Moro med fotoforedrag - vil du ha eit?

Frå havørn i Sunnhordland til havhest på Svalbard

Tidlegare i år fekk eg ein hyggeleg invitasjon til å halde fotoforedrag på sundagskaffien 24. november i Kyrkjestova Fredheim (kyrkjelydshuset til Stord kyrkje). Utgangspunktet var å fokusere på havørn, som har vore mitt hovudprosjekt dei siste tre åra. Etter kvart vart foredraget utvida til anna fugleliv på Stord og i Sunnhordland, med særleg fokus på superlokaliteten Sævarhagsvikjo og Hovaneset. I siste fase av førebuingane til foredraget vart også lunde på Runde, moskus på Dovrefjell og dyreliv på Svalbard inkludert. Turane til Dovrefjell og Svalbard var i regi av Biofoto Hordaland.

Tittelen på foredraget vart til slutt: Frå havørn i Sunnhordland til havhest på Svalbard.

Det vart fullt hus i Kyrkjestova med eit lydhørt og interessert publikum på heile 77 frammøtte. Med positiv respons på både innhald og framføring, så vart det ein fin opptur, ikkje minst med utgangspunkt i at det var mykje arbeid med å førebu foredraget. Det gode frammøtet viser at naturfoto er populært hos nordmenn. Sjølv var det nesten som å gå tilbake til det gode gamle lysbildeforedraget før vi vart digitale.

Ei stor utfordring var å lande kor mange fotografi som skulle vere med innafor avtalt tidsramme. Prosessen med utvelging av tema og fotografi var nyttig, men og vanskeleg. Kvifor skal nett dette bildet vere med? Er det ei historie som er interessant for publikum? Er det ein raud tråd i foredraget? Korleis best sikre variasjon og halde merksamda til publikum? Det vart mange timar med å jobbe ut gode svar og løysingar på desse og andre spørsmål.

Etter mange år som naturfotograf er det mykje å ta av i fotoarkivet, både fugl, dyr og landskap (tips: sjå eksempel i fotogalleria mine). Ta gjerne kontakt om ditt lag, foreining, organisasjon, konferanse, bedrift etc er interessert i eit tilpassa fotoforedrag.

Nedanfor er det vist nokre av hovudavsnitta i foredraget.


Tittelsida på foredraget. Havørna Otto fekk æra av å vere framsidemodell. Det gjorde han med ein flott positur frå kveldslyset i mai i år.

Foredraget hadde størst fokus på havørnene mine. Med mange tusen havørnfoto, valgte eg å dele havørnbolken inn i deltema krydra med eigne opplevingar. Her er det vist tre deltema.

Å observere havørnungane når dei er ute av reiret er både interessant og underhaldande.

Deltemaet viser ulike plassar og måtar havørnene får i seg maten.

Dei fleste foto her er frå Sævarhagsvikjo og Hovaneset, i tillegg frå andre stader på Stord og i fjordane i Sunnhordland. Visste du at det i artsobservasjoner.no er registrert 177 ulike fugleartar i Sævarhagsvikjo?

I 2020 og 2021 var eg innom Runde som del av biltur i sommarferien. Det resulterte i to gode fotoøkter i lundeura. Ein fantastisk naturplass å oppleve på nært hald.

I september 2021 var eg med på min første tur med Biofoto Hordaland. Fokus var elg- og moskussafari. Ein flott tur i flott haustlandskap med morgontidleg elgsafari langs E6 og spennande fotomøte med flotte moskusar.

Eg var på Svalbard første gang som 13-åring i 1977. Seinare har eg vore tilbake på slutten av 1990-talet, og så med Biofoto Hordaland i seks dagar i juni/juli 2022. Det var ein fantastisk fin tur med mykje fotografering i køyreavstand rundt Longyearbyen, båttur over Isfjorden til Borebreen og dagstur med motorhavari til Pyramiden.

Forrige
Forrige

Siste del av havørnåret 2024

Neste
Neste

Vøringsfossen