Ettermiddagstur til Sævarhagsvikjo

I starten av februar merkar ein godt at sola har snudd og at ettermiddagen er litt lysare etter arbeidstid. Med blå himmel og potensiell fargerik solnedgang tok eg kamerasekken rett etter jobb og gjekk ein tur i Sævarhagsvikjo og til Hovaneset. Ein tur eg har tatt mange gonger før etter jobb.

Bilde 1 og 2: Eg rakk akkurat å få kveldssola, som gjekk ned klokka 1700, på dei seks gråhegrene som sat og kvilte på kvar sin stein i langfjøra. Gråhegrene er svært sky, men denne gong var det berre ein som let seg forstyrre og letta da eg forsiktig prøvde å kome nærare i dekke av fleire tre. Her er tre av dei.

Bilde 3: Etterpå gjekk eg vidare over til Hovaneset og traff der på ei kråke i eit tre på utsida. Kråka hadde mange meldingar å sende utover fjorden, og la ikkje så mykje merke til at eg nærma meg. Til slutt kunne eg forsiktig stikke hovudet over kanten og kråka ga meg om lag to sekund på å komponere og trykke på utløysaren før den sa takk for seg og letta. Kanskje det bildet eg var mest fornøgd med denne fine ettermiddagen.

Bilde 4 og 5: På tilbaketuren til bilen stoppa eg ved det grå naustet. Der tok eg nokre panoramabilete med snøkledde kvinnheradsfjell i bakgrunnen. Så ser eg at Melderskin blir farga raudrosa av kveldssola, og lar 300mm forevige det landskapsmotivet. Tilbake til bilen etter at sola gjekk ned, så vart skyene kledd i flott kveldslys. Det var berre å få på 12-100mm og prøve å fange det lyset og.

Alt i alt vart fototuren ein god mellomstasjon mellom jobb og middag. Kan tilrådast!

Bilde nr 1 - Gråhegre

Bilde nr 2 - Gråhegrepar

Bilde nr 3: Kråke på Hovaneset som letta to sekund etterpå.

Bilde nr 4: Melderskin i all sin kveldsprakt.

Bilde nr 5: I rekkefølgje, Hovaneset, Huglo og Kvinnheradsfjella inne i den blå time.

Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.

Forrige
Forrige

Februar med seks havørner på same plassen

Neste
Neste

Er favorittparet tilbake?