Siste del av havørnåret 2024
No like før jul er det på tide å få publisert rapportar frå dei siste havørnturane med båten. Med både fotoutstilling og fotoforedrag i løpet av hausten, så har det ikkje blitt tid til å følgje opp kvar båttur med ein fersk fotoblogg. Eg samlar difor opp dei siste fem turane frå 26. september til 28. november. I motsetnad til seinhaustes i fjor, så var det få havørnpar som var heime på dei to turane i november.
Her er nokre korte glimt av dei fem siste turane.
Fjørfin bom for Gunda
26. september var det ein fin føremiddagstur for å sjå innom Gyda/Tor og Gunda/Otto. Hos Gyda og Tor var det berre den eine ungen å sjå. Han sat først i eit tre eit lite stykke frå reiret, før han flytta seg til reirkanten, for så å fly vidare. Det var fint å sjå han igjen, verka å vere i god form.
Den eine ungen til Gyda og Tor kviler i eit furutre.
Turen gjekk vidare for å sjå etter Gunda, Otto og kanskje deira to(?) ungar. Her vart det eit par kast som begge to kom på. Først kom Gunda, men som bildene nedanfor viser, så bomma ho igjen på fisken. Ho kjem litt lågt inn og strekar ned i sjøen. Det er ikkje mange ganger eg har sett at det er kontakt med vassflata i løpet av innflyginga.
Kanskje det er ei for låg innflyging som gjer at Gunda bommar på fisken i neste bilde?
Gunda har tilsynelatande kontroll.
Men, bommar med nokre få cm.
Seinare var det Otto sin tur, og han planta igjen klørne sjøstøtt ned og sikra matauka til avkomet sitt.
Klassisk positur for Otto.
Ny havørn 2. oktober
Denne dagen henta eg båten som hadde vore på treårsservice for Yamaha`en. På heimveg passerte eg ei havørn eg var usikker på om eg hadde sett før. Eg fekk tatt bilde av den på avstand, høgt oppe i eit grantre. Seinare skulle det vise seg at dette var ei ny havørn, sjå bilde lenger nede.
Eg kunne sjølvsagt ikkje køyre båten rett til hamna, og svinga først innom Gyda og Tor. Der var det ikkje nokon heime. Kursen vart difor sett mot Gunda og Otto. Der var Otto meir enn klar, og henta opp ny fiskefangst til reiret. Det var ein fin ettermiddagssol, og igjen ein god ladestasjon.
Er dette ei ny havørn?
Otto hentar opp første fisken.
Otto med fiskemåltidet nummer to i sikte. Ei lita fjør heng ikkje med i akselerasjonen nedover.
Det er alltid staseleg å studere teknikken til Otto. Godt og varmt ettermiddagslys hjelper og på bildestemninga.
Otto tar den obligatoriske sjekken og festar venstekloa i byttet.
Var det ei ny havørn eg såg tidlegare på ettermiddagen? Ja, faktisk. Den dukka brått opp over båten på veg tilbake til hamna nærare solnedgang. Eg hadde meir fisk i kassen, og heiv kjapt uti ein. Ørna snudde, studerte den ei stund, før den bestemte seg for å trå til. Her snur ho seg tilbake og lurer kanskje på kven som heiv denne fisken? Eg følgde lenge med ho i kikkerten, og fekk eit bestemt inntrykk av kor ho sannsynlegvis skulle og kanskje har reir. Det er i tilfelle enda eit nytt havørnpar å følgje med på. Det er alltid like gøy å få kontakt med nye havørner.
På leit etter nytt havørnpar
25. oktober vart det ein kort ettermiddagstur for å sjekke vårt nye havørnpar. I slutten av oktober byrjar lyset å bli ganske så mørkt på ettermiddagen, og eg måtte fort opp i ISO 6400 for å kunne ha rask nok lukkertid. Vårt nye, så langt ikkje namngjevne, havørnpar flytta seg vekk med ein gong vi nærma oss. Ei nokså uvant oppførsel i forhold til dei andre ørnene. Det kunne verke som dei ville ha oss vekk frå det som kanskje er reirplassen deira, og det må vi jo respektere. Eller, det kan vere andre ukjente årsaker. Dette er uansett ein plass både små og store båtar seglar forbi.
Turen gjekk og innom Gyda og Tor, men der var det ingen heime. Ikkje dei to ungane deira heller. Kursen vart difor satt mot Gunda og Otto, som heller ikkje opna døra da vi banka på. I staden for sat ungen deira i ein tretopp. Etter ei stund kom den og henta opp eine fisken den vart tilbode. Kjekt å sjå!
Ny havørn som tydeleg viste at den ikkje var interessert i verken oss eller fisken.
Ved reirplassen til Gunda og Otto var berre denne ungen heime. Han sat ei god stund i ro før han tok sats og henta opp ein fisk vi trudde hadde sokke. Fint å sjå at den har lært seg fiskekunsten før ein hardare vinter melder seg. Det er mange havørnungar som ikkje overlever første vinteren.
Første novemberrunde
8. november vart fire reirlokasjonar sjekka ut. Berre Gunda viste seg denne gongen, i tillegg til den eine nyoppdaga ørna. Ved to andre reir var det ikkje aktivitet i det heile tatt. Turen gjekk bl.a. innom Gudrun og Ottar, som ikkje har hekking i år. Dei har ikkje vist seg ved reiret på ei god stund no. Satsar på at det er tilfeldig.
Gunda var ikkje interessert i å få servert fisk.
Kongleørna Gunda tar av etter ei kvilestund på konglegreina.
Andre novemberrunde
Det vart ein heildagstur 28. november med tur innom fem ørnelokalitetar. Stort sett inga ørner var heime, berre det nye havørnparet. Dei flaug vekk da vi nærma oss i motlyset. Eg ga gass rundt neset for å sjå kor dei eventuelt landa. På god avstand kunne vi sjå kor dei sat og vi heiv da uti ein god lyr. Etter ei lita stund letta den eine, kom lågt imot oss og henta opp lyren. Det var kjekt å sjå, og fint med ein slik positiv kontakt.
Tidleg på dagen var det ein flott soloppgang, som denne gråhegren spegla seg i. Det faste havørnparet her var dessverre ikkje heime.
Kjekt at den nye havørna kom og henta lyren. Det var god avstand mellom oss, for ikkje å forstyrre kontakten no i starten. Forhåpentlegvis blir det eit havørnpar vi kan ha meir glede av til våren.
Ein flokk med storskarv som slappa av og tørka seg i morgonsola. Desse tolererte båten som dreiv sakte forbi og.
Det står allid ein storskarv på denne staken. Flott fugl i dette lyset.
Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.