Er favorittparet tilbake?

Det er snart tre år sidan eg hadde mi første havørnoppleving på nært hald med båt og kamera. Eg fann da eit havørnpar 1. mai 2022 som det gav stor glede å følgje det året. Både ørnene og plassen vart etter kvart ein favoritt. Stort var derfor vonbrotet da dei året etter ikkje viste seg ved reirplassen. Det same gjentok seg i 2024, og eit tilbakevendande spørsmål i båten har vore om og eventuelt når desse ørnene kjem tilbake. Det er ein kjent sak at havørnene kan ha fleire reir som dei bytter på. På denne lokaliteten veit vi at ørnene hadde vore i alle fall tre år da eg traff på dei i 2022. For kvart år vil derfor sjansen auke for at dei vender tilbake. Det høyrer med til historia at vi har hatt fleire rekognoseringsturar i nærområdet, men utan å finne spor etter dei. Ein annan teori er at den eine maken har omkomme, men frå andre kjelder er det kjent at f.eks. hannen ganske raskt vil finne seg ein ny make.

I år er eg tilbake i full jobb etter sjukemeldinga i fjor. Det er svært positivt i eit helseperspektiv, men det slår meir negativt ut for fotograferinga da eg i hovudsak er låst til å ta båtturar i helgene. Da er ein enno meir avhengig av at vèret klaffar med laurdagar og søndagar. I fjor var vekedagane også disponible, noko som ga rekord i talet på havørnturar. Nesten ei dobling frå året før.

Laurdag 1. februar opna det seg eit fotovindu for årets andre tur (den første les du om her). På grunn av mogleg tåke på morgonen, så avventa eg til morgonen før eg bestemte meg for tur. Tåka låg heldigvis ikkje på fjorden, og eg pakka difor bilen med kamerasekk, bag med ekstra varme kle (det var rundt 0 grader og rim på bakkane), termos og matpakke, fiskestanga, fiskekassen med ein frossen pale frå fryseboksen og redningsvesten (som ikkje ligg i båten på vinteren). I tillegg tok eg med ein stor termos med kokt vatn på. Med minusgrader i lufta vil skyvedøra inn i styrehuset fort fryse fast i dørsporet. Ein dose varmtvatn løyser fort det problemet, som det gjorde denne dagen og.

Målet for dagen var å sjå om det omtalte havørnparet var tilbake. Dei andre havørnene fekk eg helst på tidlegare i januar, men drog da ikkje innom denne plassen. Litt småbølgete var det på fjorden, men det stilna fint av etter kvart, før det skulle blåse litt meir opp frå søraust lenger ut på dagen. Da eg kom fram låg det eit par andre båtar og fiska, bl.a. ein liten sjark. Mange måsar var i lufta og venta på at fiskerestar skulle bli kasta ut på sjøen. Eg tok fram kikkerten for å sjå om det var havørn blant måsane, men det var det ikkje. Så tenkte eg det kanskje sit ei på land og følgjer med. Og, sanneleg, der sat det ei havørn og følgde med på sjarken. Om det er den same ørna som i 2022, så er eg rimeleg sikker på at den også kjente att båten min.

Eg hadde berre ein halvtint pale i fiskekassen, og trengte å få opp meir fisk. Dessverre var det svært så dårleg med napp, berre ein knurr som eg fekk vippa av kroken og heve uti att. Eg heiv til slutt uti den halvtinte palen, men det var berre måsene som viste interesse for den. Ørna sat pal i furutreet. Eg henta opp att palen, og heiv den uti litt seinare, igjen utan interesse frå havørnene. Palen forsvant ut av syne og. I staden for henta den eine ørna opp ein fisk like ved sjarken, med maken etter seg inn på land. Etter ei stund kom den eine ørna tilbake og sette seg i ein furutopp, nett på same plassen som i 2022. Det vart verkeleg å mimre tilbake til dei flotte og unike opplevingane vi var priviligerte å få oppleve på denne plassen.

No er det ikkje hundre prosent sikkert at det er det same paret som er tilbake. Det trengs fleire nærfoto av begge ørnene for å samanlikne med arkivbildene. Men, det vil overraske meg om at i alle fall ikkje ein av ørnene er den same. Så står det att om dei faktisk velger å hekke her i år, eller om det var tilfeldig at dei var der samstundes med fiskesjarken. Det vil seinare turar gje svar på. Det blir ei ekstra spennande havørntid framover i februar, mars, april, mai, juni, juli, august, september, oktober, november og desember! Det var uansett stor jubelstemning i båten på veg heimover, litt ut på dagen.

Nedanfor er nokre fotoglimt frå ekspedisjonen. Alle foto som vanleg med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 PRO.

Er det favorittørna som er tilbake etter to år vekke?

Fullt fokus på fiskerestar frå ein sjark i nærleiken.

Forhåpentlegvis er det eit gjenkjennande ørneblikk som stirrer rett mot kameraet. Den sat der ei god stund før den mista trua på at eg fekk opp noko som helst som likna på ein fisk.

To gonger under opphaldet kom det høglytte ørneskrik frå havørnparet. Her er det rett etter det andre. Det eg trur er hannen sit lenger opp i furutoppen til venstre utafor bildet. Det hadde vore fantastisk om dei fekk til hekking her i år!

Seinare fiska eg ein annan plass og fekk til slutt opp eit par paler på heimturen. Medan eg fiska, så høyrde eg høge ravneskrik lenger ute i fjorden. Den kom rett mot dette berget med høge skrik og fortsatte med det etter den landa.

Ravnen sat her ei lita stund før den flaug ut att over fjorden, men no i ei meir søraustleg retning. Reiret som ravneparet har hatt her er framleis ikkje bygd opp att. Kanskje denne leita etter ein ny make?

Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.

Forrige
Forrige

Ettermiddagstur til Sævarhagsvikjo

Neste
Neste

Rekordtidleg havørnsafari i 2025