Eg velger meg havørnapril

Fotokarane på denne turen. Frå venstre: Tore Idsøe, Magne Langåker og kapteinen.

Med eit hint til Bjørnstjerne Bjørnson sitt kjente dikt “Jeg velger meg april”, er det klart for årets første aprilblogg.

2. april gjekk tre fotokarar i båten etter normal arbeidstid, med forventningsfulle fotobagar og tankar om det er teikn til hekking blant våre etter kvart mange havørnvener. Eit fantastisk vestlandsk vårvèr gjorde turen på 2,5 timar nesten som ein sommardag, skulle berre hatt 10 grader høgare på gradestokken.

Kursen vart først sett mot Gudrun og Ottar. Der kunne vi på god avstand konstatere at ei ørn låg på reiret. Ein gledeleg observasjon. Det gjekk ikkje mange minutt før ørna reiste seg, letta og landa litt bortafor i ein furutopp, klar for fiskeopptak. Det var sjølvsagt vår lysbrysta Ottar. Rett etterpå viste maken Gudrun seg og flaug bort og la seg på reiret. Dei samarbeidar godt, desse havørnene.

Ottar henta to paler. Den første åt han sjølv på ei furugrein. Den andre henta han da nokre måser prøvde seg. Da tok han litt av palen til seg sjølv, men frakta så resten opp til Gudrun. Ein ekte gentleman. Frå reiret kom det nokre høge lydar frå Gudrun, som kan tolkast i retning av at ho var fornøgd.

Safarituren vidare gjekk til Frøya og Odd, men der var det ingen heime. Så vidare til Gyda og Tor, som ikkje har vore så synleg i år, men likevel observert eit par gonger, første gong i januar. Igjen var det gledeleg å sjå at Gyda låg på reiret. Tor sat litt lenger borte og henta to paler han og. Men, i motsetnad til Ottar, så åt han begge sjølv. Det er eit mønster vi har sett før, at han ikkje nødvendigvis deler så mykje. Så kan det og vere at det ikkje var lenge sidan Gyda hadde fått ein matbit.

Til sist var det ein kort stopp hos Gunda og Otto, sist fotografert 28. februar. Frå tidlegare observasjonar er vi ganske sikre på at det er hekking i reiret, men akkurat denne ettermiddagen ville ingen av dei vise seg. Det blir spennande å følgje med dei utover våren.

Fototeknisk prøvde eg igjen ut ISO-Auto, men sleit med det i det kraftige motlyset, særleg hos Ottar. ISO`en varierte mellom 120 til 2500 på same kastet, utan at eg raskt nok klarte å kompansere manuelt. Eg er derfor tilbøyeleg til å gå tilbake på det eg skreiv om ISO-Auto i eksponeringsval S (lukkertidsprioritet) i guiden min om havørnfotografering.

Alle foto som vanleg med Olympus OM-1 og m.Zuiko 300mm f/4 PRO.

Ottar i motlys

Det vart ein bra første fotoserie av Ottar i motlyset. Igjen kom han såpass kjapt at eg såvidt rakk å få båten unna for så å finne han i søkaren. Klarte akkurat å fange han i søkaren på slutten av fase 2. ISO-Auto ga ISO 2500 i motlyset, heilt i grenseland for høglysa. Bilderedigeringa i etterkant fjerna likevel bildestøyen fint med god detaljering. Det blir som i eksponeringsprinsippet ETTR (Expose to the Right), for så å trekke eksponeringsspaken tilbake i Lightroom. Sånn sett fungerte ISO-Auto bra, men problemet er at det går for raskt i svevet for manuell eksponeringskompensasjon når det er så store lysvariasjonar som denne ettermiddagen. Da han f.eks. var i fase 1 med blå himmelbakgrunn, så undereksponerte kameraet med ISO 80.

Ottar er treffsikker som vanleg.

Ottar er ein imponerande havørnfiskar!

Ottar legg seg langflat foran fisken, i vakkert motlys, og eg som fotograf takkar og bukkar til denne flotte havørna som bidreg til sånne flotte natur- og fotoopplevingar.

Det vart ein fin fotoserie med 25 b/s og fleire publiseringsverdige foto. Her er det siste bildet eg tar med her, med originalt bildeutsnitt. Av og til klaffar det slik med bildeutsnittet, men det høyrer likevel til unntaka. Dei tre bildene over har alle fått utsnitt 16:9, eit utsnitt som eg ofte bruker, bl.a. for å gi meir luft foran fuglen.

Tor i aksjon

Ein klassisk fotoserie av Tor. Her med sollyset på skrå bakfrå.

Perfekt nedslag, der Tor får festa begge klørne med ein gong.

Fornøgd med at autofokusen spelte på lag under dette fiskeopptaket.

Tor brukte heile oppstigninga til å justere festet til venstre klo på palen.

Måse linselus ville vere med på bildet med Tor i bakgrunnen som har festa ørneblikket sitt på pale nummer to.

Det er framleis snø på sunnhordlandsfjella i tidleg april, noko som gir ein fin bakgrunn for Tor i svevet.

Det er eit staseleg syn når Tor poserer med knallblå aprilfjord og snøkledde sunnhordlandsfjell i bakgrunnen.

Tor lettar frå etegreina etter sitt andre fiskemåltid. Han landa eit par hundre meter lenger borte i skitetreet sitt, der han sat da vi kom til plassen.

Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.

Forrige
Forrige

Kor gammal er Ottar?

Neste
Neste

Ottar og ein ukjent