Februar med seks havørner på same plassen

Andre søndag i februar varta opp med skyfri himmel, om enn noko kaldt med minus 1 i nordaustleg nordavind. Det ga eit godt utgangspunkt for gode med- og motlysbilete. Men, først må havørnene sporast opp. Kursen vart først sett for å sjekke om favorittparet faktisk er tilbake. Ei forventningsfull stemning ombord vart etter kvart avløyst av ei meir nøktern konstatering av at dei ikkje viste seg på morgonen. Det kan vere tilfeldig nett på den tida av dagen, så håpet heng enno frå fiskesnøret. Apropos fiskesnøre, det var ikkje råd å dra opp ein einaste fisk i løpet av turen på fem timar. Den delen av havørnprosjektet må ta seg drastisk opp i tida framover. Det som redda dagen var fiskelageret i fryseboksen frå i fjor, samt to paler frå helga før. Så høyrer eg og frå andre at det er dårleg fiske lokalt for tida.

Nedanfor er 25 utvalde foto frå ein spennande havørndag. Alle foto som vanleg med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 PRO.

Gunda hentar fisk

På veg til favorittparet vart det ein kort stopp hos Gunda og Otto. Ei ørn vart tidleg observert sirklande sørover over fjorden, men den reagerte ikkje på fisken som vart kasta ut. Brått kom Gunda frå land og sette full fart mot eit mål forbi båten og lenger ut i fjorden. Ho sirkla litt over eit eller anna i sjøen, utan å gå ned. På tilbaketuren mot land og båten vart kamera og ny fisk gjort klar. På passande avstand gjekk palen i sjøen. Gunda skifta litt retning der ho kom fire-fem meter over sjøflata, og henta den fint opp. For deg som har lest bloggen ei stund, så har du kanskje registrert at det ikkje er alltid ho treff. Denne gongen subba ho igjen ned i sjøen like før nedslaget. Med sola i bakgrunnen vart det ein fin fotoserie. I tillegg krydra gråmåsen opplevinga, der ein gråmåse beit tak i den eine ytterfjøra på høgre vingen til Gunda, sjå bilde nedanfor. Veldig gøy å få sånne fotoopptak.

Gunda strekar i sjøen med bein og hale, som ho gjorde i fjor og.

Fint motlys!

Satsar på at Gunda og Otto kjem over i fasen med å hente fisk til avkom i reiret. I fjor hadde dei to ungar.

Gråmåsen bidreg til det store ørneløftet i Sunnhordland!

Gråmåsen ga ikkje Gunda søndagsfred.

Gudrun, Ottar og fire ungdomar

Dei fire neste havørnpara var ikkje heime denne dagen. Det er kurtisetid, og difor ikkje forventa at ørnene skal halde seg ved reiret slik det er når ungane er klekt ut og treng mykje mat. Men, på siste stoppen ved Gudrun og Ottar, så tok det heilt av. Først vart begge to observerte sitjande på reirkanten. Det var kraftig motlys med låg februarsol rett imot. Ei ungørn kjem så ut frå land og set seg eit stykke unna. Ottar reagerer deretter på den første fisken i sjøen, men bommar på første forsøk. Det var uvant å sjå. Han tok seg likevel ein tur til, da med suksess. Veldig kjekt gjensyn med den lysbrysta fiskaren som framleis held rekorden på fiskehenting frå juni 2023.

Ottar bommar på første forsøk. Kanskje han vart hemma av ein halvtint litt større lyr frå i fjor?

På andre forsøk vart det fangst for Ottar. Her kikkar han ned og justerer festet med venstre klo.

Ungfuglane tar over showet

Dette er tidspunktet da stemninga i båten nesten går over i hysterisk latter. Plutseleg er det to, tre, nei fire, oi fem, nei seks havørner som samstundes flyr over furuskogen! Dette har vi aldri sett før, det er tendens til hakeslepp, og eg må konsentrere meg om å fortsetje fotograferinga. Hendinga kjem bokstaveleg talt frå klar himmel, og dei fire ungørnene byr etter kvart opp til fleire fotogene situasjonar, anten dei hentar fisk, eller kranglar om den etterpå.

Gundrun og Ottar fekk ikkje fram kull i fjor. Det er difor litt rart å sjå at det var heile fire unge havørner som heldt seg i dette området denne dagen.

Plutseleg er det fire unge havørner i lufta samstundes.

Det gjeld å forsvare byttet sitt mot rivalen.

Nytt nærmøte mellom to ungdomar.

Det verka som ørna til høgre tok sikte på den som nett hadde landa i furutrèet, men svinga unna i siste liten.

Denne ungørna har lært seg fiskekunsten til perfeksjon. Kjekt å sjå den nye generasjonen i stand til å klare seg sjølv.

Ny jakt på den som har henta ein ny fisk. Fotoserien held fram under….

Plutseleg kom Gudrun inn frå venstre. Det gjorde at den midterste ungørna slapp fisken, som daler ned mot bakken. Den jaktande ungørna heng på i bakkant.

Fisken har landa blant småbuskane på land og alle tre havørner gir opp jakta. Her var det så sterkt motlys i båten og vanskeleg å sjå gjennom kamerasøkaren, at eg ikkje såg kva som skjedde med fisken før etterpå.

Nytt fiskeforsøk av ei ungørn, her med fint baklys og mørk bakgrunn. Vidare under ser du korleis ørna stoppar opp eit par gonger i lufta, før ein siste runde og vellukka fiskefangst.

Stoppar litt opp…fotografen er veldig fornøgd med baklyset her!

Siktar seg inn igjen…

Bremsar, og stig litt opp att…

Løftar seg vidare opp i bremsemodus…

Tar nytt sikte på fisken og…

…hentar den opp ca 10 sekund etterpå.

Utan å vere ekspert på årsklassifisering av havørner, så verkar det som denne i alle fall er ei toåring?

Liten pause i furutoppen, kanskje litt slitsomt med så mange havørnfrender rundt seg?

Til slutt eit sparringsbilete til, på god avstand. Artig å observere korleis ungørnene oppførte seg på denne lokaliteten.

Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.

Forrige
Forrige

Ottar set ungørna på plass

Neste
Neste

Ettermiddagstur til Sævarhagsvikjo