Sjutimars fotofjelltur i Stordfjellet

Godt med ei god hodelykt før solrenninga. På veg oppover frå Lundseter kraftstasjon.

Det var den dagen eg starta å gå i mørket med hodelykt klokka 08:06, og etter sju timar returnerte til bilen i skumringa kl 15:06. Nokså mør i beina, men godt fornøgd med å ha pressa kroppen med 810 høgdemeter og undervegs festa fleire lovande fjern- og nærmotiv til kamerabrikka. Den same løypa gjekk eg 15. november 2019. I år gjekk eg turen 3. desember, litt seinare på året, men med mykje av det same lyset.

Turen starta ved Lundseter kraftstasjon, sidan vegen opp til Heio er stengt etter 1. november. Det hindra likevel ikkje at det stod tre bilar der da eg kom ned Fossabrekka på ettermiddagen. Med start frå Lundseter blir det om lag 40 minutt ekstra å gå til Heio, stort sett i motbakke heile vegen. Da eit hovudmotiv for fjellturen var å presse kroppen og auke energinivået, så bidro den ekstra lengda berre bra. Garminklokka logga turen undervegs, og er vist i kartet nedanfor. Når ein er komen opp på Heio, så er det meir kupert landskap å gå i resten av turen.

Det andre hovudmotivet var å få tatt nokre landskapsfoto undervegs. Det har vore mykje havørn- og fuglefoto dei siste åra, og eg tenkte no at det hadde vore fint med ein skikkeleg landskapstur igjen. Motivasjonen for landskapsfotografering vart blant anna vekt igjen i arbeidet med fotoutstillinga Naturfoto i Sunnhordland i november, som utgjorde ei blanding av landskap- og fuglemotiv.

Vèrmeldinga meldte nesten for fint vèr med stor sol og skyfri himmel. Skyfri himmel, som Bjørn Eidsvåg syng om, er ikkje positivt for ein landskapsfotograf. Heldigvis var det nokre skyar rundt soloppgangen som krydra motiva slik dei skal gjere.

I forhold til kroppsbatteriet, sjå denne bloggen for referanse, så vart denne langturen i fjellet eit positivt knekkpunkt som bidrog bra til at ein over 10,5 månader sjukemelding tok slutt 22. desember.

Kamerahuset i sekken var som vanleg Olympus OM-1. Objektiv i bruk var m.Zuiko 12-100mm f/4 PRO og 8-25mm f/4 PRO. Begge er allsidige og glimrande objektiv for landskapsfotografering. Eg hadde med eit mindre stativ, men dette vart ikkje brukt undervegs. Bildestabilisatoren i kamera+objektiv klarer stort sett brasane utan hjelp av stativ.

17,5 km, 7 timar, 810 høgdemeter. Start ved Lundseter kraftstasjon, bratt opp til Heio, vidare mot klokka til Svartavatnet, Store Tjødnadalen, Martebrotet, Kvelve, Fossabrekko, Heio og tilbake til Lundseter.

Kl 09:05. Borgundøy i all sin siluett. På veg over Heio mot Steinen fekk eg heldigvis med meg at morgonrøden var i ferd med å kome. Eg måtte gå tilbake eit par hundre meter, fann meg ein god utsiktsplass og sat og venta på korleis dette skulle utvikle seg. Det skulle gjerne vore endå fleire skyar som sola kunne farga, men dette utsnittet fangar likevel godt stemninga denne morgonen. Det løner seg av og til å sjå seg tilbake, elles hadde eg ikkje fått med meg dette.

EXIF: m.Zuiko 12-100mm f/4 PRO - 1/60s, f/5, ISO 200, handhaldt

KI 09:30. I dette området vart det å gå fram og tilbake mellom to motiv, begge med retning aust mot kvinnheradsfjella. Morgonsola byrja etter kvart å kysse fjelltoppane, blant anna Melderskin til venstre. Dei lokalkjente veit da at Rosendal ikkje er langt unna. Landskapet i forgrunnen er Huglo, og rett over fjorden kan du sjå Skorpo og Snilstveitøy som skjermar for Rosendal sånn om lag der du ser elva kjem ned fjellsida. Du ser det tydelegare på bildet nedanfor.

EXIF: m.Zuiko 12-100mm f/4 PRO - 1/30s, f/7,1, ISO 400, handhaldt HiRez 50MP

Dette er eit utsnitt av bildet over.

m.Zuiko 12-100mm f/4 PRO - 1/30s, f/7,1, ISO 400, handhaldt HiRez 50MP

Kl 09:34. I november 2019 gjekk eg den same turen og stoppa ved dette motivet, sjå bildet nedanfor. Eg prøvde å fotografere det same motivet denne gongen og, utan å kopiere det heilt. Morgonlyset var ganske likt, men ein forskjell var at eg ikkje brukte like god tid på å setje opp kameraet med stativ, tilsvarande som eg gjorde i 2019. Så meiner eg at resultatet av akkurat dette motivet vart betre i 2019, sjølv om sola ikkje hadde treft fjelltoppane like tydeleg i Kvinnherad enno.

EXIF: m.Zuiko 12-100mm f/4 PRO - 1/40s, f/7,1, ISO 400, handhaldt HiRez 50MP

15.11.2019, kl 09:58. Dette bildet vart tatt med til fotoutstillinga hos Print og Ramme. Litt overraskande var det mange som under utstillinga kommenterte nett på dette bildet. Det er lenge sidan eg tok bildet, og da blir ein på ein måte ferdig med motivet. Til utstillinga redigerte eg bildet på nytt, og fekk da fram enno fleire farge- og lysnyansar i bildefila. Når tida går har teknologien i bildeprogramma som t.d. Lightroom òg blitt forbetra. Det kan difor løne seg å redigere bildene om att etter ei tid.

Kl 09:45. Eg fotograferte først dette motivet på veg til motivet over. Med meir morgonsol på fjelltoppane i Kvinnerad, så sprang eg tilbake for å sjå om eg kunne fange det lyset i større grad enn ved første forsøk. Komposisjonsmessig var det viktig at øvste greina ikkje braut fjellprofilen i bakgrunnen. Her let eg den peike mot toppen av Melderskin. Eit slikt daudt tre er ofte fotografisk interessant, men ikkje alltid enkelt å få til å fungere. På neste runde skal eg prøve å utforske dette treet meir.

EXIF: m.Zuiko 12-100mm f/4 PRO - 1/50s, f/8, ISO 400, handhaldt HiRez 50MP

Kl 10:26. Sola steig meir og meir opp og sendte det varme morgonlyset på bakken nær meg og. Eg måtte difor stoppe opp og ta eit handhaldt utsiktsbilde med ferga som har lagt ut frå Hodnaneset på Tysnes, på veg til Jektevik på Stord. I midten ligg Huglo som òg helsar velkomen dagens første solstrålar. I bakgrunnen har kvinnheradsfjella tatt imot solstrålene ei stund allereie.

EXIF: m.Zuiko 12-100mm f/4 PRO - 1/125s, f/7,1, ISO 200, handhaldt

Kl 10:56. På veg nedover mot Svartavatnet går stien gjennom ein gammal skog, som eg meiner har potensiale for fleire komposisjonar. Eg prioriterte ikkje å ha eit lengre stopp for å utforske denne delen av turen, og nøyde meg med dette gamle trèet som tydelegvis er eit yndlingstre for ein hakkespett. Kanskje ein flaggspett? Sånne gamle og døde tre er populære hoggetre for hakkespettane. Dette trèet står like ved stien, men kan ikkje hugse det frå turen i 2019.

EXIF: m.Zuiko 12-100mm f/4 PRO - 1/10s, f/5,6, ISO 400, handhaldt

Kl 11:05. Temperaturen denne morgonen var av det kjølige slaget. I fjellet hadde det fryst på, og på Svartavatnet hadde det lagt seg eit tynt lag med is i delar av vatnet. Det vart difor ein liten stopp for å sjå om eg kunne finne nokre interessante ismønstre. Denne skilte seg positivt ut. Svartavatnet er eit oppdemma magasin for Børtveit kraftstasjon. I fjellet bak vatnet er det fleire vassgangar som er kopla til den gamle demninga lenger opp i Tjødnadalen. Når ein går vidare frå Svartavatnet, så kan ein sjå inngangen til ein av desse gangane.

EXIF: m.Zuiko 12-100mm f/4 PRO - 1/80s, f/7,1, ISO 640, handhaldt HiRez 50MP

Kl 11:45. På ein fjelltur blir det å sjå mykje ned på stien. Ikkje minst i dette området, mellom Svartavatnet og Tjødnadalen, er det viktig å sjå seg for når det er fare for is. På turen i 2019 var det direkte vanskeleg å kome forbi all isen som låg over skrånande berg der stien går. Eg var difor spent på om det låg like mykje is denne gongen òg. Det gjorde det heldigvis ikkje. Eit bildeminne frå dette området vart denne guloransje flekken som skilte seg ut frå alt det grå og brune i landkapet elles.

EXIF: m.Zuiko 12-100mm f/4 PRO - 1/25s, f/6,3, ISO 400, handhaldt HiRez 50MP

Kl 13:34. Med Tjødnadalen bak seg er det ei lita stigning før vatna ved Martebrotet viser seg fram nedanfor stien. I eit litt vanskeleg motlys vart dette meir eit minnebilde enn noko anna. Eit fint utsiktspunkt er det uansett.

EXIF: m.Zuiko 8-25mm f/4 PRO - 1/125s, f/6,3, ISO 400, handhaldt HiRez 50MP

Kl 14:00. Det nærmar seg tidleg ettermiddag når eg er på veg ned mot Kvelve. Halvvegs ned lia ser eg meg til høgre og oppdager denne vesle delvis attfrosne fossen. Eg såg på klokka, og fann ut at det enno var tid til å ta ein liten avstikkar og utforske dette motivet på tampen av den lyse dagen. Med rennande vatn er det fint å bruke litt lengre lukkertid for å få fram sløreffekten. Det gjer ein normalt ved hjelp av filter, men her har Olympus`en eit praktisk og innovativt innebygd ND-filter som forenklar fotoopptaket vesentleg.

EXIF: m.Zuiko 8-25mm f/4 PRO - 1/13s, f/6,3, ISO 200, handhaldt, innebygd ND-filter

Kl 14:03. Utsnitt 16:9-format av det frosne motivet.

EXIF: m.Zuiko 8-25mm f/4 PRO - 1/10s, f/6,3, ISO 320, handhaldt, innebygd ND-filter

Kl 14:07. Vatnet frå den vesle fossen ovafor renn ned i ein litt breiare elv som mine lange bein akkurat klarer å hoppe over. Det hadde lagt seg is i denne elva og, noko som kan gi fine ismønstre. Desse to siste bildene markerer difor slutten på turen.

Takk for at du vart med på denne turen. Legg gjerne igjen ein kommentar nedanfor. Velkomen til å lese neste fotoblogg som brått kan kome ut.

Forrige
Forrige

Rekordtidleg havørnsafari i 2025

Neste
Neste

Soloppgang i november på veg til Don Rosa