken.

Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/1600s, f/4, ISO 640, kl 14:18.

Eit siste blikk frå Otto før vi sette kursen mot båthamna eit stykke ut på ettermiddagen. 6,5 timar havørnsafari er absolutt ein fin måte å bruke ein solfyl søndag i Sunnhordland på!

Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/1250s, f/4, ISO 250, kl 14:25.

Takk for at du leste bloggen. Skriv gjerne ein kommentar nedanfor og velkomen tilbake til neste blogg.

Forrige
Forrige

Otto rett imot

Neste
Neste

Bondhusdalen - med og utan båt