Ottar set ungørna på plass

- Oppdatert 8. april 2025 -

Siste februardag opna vèrmeldinga for ein ny havørntur. Ein fin fredag ettermiddag med lite vind, overvegande overskya med solglytt innemellom og nokre lette regnbyger som vatna fjorden og båten litt og.

Kursen gjekk først til Gunda og Otto. Der sat begge to fint på kvar si grein ved reiret, og Otto var sjølvsagt den som først heiv seg ut for å hente ein halvfrosen pale. Den vart frakta inn på næraste svaberg. Pale nummer to gjekk så i sjøen for å sjå om Gunda trengte matpåfyll. Ho seig ut etter kvart, kryssa litt fram og tilbake, men returnerte til land utan å hente den opp. Typisk Gunda! Deretter vart det ei fiskeøkt for å sikre nok ørnemat til resten av turen. Med godt mannskap og tre fiskesnøre ute, så vart fiskekassa etter kvart fylt opp med seks paler og ein lyr. Seinare var vi innom dette paret igjen, og da henta begge to kvar sin fisk.

Neste stopp var hos favorittparet for igjen å sjekke om dei er tilbake i år, sjå denne bloggen frå januar som ga håp om det. Dessverre var det ikkje liv i ørneleiren denne gongen heller. Eit lite plaster på fotosåret var observasjonen av ein oter i området, det er alltid kjekt å sjå. Favorittparet fekk aldri namn i 2022, men dei vil no framover ha namna Espen og Elise etter programleiarane i NRK som intervjua meg etter turen eg hadde 1. mai 2022. Den historia kan du lese meir om her. Håper Espen og Elise i NRK Vestland set pris på det!

Det neste havørnparet som var heime var det nye paret frå andre halvdel i fjor. Dei har no fått namna Frøya og Odd. Det vart eit morsomt og nesten litt uventa treff denne dagen. Dei har hatt ein tendens til å fly vekk når båten nærmar seg, men på turen i januar stoppa eg eit lengre stykke ut frå land og da kom den eine ørna og henta fisk. Denne gongen landa båten litt nærare land, og før vi klarte å sjå om det sat ei ørn der inne, så letta den eine og flaug vekk frå oss og innover land, nett som i fjor. Vi heiv likevel uti ein god pale, men utan umiddelbar reaksjon frå land. Akkurat da vi tenkte å hente opp att palen, så ser eg brått to havørner på veg mot oss. Dei delte seg, og det som nok er hannen Odd henta opp palen. Den andre flaug etter inn på land. Det var nesten som ørna som først flaug vekk henta maken sin tilbake for å bidra til å hente fersk matforsyning.

Siste stopp for ettermiddagen var hos Gudrun og Ottar. Der var det full trøkk på siste tur med fire havørnungar i området. I starten var det inga havørner å sjå, men etter nokre minutt i ro med båten så viste Ottar seg. Han sette seg i eit furutre og viste seg klar for fisk. Så kom han og ganske kjapt etter det første kastet. Nokre minutt etter at han satte seg litt skjult i eit tre for å ete, så kom det to ungørner til, samt ei ungørn til observert litt lenger unna. Det var høge ungørnskrik å høyre da den eine satte seg i nærleiken av Ottar, men her var det ikkje aktuelt å dele matfatet for Ottar.

To av havørnungane sat godt synleg for oss i båten. Eg sette difor på telekonverteren 1,4x på 300mm (= 420mm) for å kome enno nærare (tilsvarande 840mm i fullformat). Det fungerer bra på stasjonære motiv, men ikkje om det blir luftaktivitet. Vi såg at Ottar var ferdigete, og følgde han med blikket da han tok eit sveip ut for å sjå om vi hadde meir fisk. Dessverre hadde svartbaken tatt dei to siste palene vi kasta ut til ungørnene, som av ein eller annan grunn ikkje ville henta seg ein matbit sjølv. Så snur Ottar tilbake i retning der han sat, men på vegen stuper han ned på den eine ungørna som sat i ein tretopp. Stakkars ungørna ramlar bakover og ned på ei grein under der han sat. Eg følgde delvis Ottar med kameraet, og klarte såvidt å få fotografert det som skjedde. Dessverre ikkje heile forløpet, men det kunne vore verre. Du ser bildeserien eg klarte å få med nedst på denne sida.

Litt fototeknisk

Kamerateknisk gjorde eg fleire endringar på denne turen. Det har vore ein litt lei tendens av og til at to-tre bilete av sjølve fiskeopptaket blir uskarpt, sannsynlegvis på grunn av fartsreduksjonen til havørna når den stoppar opp i sjøen eit millisekund. Etter tips frå OM System ambassadør, Jo Stenersen, som eg hadde ein hyggeleg prat med på Vestnorske naturfotodagar 15. februar, så endra eg bildestabilisatoren frå S-Auto til S-IS2. Det vil seie at kameraet prioritererer vertikal stabilisering med horisontal panorering. Det blir da mindre for kameraet å halde styr på, og autofokusen kan bli mindre påverka. Tilsynelatande hadde dette ein god effekt på denne turen, men det må nok testast ut meir. Eit anna alternativ er å slå av bildestabilisatoren heilt.

Den andre endringa eg gjorde var å bruke Auto-ISO-funksjonen. Det vil seie at lukkertid og blendaropning er konstante variablar, og ISO-verdien er den som regulerer lysmålinga i forhold til skiftande lysforhold under eit fotoopptak. Opptaket startar gjerne med ei havørn høgt oppe med lys himmel som bakgrunn, deretter sjø som bakgrunn og til sist mot eit landskap som ligg i skuggen. Det er særleg vanskelege lysforhold når sola står lågt på himmelen og spesielt i motlys. Auto-ISO fungerte bra for å vere første gang. På eit kontinuerleg opptak varierte ISO-verdiane frå 1000 til 6400 (maksverdi eg satte i kameraet). Kvaliteten på foto med ISO 6400 vart og veldig bra etter ein runde i Lightroom, Topaz Denoise og Photoshop. For å unngå at mitt OM-1 presser ISO-verdien under 200, som går utover dynamikken, må eg bruke lukkertidsprioritet (S). Da velger eg fast lukkertid på f.eks. 1/2000s og har programmert under- og overeksponeringa på framhjulet. Blir det for mørkt på motivet, så vrir eg på hjulet og overeksponerer manuelt. Det blir ei treningssak å få det inn i fingermotorikken.

Det andre tipset Jo Steneresen ga var å velge sentrumsdominert lysmåling. Da kan lysmålinga bli meir presis og målretta på motivet som her er havørna. Det blir nett som i gamle dagar med mine Olympus OM-2, OM-2 Spot/Program og OM-4, som alle hadde sentrumsdominert lysmåling som standard og einaste val.

Nedanfor følgjer dei utvalde bileta i tidsmessig rekkefølgje slik båtruta gjekk denne dagen. (Oppdatert 3/3 med gråmåse).

Alle foto som vanleg med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 PRO.

Gunda og Otto

Otto strekar litt da ei lita bølgje traff han såvidt på klørne.

Proffiskaren Otto i aksjon.

Like stødig som allid.

Gråmåsen var heller ikkje denne gongen fornøgd med at havørna stakk av med matfatet. Her er den på veg tilbake etter å ha jaga etter Otto mot land.

Hos Frøya og Odd

Odd tar eit kritisk situasjonsblikk før han…

…knekk ned over båten…

…og landar sjøstøtt med ryggen til fotografane i båten. Halen fungerer fint som bremseflaps.

Odd er på vakt etter måsen.

Auto-ISO`en ga ISO 4000 her, men bildebehandlinga fjerna støyen veldig bra, synes eg.

ISO 6400 blanda med regndråpar gir likevel eit akseptabelt teknisk bra bilde.

Her sleit bufferen i kameraet akkurat da Odd kom ned på fisken. Det er tatt så mange bilete med 25 b/s før han kjem ned, at bufferen måtte prioritere å flytte bildene vidare til minnekortet. Da blir opptaksfarten vesentleg redusert, og var difor heldig med akkurat dette bildet. OM-1 har ein bufferstorleik på 93 RAW-bilete. Med 25 b/s kan ein da halde utløysaren nede i 3,7 sekund før bufferen blir full. Det kan bli litt kort i nokre tilfelle, og alternativet er å klippe sekvensar undervegs. Kunsten blir å spare nok plass i bufferen til sjølve fiskeopptaket som havørna gjer. Så kan ein jo tenke på at OM-1 Mark II kan bufre 205 RAW-bilete…

Stilstudium av Odd.

Ottar tar innersvingen på ungørna

Ottar i god stil med ørneblikket festa.

Stødig som alltid.

Stilstudium av Ottar i full positur.

Ei av to havørner som vagla seg i nærleiken av Ottar. På avstand likna posituren på storfugl.

Denne ungørna sette seg nærast Ottar. Her har den flytta seg frå den første plassen og litt høgare oppe i terrenget. To minutt seinare fekk den kjenne på at Ottar ikkje var fornøgd med å ha den der.

Ottar har akkurat stupt ned mot den stakkars ungørna som sat stilt og fredeleg ei god stund i furutoppen til høgre. Her har eg på telekonverteren på 300mm, og klarte såvidt å få med dette og dei neste bildene nedanfor. Skulle gjerne hatt heile sekvensen frå da ungørna måtte sleppe seg ned frå furutoppen, men er glad for det eg trass alt fekk fotografert. Dette har vi ikkje sett før!

Ottar ser seg tilbake, kanskje enno morskare i blikket enn ei havørn elles alltid er. Ungørna ser forfjamsa og pjusk ut.

Rett i ei grein nedanfor. Det gjekk bra med ungdomen.

Ungørna sleppte seg ned og landa eit halvt minutt etterpå på denne greina. Sikkert litt rysta og forsmådd.

Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.

Forrige
Forrige

Min guide til havørnfotografering

Neste
Neste

Februar med seks havørner på same plassen