Når batteriet går tomt

Det vart flatt batteri tidlegare i år. Ikkje kamerabatteriet, men kroppsbatteriet. Det har vore ein nedtur. Ein liten opptur har vore at fotohobbyen og min trufaste Olympus har kunne lufte meg kva dag som helst. Ein mykje brukt turaktivitet har vore å dra ut med båten til mine havørnvener når vèret har vore bra, uavhengig av vekedag. Det har blitt mange slike turar dei siste fem månadene, gjerne i lag med gode fotovener, noko bloggaktiviteten så langt i år speglar. Ein god ladestasjon for kroppsbatteriet. 

Gåturar i skog og fjell har òg fungert som oppbyggande ladestasjon. I juni tok eg eit par turar i Stordfjellet med runden opp Fossabrekko til Kattnakken (724 moh). Det var småtungt å gå opp Fossabrekko første dagen, litt lettare neste dag. Den første dagen hadde fokus på å gå tur, og eg hadde berre med 12-100mm f/4. Eit svært skarpt og godt allround-objektiv, unikt for Olympus/OM System. Likevel ikkje god nok rekkevidde da eg oppdaga min første ringtrast på veg ned frå Kattnakken. Fugleobjektivet 300mm hang difor rundt halsen neste dag, i håp om å få sjå den att. Håpet vart innfridd, og eg fekk observert ikkje mindre enn tre ringtrastar. Den eine var nok ein unge. 

På turane møtte eg òg tre ravnar, bl.a. ein unge som konstant skrikande etter mat følgde etter ein vaksen. Den landa ikkje så langt vekke ved eitt høve, diverre med ryggen til. Elles er det mange løvsangarar og heipiplerker i fjellheimen. Eit par av den siste sorten var så greie å posere i fin portrettavstand. Det måtte sjølvsagt forevigast. 

Det er ei stund sidan eg har tatt ut på ein rein landskapsfototur. Med drivande tåkeskyar på fjellet, så vekte det litt av landskapsfotografen i meg, bl.a. med fjernsynsmasta på Kattnakken som forsvann ut og inn av tåka. 

Eg har fleire andre gode ladestasjonar for kroppsbatteriet. Med tida vil det bli litt og litt lettare å gå opp Fossabrekko, så det gjeld å halde stødig ladekurs med kamerasekk, friluft, båt og havørn. Det ser eg fram til. 

Alle foto nedanfor med Olympus OM-1, varierande med 12-100mm f/4 Pro og 300mm f/4 Pro.

Liten foss i Fossabrekko. Tatt med Olympus sitt innebygde ND-filter. Handhaldt, 1/25s, f/7,1.

Fosseutsnitt. Innebygd ND-filter. Handhaldt 1/20s, f/6,3.

To ravnar i tjukk tåke på toppen av Fossabrekko.

Ravnunge i landingsmodus.

Tåkeskyane baud til svart-kvit landskapsfotodans med svingom rundt fjernsynsmasta på Kattnakken.

Kattnakken, men ingen katt å sjå.

Heipiplerke med mat til ungane.

Heipiplerkeunge (trur eg) som skreik etter mat.

Ringtrasten på dag to. Den har ein distinkt lyd som eg reagerte på dagen før. Kjekt å finne den att dagen etterpå.

Ringtrastparet i lag. Ein tredje, kanskje ein unge, svinga innom utan at eg fekk den godt nok på fotobrikka.

Petroleumsskipet Johan Castberg ruver i Klosterfjorden, der den etter to år hos Aker Solutions på Stord er ute til testing i nokre veker før ferda går nordover. Stort fartøy, like lang som tre fotballbanar. Hidle til venstre.

Forrige
Forrige

Bli kjent tur til det nye havørnparet

Neste
Neste

Gyda og Tor har to ungar i reiret