Fredagsmøte med Gunda og Otto

Fredag 20. september kasta vi loss rett etter jobb. Lovande vèr med lite vind og stille sjø er gode lokkemiddel for havørnentusiastar.

Fotografane svinga innom to reir denne ettermiddagen og tidlege kvelden. Ved det første reiret til Gyda og Tor observerte vi ein av dei vaksne i lufta på lang avstand. Den var dessverre ikkje interessert i oss, og vi hadde heller ikkje fått opp fisk til den. Dei to ungane var ikkje å sjå. Ein elles så sikker fiskeplass svikta og.

Fiskekassen var difor tom da vi sette kursen mot Gunda og Otto sitt revir. Der fekk vi omsider opp ein lyr og ei lita kolje. Begge to var i aksjon, men igjen var det Otto som var den aktive og suksessfulle fiskaren. Ein fin variant var å fotografere begge to samla i flukt på veg til å setje seg i kvar sitt grantre. På biletet nedanfor kan du sjå om du ser dei att i granskogen.

Med fleire fiskar hadde vi nok fått fleire fotoopptak, da det var tydeleg at i alle fall ein unge sat i reiret og vart mata av Otto. Likevel ei god og gledeleg foto- og opplevingsøkt i lag med våre flotte og trufaste havørnvener. Om dei kjenner på venskapet på same måte kan ein ikkje vite, men noko kopling til oss og båten er det nok etter kvart.

Alle foto med Olympus OM-1 og m.Zuiko 300mm f/4 Pro.

Otto kom på vengene og studerte matfatet nøye. Klokka er 18:08 og kveldslyset speler på lag med oss resten av denne fotoøkta.

Ser du Otto til venstre og Gunda til høgre?

Nytt forsøk for Otto da ein lyr vart kasta ut.

Kontrollert innflyging igjen.

Sikkert fangst for Otto igjen. Vi har eit subjektivt inntrykk av at han hentar om lag 75% av fisken til reiret.

Den obligatoriske synssjekken må til.

Ny runde for Otto. No etter ei bitte lita kolje vi fekk opp og kasta uti for å sjå om han var interessert i den og.

Otto plukka opp den lille kolja, så her gjeld det å samle den maten ein kan få. Han frakta den rett opp i reiret.

Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.

Forrige
Forrige

Vøringsfossen

Neste
Neste

Septemberbom for Gyda