Min guide til havørnfotografering
Denne artikkelen byggjer på mine erfaringar med havørnfotografering. Korleis fortonar ein typisk havørntur i båt seg? Kva er lurt å planlegge og huske på? Kva for fotoutstyr er i bruk, og korleis er dette satt opp for havørnfotografering?
Guiden er først og fremst mynta på naturfotografar, men har også avsnitt som kan vere interessante om du ikkje er fotograf. Artikkelen gir blant anna eit innblikk i kva som skal til for å få eit godt havørnbilde.
Eg starta for alvor med havørn som fotoprosjekt våren 2022, etter å ha tenkt ei stund på å bli kjent med havørner og fotografere desse i nærområdet i Sunnhordland. Det vart ein vellukka start, omtalt i denne bloggen frå 1. mai 2022. I dei tre åra som har gått har det blitt mange havørntreff, og nye havørnpar er lagt til besøkslista. Havørnbestanden er aukande, og det merkast i Sunnhordland også.
Guiden er delt inn i følgjande hovudavsnitt:
1) Fotoutstyret med i båten
2) Fototeknikkar og andre ting å hugse på i båten
3) Optimalisering av havørnfotografering
4) Variasjonar i motiv og lys
5) Fiskeutstyr
6) Avslutning
Gjennomgangen av fotoutstyret er spesifikt for Olympus/OM System, men prinsippa er relevante for andre kameramerke også. Omtalen av andre fototeknikkar er uavhengig av kameramerke. Det er alltid nyttig å kjenne sitt eige kamerasystem til fingerspissane.
Artikkelen er sist oppdatert 8. april 2025 (avsnitt om ISO-Auto).
Min Shimoda fotosekk pakka for havørntur. Her er det gjort plass til det andre reservekameraet Olympus OM-D E-M1 II.
Fotoutstyret med i båten
Kamerahus
I kamerasekken har Olympus OM-1 vore arbeidshesten sidan andre halvdel av 2022. Det kan skrivast mykje om sjølve kamerahuset, men her legg eg vekt på det som er relevant for havørnfotograferinga.
I artikkelen blir både Olympus og OM System omtalt. Bakgrunnen for det er at Olympus skilte ut kameradivisjonen i 2020, og der det nye selskapet OM Digital Solutions (OMDS) har tatt den stolte Olympus-arven vidare. OM-1, som vart lansert i februar 2022, er det siste kameraet som ber Olympus-namnet. For ein Olympus-brukar sidan 1979 er det litt sårt, men ingenting å gjere med. OM System ser ut til å leve godt vidare.
OM-1 er på mange måtar eit optimalt kamera for fuglefotografering. Det er kompakt, har høg skuddhastigheit og lynrask autofokus med fuglegjenkjenning som fungerer svært bra. Amateur Photographer kåra nettopp oppfølgjaren OM-1 Mark II til “Best camera for bird photography overall”.
I det vidare går eg gjennom nokre eigenskapar som er nyttige for meg som natur- og havørnfotograf.
BILDESEKVENSAR. OM-1 kan ta opptil 50 b/s med autofokus og 120 b/s med fokus låst på første bilde. Til denne type fotografering har eg valgt menyval SH2 med 25 b/s som tilstrekkeleg for å fange opp nyansane når ting skjer. SH2 gjer også at opptaket skjer flimmerfritt i den elektroniske søkaren. Det er ein stor fordel å kunne følgje havørna uforstyrra i søkarbildet med utløysarknappen aktiv.
BUFFERMINNET kan lagre 93 RAW-filer før kameraet treng meir tid til å flytte filene vidare til minnekortet. Bufferen rekk til 3,7 sekund opptak med 25 b/s. Her er det fristande å tenke på den oppgraderte versjonen OM-1 Mark II, som kom i 2024. Det har ein bufferkapasitet på heile 205 RAW-filer. Det fungerer bra med OM-1 per i dag, men for akkurat denne type fotografering vil den utvida bufferkapasiteten til OM-1 Mark II gjere ein positiv forskjell.
BILDESTABILISATOR. OM-1 har ein svært god bildestabilisator, der Olympus/OM System i mange år har vore best i klassen. Stabiliseringa blir ytterlegare forsterka i kombinasjon med stabiliserte objektiv som f.eks. 300mm f/4 PRO. Meir om dette lenger nede. Dette er særleg nyttig når havørna sit stasjonært og eg kan gå kraftig ned på lukkertida, samstundes som båten ikkje ligg dønn i ro.
VÈRTETTING. Kameraet har ei IP53-gradering for vèrtetting, unik for OM System. Det gjer at kameraet og tilsvarande vèrtetta objektiv kan tåle timesvis med regnvèr og sjøsprøyt, samt sandstorm og gjørmebad. Det er berre å spyle utstyret under springen. Digital Camera World stadfestar i denne artikkelen frå desember 2024 at av kameraprodusentane er det berre OM System som oppgir denne type gradering. Er du framleis i tvil, så ta ein kikk på denne Youtube-videoen med den ekstreme stresstesten som OM-1 blir utsatt for.
Mitt reservekamera er hovudsakleg Olympus OM-D E-M1X. Eg brukte det i den første havørnsesongen i 2022, og det leverte mange ypperlege bildevarer. Autofokusen er lynrask, men der fuglegjenkjenninga ikkje kjem opp mot OM-1. Ergonomisk er det nærast perfekt, og balanserer eit teleobjektiv glimrande.
Objektiv og anna tilbehør
På havørnturane har eg med tre objektiv, alle i proffdivisjonen til OM System, merka som PRO i objektivnamnet. Zuiko er tidlegare Olympus og no OM System sitt objektivmerke, kjent for sin kvalitetsoptikk. På japansk betyr Zuiko “lys av lykke”, eller “heldig lys”. Eit godt objektiv er like viktig som eit godt kamerahus, kanskje enno viktigare.
m.Zuiko 300mm f/4 PRO. Dette er eit fantastisk skarpt objektiv med god lysstyrke og innebygd bildestabilisering som samarbeider med bildestabiliseringa i kameraet, tilsvarande 8 stopp. Eg har utan problem tatt skarpe bilete på ca 1 sekund med dette objektivet, da sjølvsagt ikkje av ei havørn i flukt! Dette er arbeidshesten min når det gjeld dyre- og fuglefotografering, og skuffar aldri. Det er sylskarpt over heile bildeflata, sjølv på open blendar 4. Med god nærgrense kan det også brukast til makrofotografering.
Micro Four Thirds-standarden (M43) gjer at dette superobjektivet er relativt lett i vekt, 1270 gr utan og 1475 gr med stativadapter. Det lar seg fint handhalde i 5-6-7 timars fotoøkter i båten, der ein gjerne kjem heim med eit par-tre tusen bilete på minnebrikka. Eg hadde aldri orka å jobbe med ein fullformat 600mm f/4 handhaldt i båten.
Ein fordel med blendar f/4 i M43 er større dybdeskarpheit ved maks lysopning. F/4 gir same dybdeskarpheit som f/8 i fullformat, og sikrar at heile fuglen er skarp utan å måtte gå ned på blendar og dermed fange mindre lysmengde. Det er alltid ein fordel å unngå å auke ISO-verdien.
Ein ulempe er at det er fastoptikk, og dermed mindre fleksibelt enn ein telezoom. Som eg kjem nærare inn på lenger nede i denne artikkelen, så er det ei utfordring å berekne avstanden frå båten til der havørna hentar fisken. Ein telezoom vil gjere ein mindre avhengig av rett avstand mellom båten og fisken i sjøen.
m.Zuiko 40-150mm f/2,8 PRO. Dette er eit av mine absolutte favorittobjektiv. Fantastisk skarpt, kompakt og lyssterkt med største blendar 2.8. Objektivet er f.eks. brukt mykje til innandørsfotografering av volleyballkampar. På havørnturane er det mindre brukt, men er god å ha når havørna er så raskt på plass at eg ikkje rekk å få nok avstand til fisken. Det skjedde bl.a. da Ottar henta 10 paler i eit rasande tempo, som du kan lese om i denne bloggen. Da måtte eg bytte frå 300mm til 40-150mm rett og slett fordi eg ikkje rakk å få båten langt nok vekk før Ottar var på plass. Objektivet vikarierte ein periode i fjor vår da 300mm gjekk i dørken og måtte til OM System sin europeiske verkstad i Portugal. Det opna og opp for at eg prøvde meir på å filme havørn. 40-150mm er også kompatibel med telekonverteren MC-14, sjå omtale lenger nede, og gir da 210mm f/4 (420mm i fullformat).
m.Zuiko 12-100mm f/4 PRO er med i fotosekken i tilfelle det dukkar opp eit landskapsmotiv undervegs. Slik det f.eks. gjorde ein sommarkveld i 2024, sjå bildet under. Dette er nok eit skarpt og allsidig favorittobjektiv, som og er eit glimrande allround-objektiv på reise.
12-100mm f/4 var god å ha for å fange dette kveldslyset som braut gjennom ei opning i vest. Lyset var grått denne dagen, men eg hadde eit håp om at det ville opne seg ei lysrand rett før solnedgang.
Telekonverter MC-14 er kompatibel med 300mm f/4 PRO og 40-150mm f/2,8 PRO, og gir ei forstørring på 1,4x. 300mm f/4 blir da 420mm f/5,6. Med telekonverteren påmontert, så blir skarpheita på full blendar ein smule redusert. Eg brukar derfor å blende ned eitt trinn til f/6,3. Kombinasjonen 300mm+MC-14 er aktuell når f.eks. havørna sit i ro på land og eg kan da kome litt nærare motivet. Handhaldt bildeutsnitt tilsvarande 840mm i fullformat imponerer meg med dette systemet.
Batterigrepet HLD-10 vart kjøpt inn i 2024, etter ein altfor fristande tilbodskampanje med halv pris frå OM System. Batterigrepet bidreg til betre balanse mellom kamera og 300mm. Det blir litt meir vekt, men for å unngå enno meir vekt, så har eg ikkje batteri i batterigrepet.
Total vekt for kombinasjonen OM-1 + 300mm f/4 er 2074 gram. Det går fint å ha rundt halsen og handhalde i lengre periodar.
Av anna utstyr har eg også med ein god kikkert, Nikon Monarch 5. Det er heilt nødvendig å ha ein god kikkert for å kunne sjå etter havørner og andre fuglar som måtte kome forbi.
Kamerainnstillingar for havørnfotografering
EKSPONERING: Standardinnstillingar for havørnfotografering har vore manuell (M) eksponering med fast blendar f/4 og lukkarhastigheit stort sett mellom 1/2000-3200s, som oftast 1/2500s. ISO-verdien har da blitt justert manuelt etter lysforholda. I år har eg starta å prøve ut ISO-Auto i kombinasjon med lukkertidsprioritet (S), sjå neste punkt.
ISO-AUTO: Med ISO-Auto er blendar og lukkertid konstant, medan ISO-verdien varierer automatisk etter lysforholda. Det sikrar ei meir presis eksponering under skiftande lysforhold. ISO-A øvre og nedre standard er satt til intervallet ISO 200-6400. Eksponeringskompensasjon blir da gjort ved å over- eller undereksponere undervegs, ved å vri fremre hjul som peikefingeren opererer.
Eg har aldri knekt koden med ISO-AUTO i manuell modus (M), blant anna fordi kameraet ikkje bryr seg om den nedre grensa for ISO-verdi, som eg i har satt til 200. I M-modus kan kameraet likevel velge ISO 80 eller 100, noko som går ut over dynamikken og dermed lågare bildekvalitet. Så oppdaga eg litt tilfeldig at i lukkertidsmodus (S), så stoppar ISO-verdien som den skal på 200, og da er mitt ISO-problem i utgangspunktet løyst. / RED. 8/4-25: Her må eg gå tilbake på at S-modus stoppar nedre ISO-verdi på 200. Erfaringa frå turen 2. april viste at kameraet likevel valgte ISO 80 undervegs i fotoopptaket. Mi tidlegare testing av dette framprovoserte ikkje eit sånt resultat. Eit alternativ er å setje minste lukkertid for når kameraet vil auke ISO-verdien. For havørnfotograferinga vil det vere 1/2000s. Problemet er at dette berre gjeld for modus P og A. Det blir derfor å gå tilbake til manuell eksponeringsmodus, med fast ISO gjennom opptaket og justering av eksponering undervegs ved å justere lukkertida.
LYSMÅLING: Standard har vore ESP, altså matrisemåling over heile bildeflata. No har eg endra til sentrumsdominert lysmåling for prioritering av hovudmotivet som her er ei relativt stor havørn. I kombinasjon med ISO-Auto kan det bidra til å optimalisere lysmålinga undervegs i opptaket.
AUTOFOKUS: C-AF med fuglegjenkjenning. Fokuspunktareal er manuelt satt opp, sjå figur av superkontroll-panelet nedanfor. C-AF følsomheit er satt til 0. Den var ei stund satt til +2, men det har sannsynlegvis gjort autofokusen litt for hissig med større risiko for uskarpe bilete akkurat når havørna bremsar opp i det den plukker opp fisken frå sjøen. Takk til OM System ambassadør, Kai Jensen, for innspel om dette.
Eit triks til i fotoboka er å raskt kunne bytte mellom fokusområde. For denne type fotografering er det stadige skifte mellom havørn i flukt og stasjonært på land. Når havørna er på land, anten på bakken eller som oftast i eit tre, så vil eg ha eit avgrensa og midtstilt fokuspunkt. Derfor utnytter eg valghjulet som omkransar AEL-knappen på baksida, lett tilgjengeleg med høgre tommel. I posisjon 1 har eg lagt inn større fokusområde for flukt, medan posisjon 2 er programmert for lite fokuspunkt i midten.
SERIEFOTOGRAFERING: Hastigheitsserie SH2 innstilt på 25 b/s, med autofokus mellom kvart bilde. Det kan og veljast 50 b/s i denne modusen, men 25 b/s er tilstrekkeleg for å fange det som skjer.
BILDESTABILISERING: Fram til no har eg brukt innstillinga S-IS1, dvs at kameraet registrerer kamerarørsler i alle retningar. Etter tips frå OM System ambassadør, Jo Stenersen, så har eg i februar i år endra til S-IS2, som berre gir vertikal stabilisering. Det vil seie at ein held kameraet horisontalt og fotograferer med panorering horisontalt. Det kan teoretisk, og forhåpentlegvis praktisk, gjere autofokusen enno meir stabil når havørna hentar fisken.
AF-BEGRENSAR: Kameraet har tre førehandsinnstillingar for avstandsintervall. For havørnfotografering velger eg stort sett fokusintervallet 10-500 meter. Fordelen med å bruke AF-begrensar er at autofokusen raskare finn målet sitt. Eg har programmert den øvste knappen framme på kameraet til AF-begrensaren. Ved å halde knappen inne og vri på bakhjulet kan eg velge mellom dei tre lagra avstandsintervalla. 300mm har også fokusintervall på objektivet.
DOBLE MINNESPOR: OM-1 har doble minnespor, og kameraet lagrar parallelt til begge minnekorta. Det er trygt å kunne lagre ein backup allereie i kameraet. Minnekortet bør vere av typen UHS-II med lagringskapasitet 300 m/s for å takle den raske opptaksfrekvensen til kameraet.
EIGENDEFINERT MODUS. Kamerainnstillingane for fuglefotografering er lagra på lagringsplass C1, tilgjengeleg på modushjulet på toppen av kamerahuset. OM-1 har fire lagringsplassar for førehandsinnstillingar - C1, C2, C3 og C4. Ein forskjell frå E-M1X er at OM-1 lagrer endringar undervegs til C1. Det blir meir flyt i fotograferinga når ein slepp å lagre manuelt mellom kvar gong ein slår kameraet av og på. Ei merkbar og velkomen forbetring av operativsystemet.
GPS-DATA: OM System sin mobilapp, OM Capture, registrerer GPS-posisjonen på kvart bilde, samt av GPS-ruta som linje. Det skjer ved å kople telefonen med kameraet via bluetooth. Så gjeld det å hugse å aktivere GPS-opptaket i appen når turen startar og avslutte og lagre opptaket når båten er ved brygga igjen. Det er veldig nyttig å få GPS-koordinatar på kvart foto i Lightroom, samt i ettertid også kunne sjå på kartet i appen kor turen gjekk. Det er fleire gonger eg sjekkar GPS-data for å kunne ta igjen kor eg var på dei ulike turane, særleg dersom det tar litt tid mellom ein tur til ferdig fotoblogg er publisert. Gamlekameraet E-M1X har innebygd GPS, i tillegg til at det registrerer temperatur, høgde og vindretning.
Superkontroll-panelet (SCP) på bakskjermen vil typisk sjå sånn ut.
Fototeknikkar og andre ting å passe på i båten
AMT 215 PH er ein svært stødig og sjødyktig båt for vestlandsklimaet. Den er i bruk heile året.
BÅTEN er ein 21 fots AMT 215 PH der fotograferinga skjer på akterdekket. Å fotografere frå båt er ikkje alltid like enkelt. Båten kan rulle i bølgjene og av personar som flyttar seg frå side til side. Den kan bli tatt av straum og vind slik at eg må bruke tid og energi på å halde den i rett posisjon i forhold til havørna og fisken som vart kasta. Båten har styrehus som vinden lett kan ta tak i og snu den til sides. Det gjeld derfor å halde akterdekket i optimal posisjon. Heldigvis har båten utestyring som gjer det enklare å ha kontroll på posisjoneringa.
DOBBELSJEKK KAMERAINNSTILLINGAR. Eit sjakktrekk er å dobbelsjekke kamerainnstillingane før kvart fiskekast. Det er fleire gonger eg og andre medfotografar har bomma på feil innstilling på f.eks. lukkertid, bildehastigheit og fokusmodus. Endra kamerainnstillingar kan vere på grunn av at eit anna stasjonert motiv har dukka opp. Det er kjipt å oppdage etterpå at kameraet stod på enkeltbilde og ikkje 25 b/s, eller S-AF og ikkje C-AF.
LÅGT PERSPEKTIV. Når havørna kjem for å hente fisk blir det å setje sjøbein, og aller helst gå ned på kne for å få så lågt perspektiv som mogleg. Å kome ein halv til ein meter nærare sjøflata kan heve eit bilde fleire hakk. Med fleire fotografar i båten må ein også passe seg for ikkje å gå i vegen for kvarandre.
Når havørna kjem
Sjølve fotoopptaket frå fisken går i sjøen til havørna har henta fisken og frakta den til land har eg delt inn i tre faser:
FASE 1 - GLIDEFLUKT
Når fisken er kasta og havørna er på veg, så gjeld det å finne den i søkaren. Deretter aktiverer eg autofokusen med dedikert fokusknapp AF-ON for bakfokusering. OM-1 har ein dedikert autofokusknapp som skil autofokusen frå utløysarknappen. Her er det viktig å kople frå fokus på utløysarknappen. I OM-1 er det i menyvalg AF, side 1 - AF med halvveis trykk/Nei.
I søkaren sjekkar ein om fuglegjenkjenninga har markert ørna med ei kvit ramme. Havørna vil kome glidande med roleg tempo fram til den bestemmer seg for å gå ned og hente fisken. I denne fasen kan eg ta nokre bilete, men passe på å ikkje fylle bufferminnet i kameraet for mykje når det går unna med 25 b/s.
Tor i glideflukt før han knekk ned i stup.
FASE 2 - STUP
Frå glidefluktfasen vil havørna brått knekke ned til eine sida og stupe i full fart ned mot fisken i sjøen. I denne fasen er det lett å miste ørna av syne i søkaren. Det er derfor ein treningssak å følgje den i heile svevet. Med 300mm er ikkje det alltid like enkelt, særleg når havørna er i næraste laget. Å trene seg på andre fuglar på land kan hjelpe på teknikken. Etter mange slike situasjonar er eg ganske trygg på kva som skjer, men det kan likevel bli bom. I denne fasen er det berre å trykke ned med 25 b/s, men stoppe litt opp etter ei kort stund for ikkje å fylle bufferet for tidleg.
Gyda knekk ned og gir full gass i stupet, her i februar 2024.
Det kritiske punktet er som oftast like før, under og rett etter at havørna har henta fisken, sjå fotoserien nedanfor med havørna Odd i aksjon i januar i år. Det blir ein liten fartsreduksjon akkurat idet ørna set klørne i fisken. Da er det ekstra vanskeleg å halde ørna nokolunde midt i søkaren og for følgefokusen å halde fokuslåsen på ørna. Det er akkurat i denne fasen autofokusen i kameraet av og til har glippa. Med litt justerte innstillingar for kor fast autofokusen låser seg til motivet, så har dette betra seg.
Odd like før…
…under…
…og etter fiskeopptaket. Denne gongen vart det skarpt og fint.
FASE 3 - OPPSTIGNING
Når havørna lettar, så varierer det kor raskt og i kva for retning ørna stig, og ein må derfor halde vidare på konsentrasjonen. Det kan bli mange gode foto i denne fasen og. Blant anna vil ørna ofte bøye hovudet ned og sjekke fisken og eventuelt justere festet den har. Av og til det berre den eine kloa som har treft fisken, og da vil havørna gjerne feste den andre kloa i løpet av det oppadstigande svevet.
Otto sjekkar fangsten og justerer med venstre kloa.
Gyda stig her nesten rett opp, og eg klarer såvidt å halde ho innafor øvste del av søkarbildet. Når ein blir kjent med dei enkelte havørnene, så lærer ein for eksempel at Gyda har dette som sitt særtrekk.
Måsen kan opptre som linselus i både fase 1 og…
…i fase 3.
Måsehjelpen
Det kan vere at havørna ikkje kjem med ein gong. Da kan ein måse gjerne prøve seg på fisken, noko som kan gi artige bilder når den prøver å svelge ein heil pale. At måsen landar på fisken vil nesten alltid trigge havørna til å reagere frå land. Sånn sett er måsen fotografens beste ven når havørna av ein eller annan grunn nøler med å kome.
Gråmåsen prøver å svelge palen, som her var litt for stor.
Om fisken er litt for liten, så kan både gråmåse, og særleg svartbak, sluke heile fisken og stikke av med den. Da er den nokså tunglasta, og vi har sett fleire måsar som nesten ikkje klarer å lette med buken stappfull og tung av fisk. Igjen vil dette nesten garantert trigge havørna på land. Da set havørna full gass, og vil ofte klare å presse måsen til å gulpe opp fisken. Det kan du blant anna lese om her, der eg for første gang klarte å fotografere fisken på veg mot sjøen etter at måsen gulpa den opp.
Ei anna oppleving av dette er omtalt i denne bloggen frå april i fjor, som bilda nedanfor er henta frå.
Havørna gir full gass ut å presse palen ut av måsen til høgre. Det klarte den i dette tilfellet.
Måsen har fått med seg kva som kjem bak den.
Optimalisering av havørnfotograferinga
Ein havørntur startar normalt med å finne ein god fiskeplass og ta den tida det trengs for å få nok paler og lyr til å rekke til så mange havørntreff som mogleg. Det kan fort gå ein time med fisking, eller det kan gå fleire timar. Det gjeld å vere tolmodig. Av og til har eg hatt med heilfrosne fiskar som ikkje vart brukt på sist tur, noko som gjer at ein raskare kan gå i gang med fotograferinga.
Når fiskekassa er full nok, fotoutstyret er klargjort og havørnene er heime, så er det framleis fleire ting å tenke på for å optimalisere havørnfotograferinga, oppsummert i følgjande hovudpunkt:
VINDRETNING: Havørna vil som hovudregel lande mot vinden. Fisken blir derfor kasta med vinden med baugen mot vinden, dette for å få fuglen mest mogleg forfra. Er det vindstille, så er det meir eit sjansespel i kva for retning havørna kjem frå. Uansett kva side havørna viser til båten og kameraet, så kan det blir interessante bilder. Til og med ei havørn fotografert bakfrå kan bli eit godt bilde. Berre sjekk bloggen.
AVSTAND: Få passeleg avstand mellom båt og fisk, avpassa etter objektiv som blir brukt. Det kan skli ut dersom havørna ikkje reagerer med ein gong. Går det litt tid, så kan straumen ha ført fisken til ein heilt annan plass enn det vi har klart å følgje med på. Fleire gonger har vi meldt fisken tapt, men der havørna plutseleg lettar og hentar den lenger ute i fjorden.
UFISK: Unngå å fiske makrell! Den har ikkje svømmeblære og søkk med ein gong. Alternativet er frossen makrell, men den varianten har vi varierande hell med. Eit meir vellukka alternativ er å hive makrellen på land, det har vi hatt suksess med fleire gonger.
BAKGRUNN: Unngå å kaste fisken slik at det er risiko for forstyrrande element i bakgrunnen, f.eks. hus på land, andre båtar, bruer etc. Ei bru kan forsåvidt fungere bra som bakgrunn for ei havørn, men da avslører ein også fort kor ein har vore. Det er ikkje alltid ønskeleg.
BÅTBØLGJER: Følgje med på andre båtar i nærleiken, og vente til eventuelle bølgjer frå større båtar har passert.
Variasjon i motiv og lys
Havørnfotografering handlar om meir enn berre havørna som kjem og hentar fisk. Det kan vere interaksjonar med andre fuglar som måse og kråke, landingssekvens i tretopp, eting på land og i tre, rensing av nebb, havørna som bommar på fisken, havørnungar som tiggar mat og blir fôra utafor reiret. I tillegg er det fint å få bilde av havørna i sitt miljø, anten det er på land eller i lufta. Å zoome litt ut og inkludere større del av landskapet rundt gir andre perspektiv og inntrykk.
Det eg manglar i fotoarkivet er eksperimentering med lang lukkertid. Kanskje 2025 er året for det?
I det vidare har eg prøvd å eksemplifisere ulike motiv og situasjonar.
Havørn i motlys
Motlys gir fine kontrastar av ei ungørn i februar 2025.
Otto i motlys, 26. september 2024.
Havørn i kveldslys
Otto i kveldslys, mai 2024.
Gyda ein augustkveld i 2024.
Andre situasjonar
Ottar landar i øvste furutoppen, klar for neste fiskekast.
Ottar finpussar nebbet mot furunålene etter eit godt fiskemåltid i eit anna furutre. Der sat han på ei tjukk grein og grovrensa nebbet før han flaug opp i eit anna furutre.
Ottar nyt eit velfortent måltid på land.
Gudrun kjem med makrell til ungen i 2023. Det er mykje skrik og skrål å høyre frå havørnungane!
Fotografering i hekketida og andre tider
Havørnungen fekk servert maten på land, og reiv ut innmaten før resten av makrellen gjekk ned i svelget.
Havørnene treng fred og ro når det nærmar seg hekketid, gjerne i mars-april. Da skal ein nærme seg forsiktig og halde god avstand til reirplassen. Erfaringsmessig viser havørnene likevel interesse for båten som dei over tid er vant til kjem med ein matbit.
Interessa for båten og fiskane i fiskekassen er særleg stor når ungane er klekt ut og matbehovet er stort. Er det i tillegg to ungar i reiret, som hos Gyda og Tor i fjor, så er det dobbelt så travle foreldre. Om dei er dobbelt takknemleg for båten som kjem er ikkje godt å seie.
Havørnungane er ute av reiret når det nærmar seg august. Da driv foreldra tydeleg opplæring av ungen i livskunsten å skaffe seg mat. Begge foreldra kan sitje å vente på at ungen skal hente fisken i sjøen. Går det for lang tid, så kjem gjerne den eine vaksne til slutt og serverer fisken til ungen som sit på land. Med havørnungane ute av reiret, så blir det alltid mykje tigging av mat med skrik og skrål, og mange fine situasjonar å fange med kameraet.
Ein uskreven regel er å ikkje publisere bilde av reir med ungar i, og forsåvidt ikkje av reir i det heile tatt. Det kan trigge uvelkomne gjester på to bein som vil plyndre egg. Det ønskjer ingen naturfotograf å bidra til.
Det er liv i ørneleiren når ungane er i lufta. Her prøver Tor å kome seg unna den skrikande ungen. Motivet oppstår i brøkdelen av eit sekund, men autofokusen på OM-1 er heldigvis lynrask.
Fotoseriar
Å bruke fotoserie for å fortelje ei histore kan vere effektfullt. Sjølv har eg ein tendens til å leggje ut fleire foto frå same fotoserien, både fordi det er vanskeleg å velge vekk foto, men også for å vise meir av ei og same hending eller aktivitet. Nedanfor er eit eksempel frå da Ottar føyste ned havørnungen frå furutoppen den sat og kvilte i, henta frå denne bloggen i februar i år.
Ottar pressar ungørna ned frå tretoppen.
Det klassiske er fotoseriar av havørna som hentar opp fisken, slik det er vist i serien nedanfor. Her kjem Otto i fint kveldslys rett mot båten. Det midterste bildet er reine oppstandelsesbilde. Bildeserien er henta frå denne bloggen, frå andre pinsedag i mai 2024.
Otto like før…
…under…
…og etter fiskeopptaket.
Motiv som skil seg ut
Av og til oppstår det nye og uventa situasjonar og motiv. Det krydrar fotoarkivet å få variasjon frå det som ofte kan bli repetisjon av dei same bildene. Når det er sagt, så opplever vi nesten alltid noko nytt på kvar tur. Det gøyaste er å oppdage nye havørnpar og reirplassar, men vi lærer som oftast noko nytt kva gjeld havørnåtferd og. Kvifor reagerer ikkje havørna no? - er eit ofte stilt spørsmål i båten.
Svartbaken tar ingenting for å liggje på ryggen og forstyrre innflyginga til havørna, her frå 1. mai 2022.
Svartbaken nappa ei fjør ut av skuldra til Otto.
Gyda bommar på fisken, 5. september 2024.
Gråmåsen tar tak i høgre vingen til Gunda. Alternativ tittel: “Gråmåsen bidreg til ørneløftet i Sunnhordland”.
Ottar dyttar ungørna ned frå furutoppen.
Havørna jager svartbaken som har stukke av med ein pale. Ferda gjekk langt utover fjorden, men denne gongen lukkast det ikkje å tvinge svartbaken til å gulpe opp att palen.
Miljøfoto
Det er også fint å setje havørnene inn i det landskapsmiljøet dei lever i. Her er nokre fotoeksempel på det.
Tor mellomlandar med fisken i eit dødt tre.
I Otto sitt fjordrike.
Kongleørna!
Fiskeutstyr
Perfekt havørnmat!
Havørnturane handlar om dei to f`ane - fisking og fotografering. Det er ikkje så mykje spesielt å skrive om fisking og fiskeutstyr, men det er samstundes ein viktig del av havørnfotograferinga. Utan fisk, inga havørn. Stort sett i alle fall. Nedanfor er nokre hovudpunkt.
Garmin ekkolodd fastmontert i båten hjelper til med å finne fisk
God fiskestang og snelle. Kanskje meir viktig enn ein trur, sidan det kan bli mange timar med fiskestanga i løpet av ein dag.
Fiskekasse med lokk, kjøpt på Biltema. Lokket gjer at det ikkje blir så mykje blodsprut i båten. Fisken får ein kraftig kakk i skallen med kleppen. Likevel kan det bli blodsøl, særleg med makrell i kassen.
Ein god fiskehåv for å sikre fisken opp i båten, og hente opp fisk som ikkje blir tatt av ørna. Kvar fisk er dyrebar på turane, så dette er ei ekstra god forsikring.
Bøtte med vatn og klut for å vaske og tørke handa etter å ha kasta ut fisken.
Avslutning
Forfattaren sjølv ser i kameraet. Foto: Tore Idsøe
Å fotografere havørn er fantastisk moro, interessant og lærerikt. Det skjer alltid noko nytt og uventa på kvar tur, anten det blir høg eller låg havørnaktivitet. På fjorden er det også andre fuglar, særleg i vår- og hausttrekket. Sunnhordlandsfjordane er også eit eldorado naturmessig og inviterer blant anna til landskapsfotografering.
Ein havørntur med båten er også balsam for sjela, med mykje frisk luft, godt med lys og generell nærkontakt med naturen. Gode fotokameratar gjer turane sosiale og mange gode historiar er delt i båten.
Takk for at du leste denne guiden. Kanskje har du nytte av den som fotograf sjølv, eller det berre var fint å lese om temaet. Det var uansett nyttig for meg sjølv å skrive den!
Som alltid er du invitert til å skrive ein kommentar i kommentarfeltet nedanfor, og vel møtt til neste blogg som garantert kjem ein gong.