Soloppgang i november på veg til Don Rosa
Morgonen torsdag 7. november teikna bra i fotolysets teikn. Frå huset kan eg tidleg få med meg kva for type soloppgang som er i emning, og denne dagen teikna veldig bra. Dagsplanen var ein bergenstur for å få signerte bøker av sjølvaste Don Rosa, samt få ein sjekk på eit Olympus OM-2n frå 1979 hos Antonio Stasi i Lille Øvregaten. Med gryande eksplosjon av fargar i aust, så la eg inn ein fotostopp på Kjøtteinen ved Akerhus. Der er det god utsikt over fjord, land og himmel mot aust. Eg hadde berre med Olympus m.Zuiko 12-100mm f/4 PRO, men den er skarp og svært godt eigna til landskapsfoto av denne typen. Det var vel brukte fotominutt ekstra på veg til ferga.
Bonusbilde nederst!
Panorama satt saman av fem bilete. 1/80s, f/4, ISO 400
Utsnitt av fjell og tåke like nord for Borgundøy.
Kvinnheradsferja på veg mot Skjersholmane.
Korleis gjekk det med Don Rosa?
Eg hamna litt tilfeldig som nummer fem i ein tidleg kø rundt klokka 10:00 utafor Outland i Strandkaien. Der stod eg i godt selskap i tre timar før eg kom ut med to signerte samlebøker og tre plakatar/teikningar i butikken. Køen utafor var svært lang, og Don Rosa signerte frå kl 13:00 til i alle fall ein time etter oppsatt sluttid kl 18:00. Programmet for Bergen og Oslo her.
Artig møte med ein av dei store donaldteiknarane! Don Rosa blir rekna som nummer to etter Carl Barks.