Septemberbom for Gyda
Fotobloggen er snart tre månader på etterskot, i forhold til havørnturane som har vore etter august. Her kjem omsider ein turrapport frå havørnsafarien 5. september. Det vart eit føremiddagsbesøk hos Gyda og Tor. Vèret var fint, med stille fjord og kanskje litt for sterk sol når det nærma seg midt på dagen.
Gyda og Tor var framleis interessert i å hente fisk, og vi observerte den eine ungen i både flukt og kvilande i toppen av eit tre i nærleiken av reiret.
Gyda fekk ikkje den beste starten på september, og viste igjen at ho ikkje alltid meistrer fiskekunsten. Ho gjorde ein solid bomtur, som eg fekk fanga heile sekvensen av med kameraet. Eit par-tre utdrag er tatt med nedanfor.
Det var elles kjekt å sjå den eine havørnungen igjen. Måtte den overleve første året, som er svært tøft for alle havørnungar.
Alle foto med Olympus OM-1 og m.Zuiko 300mm f/4 Pro.
Den eine ungen kom flygande over furutoppane, med skrik og skrål etter mat! Tor ser ut til heller å ville kome seg vekk.
Tor med sikkert blikk mot målet.
Den obligatoriske fiskesjekken må til. Kva var på menyen i dag?
Gyda treff tilsynelatande midt på fisken med høgre kloa si.
Alt ser bra ut, men...
Det vart dessverre heilbom. Gyda ser litt overraska og betutta ut der ho stig opp utan fangst.
Tor fiksar fisken!
Den eine ungen som viste seg i dag sette seg i ein furutopp, svært så fotogen for fotografen.
I sterkt motlys var det vanskeleg å få optimal eksponering. Men, fint å få situasjonsbilete når ungen lettar frå furutrèet.
Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.