Ottar og ein ukjent

Det nærmar seg slutten av mars, og snart ein månad sidan sist havørnoppdatering. Med litt skiftande vèrforhold her i Sunnhordland, samt eit par travle helger, så vart det berre to båtturar i mars. Den første var ein standard havørntur ein ettermiddag. Det andre havørntreffet kom tilfeldigvis på ein langtur med båten frå Stord til sør for Haugesund, om lag 35 nautiske mil. Meir om den turen lenger nede.

Ottar på fiskehugget

På ein litt kortare ettermiddagtur blir det å prioritere tida. Frysaren var tom for flytande fisk, og det vart derfor å hive ut snøret og håpe på betre fiskelykke enn det har vore tidlegare i år. Det slo heldigvis til, og fleire paler landa i fiskekassen. Det er framleis tidleg i hekketida, og det er derfor ikkje nødvendig med mange fiskar. Eit havørnpar vil berre hente eit par fiskar til seg sjølv når det ikkje er ungar i reiret.

Fleire havørnpar var ikkje heime denne dagen, men hos Ottar og Gudrun var det liv. Det var ikkje teikn til liv med ein gong, men etter nokre minutt i ikkje heilt gunstig nordavind, så kom plutseleg Ottar flygande utover mot båten, snudde og landa i ein av sine faste furutoppar. Kroppsspråket var klart - framoverlent på greina og tydeleg interessert i fisk. Han kom kjapt på første kastet, henta fint opp første palen, nesten litt for nærme båten og 300mm min. Så forsvann han ut av synet ei stund.

Litt seinare, og med båten drivande litt nær land i nordavinden, så kom han plutseleg tilbake og landa i næraste furutopp, ikkje mange meter frå båten. Ottar er utan tvil den mest kontaktsøkande av våre havørnvener, og den som gjerne landar nærast båten også. Han er rett og slett ein favoritt blitt.

Så kan ein lure på om han har fått litt primadonnanykker? På det andre kastet prøvde eg å få båten lenger vekk, men det var tydelegvis for langt for Ottar. Han vart sitjande på furugreina si, sjølv om det kom måsar og prøvde å stikke av med palen. Ingen reaksjon frå Ottar. Til slutt vart palen henta opp att med håven og gjort klar for eit nytt kast ein god del nærare. Da letta Ottar idet eg løfta opp palen, og var altså på vengene før palen vart kasta. Han kom ganske nærme, og 300mm var heilt i grenseland når det gjaldt bildeutsnittet.

Ottar i full konsentrasjon i fase 2. Heilt greitt å ikkje vere mottakar for dei klørne.

Landingssekvens for Ottar som brått landa rett ved båten.

Ottar har landa på greina si, og set seg tålmodig til å vente. Her var han kresen på kor langt han måtte fly for å hente den andre palen. Nesten litt bortskjemt, den gode Ottar?

Ottar letta idet eg løfta opp palen og før eg fekk kasta den. Han er ein eminent fiskar, og brydde seg ikkje om litt bølgjer i nordavinden.

Klassisk havørnpositur og godt grep med begge klørne i oppstigningsfasen.

Ukjent havørn ved Karmøy

I mars vart det ein ekstraordinær arbeidsdag med langtur sørover mot Haugesund. Ein kollega og eg la ut frå Stord kvart på sju om morgonen, og hadde om lag 33 nautiske mil foran oss ut Bømlafjorden og over Sletta mot Haugesund. Vèret var meldt bra med 4-5,5 m/s over det vèrutsatte og opne havstykket Sletta. Ryvarden fyr er eit kjent landemerke på denne strekninga. Det var ein del dønningar som møtte oss ut Bømlafjorden, og som dreide sørover da vi kom ut i ope havstykke. Det gjekk fint å ri på dønningane sørover med rimeleg god fart i båten. Igjen så viste AMT`en kor god og stødig den er i nesten all slags sjø.

Etter 1t 45min var vi framme ved første stopp i Førresfjorden, etter å ha passert gjennom Røyksund. Det første som møtte oss var sjølvsagt eit havørnpar på veg sørover retning Karmøy. Det var kanskje det paret vi observerte seinare på dagen, sirklande høgt over søndre del av Karmsundet.

Når kollegaen min var på synfaring på land, så kunne eg nytte tida til å få opp nokre paler. Kamerasekken er som alltid med i båten. Med dei to sirklande havørnene i sikte, så heiv eg uti ein pale. Den eine havørna hadde da satt retning nordover, og eg håpte den andre fekk med seg kastet. Det gjekk berre nokre sekund, så kom det fleire måsar og prøvde seg på palen. Det var nok til at havørna kom som ein prosjektil rett imot oss. Den svinga fram og tilbake i fase 2, og var vanskeleg å halde i søkaren. Likeeins var det vanskelege lysforhold med sol og skyfri himmel. Sjølve fiskeopptaket gjekk fløyten, men eg fekk likevel med meg fleire gode fotoopptak.

For kollegaen min var dette den første havørnopplevinga på nært hald. Det er nesten som eg må kalle denne havørna for Håkon!

Returen til Stord gjekk tidleg ettermiddag. Vel framme viste loggen 85 nautiske mil med heilt stille vind og sjø i sør, men med ein del kaossjø over Sletta på tilbaketuren. Nordvesten var likevel ikkje verre enn at Yamaha`en førte AMT`en i 14-16 knops fart nordover, marsjfarten elles er 23-24 knop. Slike arbeidsdagar skulle ein gjerne hatt fleire av.

Håkon går over frå glideflukt i fase 1 og sidevegs over i fase 2.

Nesten full stopp i lufta før ny knekk kjem og Håkon fortset i fase 2.

Nesten som havørna Håkon byr opp til dans.

Etter “dansen” er det full fart nedover i fase 2.

Det gjekk så fort på slutten at eg ikkje fekk med sjølve fiskeopptaket. Ein god erstattar var likevel dette bildet i fase 3. Lurer du forresten på kva desse fasane er, så kan du orientere deg i denne guiden min om havørnfotografering.

Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.

Forrige
Forrige

Eg velger meg havørnapril

Neste
Neste

Min guide til havørnfotografering