Bondhusdalen - med og utan båt

I midten av juli gjekk ein miniferietur innover Hardanger, med innlagt stopp i Bondhusdalen. Det er ein fin tur å gå opp til Bondhusvatnet. Om sommaren er det mange turistar som og vil nyte denne naturperla. Elva som renn frå Bondhusvatnet er flott og vill. Ved vatnet overhøyrde vi ei svensk dame som på facetime erklærte til mor si at dette var det vakraste ho nokon gong hadde opplevd.

Motivet med båten i Bondhusvatnet er kanskje den mest fotograferte robåten i landet. Eg hadde ikkje store planar om landskapsfoto, men hadde sjølvsagt med kameraet i lag med 12-100mm f/4, på alle måtar eit perfekt reise- og landskapsobjektiv. Vèrmeldinga meldte sjanse for regnbyger, noko som kom i lunsjpausen ved Bondhusvatnet. Da eg såg ei regnbyge kom over breen og fjella i det fjerne, var eg snar med å finne fram Olympus`en for å prøve å fange lysstemninga som brått oppstod. Regndråpar i vatnet ga eit ekstra element til motivet.

Nedanfor er landskapsfoto med og utan den omtalte båten. Eg var sist i Bondhusdalen i 2009 og 2018. Til sist er det lagt inn to foto frå desse turane. Eg var blant anna spent på kor langt Bondhusbreen hadde trekt seg tilbake sidan 2009. Nedre del er ikkje lenger synleg. I 2018 var det for mykje snø til at brearmen vart synleg nok. I 2009 var eg på ekskursjon med samfunnsfagstudentar på gamlejobben ved dåverande Høgskolen Stord/Haugesund (no del av Høgskulen på Vestlandet). Litt artig å mimre i bildearkivet frå den turen. Det var sjølvsagt regn den gongen og.

Overnattingsplassar på denne kortreiste minituren var designhotellet Hardanger House i Jondal og det historiske Utne Hotel. Svært ulike hotell, etablert respektivt i 2019 og 1722 - begge får toppkarakter på kvart sitt vis.

Det var artig og inspirerande å jobbe med landskapsfoto igjen, etter fleire år med hovudfokus på fugl og havørn.

Med båt, juli 2025.
Olympus OM-1, M.Zuiko 12-100mm f/4 PRO. 1/400s, f/6,3, ISO 200, handhaldt. Redigert med DxO PureRAW 5 og Lightroom.

Utan båt, juli 2025.
Olympus OM-1, M.Zuiko 12-100mm f/4 PRO. 1/200s, f/7,1, ISO 200, handhaldt. Redigert med DxO PureRAW 5 og Lightroom.

Tar med eit raskt fotografert elvemotiv, med det genialt innebygde ND-filteret til OM-1.
Olympus OM-1, M.Zuiko 12-100mm f/4 PRO. 1/15s, f/8, ISO 200, handhaldt. Redigert med DxO PureRAW 5 og Lightroom.

September 2009. Brearmen er framleis synleg i nedre del.

Februar 2018. Det var for mykje snø til å kunne sjå kor langt tilbake breen hadde trekt seg.

Takk for at du leste bloggen. Skriv gjerne ein kommentar nedanfor, og velkomen tilbake til neste blogg.

Forrige
Forrige

Otto og Gunda leverer varene

Neste
Neste

Havørn med spansk vri / Águila marina con un toque español