Rekordtidleg havørnsafari i 2025

God start på fiskeåret 2025 med fem feite paler.

Det starta rekordtidleg i år. Meir enn fire veker tidlegare enn i fjor.

Søndag 19. januar klaffa det med kombinasjonen helgedag og god vèrmelding. Helga vart brukt på hytta. I litt grått ruskevèr tok eg båten over fjorden på fredagen, like før sola gjekk ned rett over klokka fire. Ei god vèrmelding for søndagen opna for eit lovande fotovindu for årets første fotorunde til fleire av havørnene. Planen var difor å bruke mest mogleg av dagslyset til havørnene, og eg endte opp med fire timar i båten. Faktisk var dette første gangen eg har tatt ein båttur i januar. Det gjorde godt for både skipper, båt og motor.

I ellevetida på søndagen la eg ut frå hyttebrygga til næraste fiskeplass. På fløande sjø landa det etter kvart fem gode feite paler i fiskekassa, på under ein time. Da var det berre å fortsetje safarien til fire havørnpar eg ville innom denne dagen. Forhåpentlegvis ville eg treffe alle heime.

Gyda og Tor var først på lista, deretter det nye havørnparet frå i haust (som ikkje har fått namn enno), så til Gudrun og Ottar før siste stopp hos Gunda og Otto. Korleis det gjekk kan du lese vidare under bildene.

Det gjekk eit veldig markert skyskilje nord-sør over Sunnhordland denne dagen. Difor er det mykje sol på eit par plassar, medan det er full skugge på to andre plassar. På skuggesida måtte eg opp i ISO 2500 for å få rask nok lukkertid. Sjølv med sol er det merkbart mindre lys å fange på kamerasensoren i januar.

Alle foto med Olympus/OM System OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro

Rett etter eg kom letta Tor frå reirkanten og flaug bort til maken sin, Gyda. Det var først da eg oppdaga at Gyda sat der, rett under der Tor landa i furutoppen. Det var flott å sjå begge to att, eit par månader sidan sist treff. Forhåpentlegvis får dei til ny hekking i år og. I fjor fostra dei som kjent opp to ungar. Kanskje ungane held seg i nærleiken ei tid framover og?

Eg hadde fem store paler i fiskekassen og heiv uti den eine, ganske sikker på at i alle fall Tor ville kome ned og hente. Men, ingen reaksjon. Eg mista palen av syne, og heiv uti ein til. Ingen reaksjon igjen. Gyda, som sit nedst, følgde nøye med palen der den dreiv mot og langs land. Ho skeit ein gong, noko som er eit teikn på at fuglen er klar til å lette, men ho vart sitjande. Til slutt henta eg opp palen, da det er verdifull fiskemat å ha med til dei andre havørnpara eg hadde planlagt å sjå innom.

Det er også paringstid på denne tida, og eg vil vere forsiktig med å vere for tett på, eller for lenge på same plassen. Det er viktig å ikkje forstyrre hekkinga.

Neste stopp var det nye namnlause paret. Desse var ganske sky i fjor, men det vart eitt kast på god avstand sist vi møttest. Denne gongen sat det eg trur er hannen godt synleg i ein grantopp. Eg la båten i ro på god avstand, og heiv uti ein pale. Jammen letta han med ein gong og henta den elegant opp.

Det var full kontroll på dette fiskeopptaket. Det er den same ørna som eg har mata to gonger i haust. Veldig kjekt at det var positiv respons denne gongen. Maken viste seg etter kvart og, og eg fekk bilde av begge to i lufta.

Etter dette opptaket, så heiv eg uti ein pale til. Maken såg ut til å vere klar på land, men ho viste likevel ikkje teikn til å hente fisken. Eg prøvde å finne att palen, men meir vind og bølgjer frå sør gjorde søket vanskelegare. Eg dreiv sakte vidare med båten, og såg at hannen brått flaug raskt og bestemt mot ein måseflokk eit stykke ut i fjorden. Palen viste seg å flyte framleis, og havørna henta den fint opp.

Det blir spennande å følgje med på dette havørnparet i 2025.

Havørnpar nummer tre denne søndagen var Gudrun og Ottar. Dei hadde ikkje hekking i fjor, og det var lite vi såg til dei gjennom heile året. På hausten var dei ikkje å sjå i det heile tatt. Eg var difor spent på om dei no var klar for det nye året og ville vise seg når båten kom. I starten var det ingen å sjå, men etter eit par kaukingar frå båten, så landa brått Ottar i øvste furutoppen. Gudrun viste seg og etter kvart. Eg gjorde straks klart kamera og pale, og heiv uti. Ottar let seg ikkje be to gonger, og slepte seg nedover mot sjøen og henta opp årets første paleservering.

Stilstudium av Ottar, lys i brystregionen som hannane ofte kan vere.

Det er flott å sjå den gode kroppskontrollen og det faste blikket igjen.

Ottar flaug rett til etetreet sitt, med ryggen til meg i båten. Han kikka seg av og til tilbake for å sjå kor eg var. Igjen held eg meg på god avstand, sjølv om erfaringa mi med Ottar er at han kan tolerere båten ganske så nærme.

Gudrun viste seg over dei øvste furutoppane, men kom ikkje ned for å sjekke fiskelukka. I beste fall jobba ho med klargjering av reiret. Det blir svært spennande om dette paret får til hekking i år. Ottar henta 13 paler på den mest aktive dagen i 2023, ein dag du kan lese om her.

Kva så med Gunda og Otto? Det var det siste paret eg var innom før ettermiddagen seig inn i tretida. Reirplassen deira låg bada i det som til forveksling kunne kjennast som vårsol, men dei viste seg dessverre ikkje denne dagen. Den siste palen vart difor med heim og ligg heilfryst i frysaren i påvente av neste tur. Det er berre å følgje med på vèrmeldinga og sjå fram til lengre dagar utover seinvinteren.

Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.

Forrige
Forrige

Er favorittparet tilbake?

Neste
Neste

Sjutimars fotofjelltur i Stordfjellet