Fotoutstilling “Naturfoto i Sunnhordland”
I perioden 2. november til og med 5. desember er du velkomen til mi første fotoutstilling i lokala til Print og Ramme på Leirvik, Stord. Motiva er kortreiste fotografi av landskap, havørn og andre fuglar i Sunnhordland - med to unntak. Kva unntaka er, får du sjå på utstillinga.
Eg har i fleire år hatt med kameraet til lands og til vanns på jakt etter dei gode fotomotiva og det gode fotolyset. Naturen i Sunnhordland er eit eldorado for ein naturfotograf. Dei siste tre åra har eg hatt særskilt fokus på dei lokale havørnene.
Utstillinga inneheld 15 bilete i ulike storleikar.