Ein hyllest til 10-årsjubilanten Otto
Otto er 10 år i år. Det fortener ein hyllest. Min hyllest blir i form av 10 utvalde foto av han. Eitt for kvart år han har levd.
Første treff med Otto, 28. desember 2022.
Otto vart født i Suldal i 2014 og ringmerka 17. juni det året. Dette i følgje data frå Norsk ringmerkingssentral ved Stavanger museum. Han var ein av to ungar i reiret. Seinare registreringar av han er gjort i Yrkje i 2016, og frå 2022 i det noverande territoriet i Sunnhordland. Som ung havørn søkte Otto altså utover mot kysten og hamna til slutt i Sunnhordland.
Eg fanga han med fotoapparatet første gang 28. desember 2022. Ikkje frå båten, men tilfeldigvis til fots.
I 2023 og 2024 har det blitt fleire treff, og vi er etter kvart blitt godt kjent med Otto og maken Gunda, som ikkje er ringmerka. Inkludert i “vi” er mine gode fotovener Tore Idsøe og Magne Langåker. Det er alltid kjekt og sosialt å ha fotokameratar med i AMT`en.
Otto og Gunda har hatt vellukka hekking dei to siste åra. I år er det ganske sikkert to ungar i reiret. Fjorårsungen vart fotografert i lag med Gunda i vår. Med to ungar krevst det mykje mat for å fostre dei opp.
I vinter har Gunda og Otto vore på flyttefot og etablert seg i eit nytt reir. Det var stor stemning i båten da eg fann det nye reiret i vår.
Over tid er det interessant å observere dei ulike åtferdsmønstra hos havørnpara vi følgjer. Otto utmerkar seg som ein ypperleg fiskar, fleire hakk meir aktiv enn maken Gunda. Når han først har bestemt seg, så nøler han ikkje. Han kastar seg ut frå trèet han ventar i, tar kortaste veg på innflyginga og hentar opp fisken. I forhold til Gunda er eit grovt overslag at Otto har tatt opp 75 prosent av fisken vi har kasta til dei.
Gunda kan i større grad bruke meir tid på innflyging, sirkle litt rundt og kikke ned før ho endeleg bestemmer seg. Så viser fotoarkivet òg at Gunda er den som oftast bommar på fisken. På ein tur i september i år trekte Gunda seg i innflyginga nokre få meter over sjøen. Vi var opptekne med å følgje Gunda med kameraet, og før vi fekk snudd oss så hadde Otto kome etter og allereie henta opp fisken. Effektive Otto! Etterpå sette Gunda seg eit stykke unna Otto, før ho etter ei stund flaug bort og sette seg på sida av han. I det dei møttes, så vart det ein høglytt “prat” mellom dei. Det var nesten som Otto kjefta på Gunda for at ho ikkje fekk opp fisken, og han måtte ta ein ekstra tur. Det er alltid noko nytt å observere.
Otto er ein flott representant for havørnbestanden i Sunnhordland. Måtte han leve i minst 10, om ikkje 20 år til!
Her er lenker til nokre andre fotobloggar med Otto:
Dei 10 bildene nedanfor er lagt inn frå eldste til nyaste dato. Klikk på bildet for å fylle skjermen.
Takk for at du leste bloggen og deltok i hyllesten til Otto!
Svartbaken nappar fjøra av Otto, 31. mars 2023. Dette er det mest dramatiske fotografiet eg har av ei havørn, og er ein del av ein fotoserie tatt på veg til påskeferie i 2023. Heile serien ser du her. Otto har nett henta opp ein fisk, og er nok mindre manøvreringsdyktig da svartbaken gjekk til bakholdsangrep. Svartbaken køyrde nebbet godt ned i skulderpartiet til Otto og drog laus ei lang fjør. På bildet blinkar Otto med auget, han har nok merka at noko skjedde på ryggen hans. Litt smertefullt har det sikkert vore. Eg var heldig med fotoopptaket, da eg såvidt fekk Otto innafor søkaren. Kva eg faktisk hadde fotografert oppdaga eg ikkje før bildene var lagt inn på Mac`en. Det er ekstra kjekt å vere havørnfotograf når slike situasjonar blir fanga.
Otto i vakkert kveldslys, 5. mars 2023. Det er tatt mange tusen havørnfoto dei siste åra, mange svært like. Innimellom er det likevel nokre foto som skil seg ut. Det er fleire forhold som kan få eit bilde til å skilje seg ut, for eksempel ein spesiell aktivitet, positur, eller lysforholda. Her er det ein god kombinasjon av positur og kveldslys med Otto i motlys. Det lyser opp baksida av fjøra og får fram ørna på ein god måte. Dette bildet er ikkje publisert før.
Pinseørna Otto, 20. mai.2024. Frå ein vakker vårkveld der Otto kom rett mot båten. Henta frå denne bloggen, der du òg kan lese om utprøving av ein ny redigeringsteknikk i samspel mellom Lightroom og Photoshop.
Pinseørna Otto, 20. mai.2024. Otto har sjekka fangsten, og er i ferd med å feste venstre klo i fisken. Her speler både positur og lyset på lag med fotografen. Henta frå denne bloggen.
Otto lettar etter ein liten pause på neset i kveldinga, 24. mai 2024. Han sit som oftast i eit tre, difor var det ein fin variasjon å få eit bilde av han på bakken. Meir om denne turen i denne bloggen.
I Otto sitt havørnrike, 24. mai 2024. Det er fint å ta miljøfoto av havørnene òg. Henta frå denne bloggen.
Kongleørna Otto. 2. juni 2024. Det er ikkje kvar dag det oppstår ein ny ørneart. Med alle desse grankonglene, så måtte det bli kongleørna! Henta frå denne bloggen.
Fiskaren Otto med ypperleg kroppskontroll. Han bommar sjeldan på fisken i sjøen. 2. juni 2024, henta frå denne bloggen.
Otto med perfekt nedslag, 26. september 2024. Bildet er ikkje publisert før.
Luftakrobaten Otto i aksjon, 2. oktober 2024. Det er fantastisk å studere og oppleve på nært hald kor raskt det går når havørna går frå glideflukt, knekk ned i stup og set full fart ned mot sjøen. Luftens baron! Bildet er ikkje publisert før.
Takk for at du leste hyllesten til Otto. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.