Bli kjent tur til det nye havørnparet

Det nyoppdaga havørnparet fekk prioritet i siste del av juni. Tysdag 25. juni var det tid og vèr til ein føremiddagstur til Gyda og Tor, men der vi òg var innom Gunda og Otto. Det var litt meir vind og bølgjer enn det vèrmeldinga la opp til. Det vart difor litt gyngete i fotoøkta med Gyda og Tor. Likevel vart det brukbare fotoopptak denne gongen og. 

Hos Gunda og Otto var det berre Gunda som viste seg. Ho klarte å bomme på det første opptaket. Otto var nok ute på ein føremiddagstur, så han får vi satse på kjem med neste gong. Det ser elles ut til at hekkinga hos dei går bra. 

Alle foto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro. Klikk på bilde for å fylle skjermen.

Gyda like før klørne treff palen i sjøen.

Vellukka opptak for Gyda.

Luftakrobaten Gyda med ny innflyging. Ser ganske så kaotisk ut, men har full kontroll.

Gyda siktar mot furutoppen i påvente av meir fisk.

Tor i siste innflyingsfase.

Godt fiskeopptak for Tor.

Tor har ete hovudet og ein del av palen før han tar resten med til ungane i reiret.

Skitetrèet til Tor. Legg merke til dei kvite felta rundt om på trèet.

Gunda som nett har bomma på fiskeopptaket.

Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.

Forrige
Forrige

Havørner i sommarkveldslys

Neste
Neste

Når batteriet går tomt